Strykebenkar i øvre Suldal

Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift. Og for tida er det Ådne Jordebrekk Fermann som er lærling hjå oss, på andre året. Han har fått i oppdrag å dokumentere ein strykebenk som vart meldt inn til museet. Det var eigaren som vart medviten om kva han hadde ståande etter å ha lese «Strykebenkjen», ein artikkel i 2015-årboka til Ryfylkemuseet, «Talande Ting». I denne samanhengen oppdaga Ådne at der stod ein heime på Tufteskog og. Den vidare teksten og foto er av Ådne, om ikkje anna er nemt.

Det er til nå funne 3 ulike skottbenkar i øvre Suldal, innanfor eit område kring 5 kilometer. Gardane Tufteskog, Roaldkvam og Nordmork har kvar sin.

Desse er ganske like i utsjånad. Dei er lagde av grovt materiale, der berre langborda er høvla. Det ein også ser er at det faste langbordet ikkje er felt inn i staven, men spikra inntil. Materialet som er brukt er furu, noko som var lett tilgjengeleg.

Tufteskog (Gnr 66, bnr 1)

Benken på Tufteskog er forholdsvis kort i samanlikning til både den i Nordmork og Roalkvam med ei lengde på berre 294,5 cm. Den har mest sannsynlig blitt brukt til å skyte 4 alen lange bord. Høgden på benken er 82 cm, noko som gir ei god arbeidshøgde, samtidig som du får nok tyngde over høvelen.

Langbordet er 2,5×21 cm. Sjølve foten er 630 lang, med ei høgd på 8cm og tjukna på 10 cm. Stavane har ei høgd på 81 cm, der stavane som langbordet er festa i er 5×9 cm, medan dei to andre er 9x9cm. Legg merke til at den eine staven er bladskøyta med foten, medan den andre er tappa nedi foten. Mellom stavane oppe er det eit mellomrom på 18cm. Tverroken er 2,5×10 cm, og er samanføyd inn i stavane ved hjelp av svalehale og spiker. Det er to på kvar side.

Legg merke til hòlet i kvar fot, kva kan det være brukt til?

Det lause langbordet og kilar var ikkje funne, men det vart funnen ein skottokse med hol etter meier som kan ha vore brukt på denne benken.

Ut i frå folketeljing i 1900 er det truleg Knut T. Tufteskog (f. 1859) som har brukt denne, utifrå at han var tømmermann av yrke.

Roaldkvam (Gnr 65, bnr 1)

Dei same likheitstrekka finn du i denne benken; bygd av grove materialar, det faste langbordet er spikra inntil staven og berre langborda er høvla.

Langbordet er på 390 cm, og har ei arbeidshøgde på 79 cm. Langbordet er i dimensjon 3×21 cm. Bredda mellom det faste, og det lause langbordet er 12 cm på det breiaste.

Staven har ei høgda på 79 cm og er 8×10 cm. Alle fire føtene er bladskøyta med foten. Foten er ca. 60 cm langt og er 5×10 cm. Tverroken er festa med svalehale på begge sider av staven.

Treverket som har vorte brukt i denne strykebenken er furu. Dette var det treverket det var mest av på garden, og det som dermed var mest brukt.

Verken kilar eller skotthøvel vart funnen på staden.

Nordmork (Gnr 69, bnr 1)

RFF2014-056-007
Frå Nordmark i øvre Suldal. Om lag 3 m lang og ei høgd på 78 cm. Foto: Ryfylkemuseet

Denne strykebenken er om lag 3m lang og har ein arbeidshøgde på 78 cm. Benken er av øksa materiale, noko som er ulikt i forhold til dei to andre i området. Den har også to knektar utanpå den eine staven som er noko usikkert kva det har tent til. Sjå og tidlegare bloggpost om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal.

Samanlikning

I og med at desse benkene er innanfor eit område på 5 km, så er det ikkje mykje forskjellar og finne, og dei forskjellane som er, er ganske små. Dei har nok hatt same oppfatning om korleis ein strykebenk skal sjå ut.

Alle desse tre benkane er så å seie heilt like i oppbygning. Det er lite å skilje desse på. Noko som er likt er blant anna:

  • Det faste langbordet er ikkje felt inni staven, men spikra inntil
  • Material dimensjonen er nokså lik.
  • Tverrokane er felt inni med svalehale, og spikra fast.
  • Grovt materiale

Men det finnast ulikheiter også:

  • Benken i Roaldkvam er ca 90 cm lenger enn desse andre
  • Benken i Nordmark har knektar utpå staven på eine sida
  • Benken i Nordmark er av øksa materiale, medan desse andre er skorne på sirkelsag.

Av Ådne Jordebrekk Fermann

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

Kommenter innlegget