Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Nytt medlem rykker rett opp som VIP medlem i Norsk Skottbenk Union
Verktøysmeden Jon Dahlmo har lang fartstid med smiing av høvelstål til bruk på skottbenk. No har han også laga seg sin eige skottbenk, okshøvel, skottokse og golvplogar. Sjølvsagt har han smidd stål til høvlane sine sjølv. Skottbenken er kopi av den eine skottbenken i samlinga til Helgeland museum. Foto: Roald Renmælmo
Jon Dahlmo driv Verktøysmia i Drevja i Vefsn kommune på Helgeland. Han har spesialisert seg på å smi og levere handverktøy til forskjellig slags trearbeid og har fartstid på meir enn 25 år i denne verksemda. Han har vore med på å fremje bruken av skottbenk sidan han smidde dei fyrste høvelståla til golvplogar til meg for 14 år sidan. Eg har skrive om arbeidet med å finne fram til verktøy og arbeidsmåtar for høvling av golvbord i artikkelen Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken. Han har også biddrege til fleire seminar i smiing av høvelstål og høvelmaking for smedar tidlegare. Han har såleis laga seg ein del høvlar av ulike slag tidlegare. I samband med kurs i bygging av skottbenk i Mosjøen i oktober var Jon ein sentral person i å leite fram gamle skottbenkar og høvler. Han var også med på kurset og fekk byrja på sin eige skottbenk. Denne er no ferdig og kunne brukast på seminar i verktøymaking i Trondheim i førre veke. Frå tidlegare har smedane Odd Inge Holmberget og Torgeir Henriksen på Nidarosdomens restaureringsarbeider laga sin eige skottbenk. Jon er derfor ikkje den fyrste smeden som har laga eigen skottbenk. Derimot har Jon gjort ein stor og viktig innsats for å utvikle og produsere høvelstål til golvplogar slik at fleire kan få laga seg slike høvlar. Det gjer at han blir vårt fyrste VIP medlem. 🙂
I bakgrunnen er min fyrste golvplog med stål frå Jon Dahlmo. Denne er kring 14 år gamal og har vore mykje brukt. I framkant ligg det nye stålet som Jon har smidd i haust. Det består av tre smale stål som vert lagt saman og klemt fast med settskruvar på sida av høvelstokken. Desse ståla fungerer på tilsvarande måte som ståla som Mattias Helje har smidd til golvplogane som eg har skrive mykje om her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo
Her er dei to nye golvplogane som Jon Dahlmo har snikra seg. Han har sjølv smidd ståla og laga beslaga med settskruvar som held ståla på plass. Høvlane og ståla er laga etter dei originale høvlane til høgre på biletet. Foto: Roald Renmælmo
Den eine av golvplogane til Jon Dahlmo. Foto: Roald Renmælmo
Jon Dahlmo og golvplogane. Foto: Roald Renmælmo
Jon hadde smidd 5 sett med høvelstål og beslag til seminar i verktøymaking for snikkarar 2 -5. desember på Sverresborg i Trondheim. Her er Jon til venstre og Einar Strand til høgre. Einar held på å lage seg eit sett med golvplogar til seg sjølv slik at han kan bruke skottbenken sin meir. Foto: Roald Renmælmo
Einar siktar etter sålen på høvelen som han held på å lage. Jon Dahlmo står ved sidan av sine nye golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Jon har også gjort ein stor innsats for å leite fram gamle høvlar av ulike slag frå Drevjaområdet. Eg reknar med at det vil kome fram mykje spennande frå dette området i tida som kjem. Dei nye ståla Jon har smidd til golvplogar gjer det lettare å lage sine eigne golvplogar. På kurset i Trondheim 2-5. desember fekk både Peter Brennvik, Einar Strand og Ole Jørgen Schreiner laga seg sine eigne sett med golvplogar med utgangspunkt i ståla frå Jon Dahlmo.
Dette er ein av golvplogane Jon Dahlmo har funne i Drevja. Denne har eit fast stål som høvlar fjør, men ikkje toppen av fjøra. Det som er spesielt med denne høvelen er justerbart land. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogen har to flatjarn som er felt gjennom høvelstokken under handtaka. I eine sida av desse er det bora eit hol som er gjenga opp. Desse høver for skruven som kjem opp frå undersida av det flyttbare landet. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogen sett frå undersida. Her ser ein skruvane som går gjennom landet. Med dette kan ein justere avstanden frå rettsida av bordet og til fjøra. Foto: Roald Renmælmo
Same golvplog sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo
Kravet for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union er å ha snikra sin eigen skottbenk og at dette vert publisert her på bloggen. Vi har også fått utvikla eit eige arbeidsforkle for bruk med skottbenken. For å få bruke dette krev vi at ein også må ha snikra sin eigen okshøvel og sin eiga skottokse. Jon Dahlmo har innfridd alle desse krava og har i tillegg smidd sine eigne stål til høvlane og utvikla og laga seg golvplogar. Dette bør vel kvalifisere til eit enda meir eksklusivt arbeidsforkle med logoen til Norsk Skottbenk Union? Kom gjerne med innspel på dette.
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
2 tankar på “Nytt medlem rykker rett opp som VIP medlem i Norsk Skottbenk Union”
2 tankar på “Nytt medlem rykker rett opp som VIP medlem i Norsk Skottbenk Union”