Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Verdas høgste skottbenk
I samlinga til Helgeland museum i Mosjøen er denne skottbenken (nærast i biletet) som er den høgste i verda. Arbeidshøgda er 35 norske tommar, 91,525 cm. I bakgrunnen står skottbenken som det er skrive om i ein tidlegare post. Foto: Roald Renmælmo
I samband med kurset i bygging av skottbenk i Mosjøen i regi av Helgeland museum kom det fram to gamle skottbenkar i samlinga. Den eine har eg skrive om i ein tidlegare post. Denne andre skottbenken er veldig lik i dei fleste mål og detaljar, men arbeidshøgda er den største vi har sett på nokon skottbenk tidlegare. Det plasserer denne skottbenken heilt på topp som verdas høgste skottbenk med ganske god margin. Arbeidshøgda er 35 norske tommar, 91,525 cm. Eg kjenner ikkje til registreringsopplysningar på denne benken heller, men reknar med at denne også kjem frå Vesfn kommune. Det på grunnlag av at den truleg har kome inn i samlinga til museet før den store konsolideringsprosessen. Då var det Vefsn museum som heldt til i Mosjøen og dei dekte denne kommunen.
Skottbenken har langbord som er 6 alen og 5″ lange. Foto: Roald Renmælmo
Også denne skottbenken har skråband på langs. Desse fungerer både som avstiving under høvling og som støtte under langborda. Foto: Roald Renmælmo
Føtene står på ei fotplate og den faste foten er ekstra støtta opp med ein kloss på eine foten og rotkne på den andre. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er forlenga med påspikra bitar. Det gir lengd på 24″ frå midt i foten i denne enden. Foto: Roald Renmælmo
I andre enden stikk langborda 16″ utom senter fot. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er 2″ x 5 ½» . Det eine har marg i og det andre har marg inn. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda er på heile 35″. Den eine foten er forsterka/reparert med ein klamp som er spikra på. Langborda er spikra til føtene. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda på 35″ norske tommar. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er 5 ½» x 2 ¼» – 2 ½» og har marg inn. Foto: Roald Renmælmo
Den lause foten står i ei sliss i fotplata. Her er det spikra på to kilar for justering av høgda på det lause langbordet. Fotplatene er 35″ x 3″ x 5 ½» og 38″ x 3″ x 4″. Foto: Roald Renmælmo
På den eine foten er det eit rotkne som er spikra fast i den faste foten og fotplata. På den andre foten er det ein trekloss. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane er festa på den måten at enden på skruven er firkanta konisk med størst bredde i enden og passar i eit tilsvarande hol i skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane i skottbenken har utvendig diameter på gjengane på 43 millimeter. Foto: Roald Renmælmo
Dei to skottbenkane i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen er så like at dei truleg er laga på same gard, eller på to nabogardar. Skruvane verkar å vere laga med same verktøy. Vi kan spekulere på om den fyrste benken viste seg å vere for høg til å vere behageleg å arbeide på? Så har dei laga ein ny skottbenk som har vore meir høveleg? I alle fall ser det ut som det har vore store problem med sidevegs stabilitet på skottbenken. Truleg er det ein konsekvens av den store høgda på benken? Dette er prøvd reparert med å sette på rotkne eller ein trekloss som stivar av benken. I alle fall er det artig å finne to såpass like benkar, men med så stor variasjon i arbeidshøgd.
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo