
Jon Dahlmo driv Verktøysmia i Drevja i Vefsn kommune på Helgeland. Han har spesialisert seg på å smi og levere handverktøy til forskjellig slags trearbeid og har fartstid på meir enn 25 år i denne verksemda. Han har vore med på å fremje bruken av skottbenk sidan han smidde dei fyrste høvelståla til golvplogar til meg for 14 år sidan. Eg har skrive om arbeidet med å finne fram til verktøy og arbeidsmåtar for høvling av golvbord i artikkelen Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken. Han har også biddrege til fleire seminar i smiing av høvelstål og høvelmaking for smedar tidlegare. Han har såleis laga seg ein del høvlar av ulike slag tidlegare. I samband med kurs i bygging av skottbenk i Mosjøen i oktober var Jon ein sentral person i å leite fram gamle skottbenkar og høvler. Han var også med på kurset og fekk byrja på sin eige skottbenk. Denne er no ferdig og kunne brukast på seminar i verktøymaking i Trondheim i førre veke. Frå tidlegare har smedane Odd Inge Holmberget og Torgeir Henriksen på Nidarosdomens restaureringsarbeider laga sin eige skottbenk. Jon er derfor ikkje den fyrste smeden som har laga eigen skottbenk. Derimot har Jon gjort ein stor og viktig innsats for å utvikle og produsere høvelstål til golvplogar slik at fleire kan få laga seg slike høvlar. Det gjer at han blir vårt fyrste VIP medlem. 🙂


Jon har også gjort ein stor innsats for å leite fram gamle høvlar av ulike slag frå Drevjaområdet. Eg reknar med at det vil kome fram mykje spennande frå dette området i tida som kjem. Dei nye ståla Jon har smidd til golvplogar gjer det lettare å lage sine eigne golvplogar. På kurset i Trondheim 2-5. desember fekk både Peter Brennvik, Einar Strand og Ole Jørgen Schreiner laga seg sine eigne sett med golvplogar med utgangspunkt i ståla frå Jon Dahlmo.
Kravet for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union er å ha snikra sin eigen skottbenk og at dette vert publisert her på bloggen. Vi har også fått utvikla eit eige arbeidsforkle for bruk med skottbenken. For å få bruke dette krev vi at ein også må ha snikra sin eigen okshøvel og sin eiga skottokse. Jon Dahlmo har innfridd alle desse krava og har i tillegg smidd sine eigne stål til høvlane og utvikla og laga seg golvplogar. Dette bør vel kvalifisere til eit enda meir eksklusivt arbeidsforkle med logoen til Norsk Skottbenk Union? Kom gjerne med innspel på dette.