Plogbenk frå Trysil er berga av våre lokale vener

Tor Magne Hemstad i Trysil er ein av våre mange lesarar av den viktige bloggen om skottbenken, rettbenken, strykebenken og plogbenken. Når han nyleg kom over ein gamal flott plogbenk i Trysil så skjøna han med ein gong kva han hadde funnet og fekk mobilisert nokre av sine vener og berga benken og fekk han frakta til Trysil bygdetun. Dette er såpass nyleg at benken enda ikkje har fått tilordna nokon fast plass i samling eller utstilling på museet. Det er likevel ein god start og veldig bra at bygdetunet får sin eige plogbenk.

Plogbenken på plass på Trysil bygdetun. Foto: Tor Magne Hemstad

Vi har tidlegare skive om ein benk i same område, frå garden Mortens i Varaholla, her på bloggen. I den samanhengen har vi funne fram til nokre kjelder som kan seie oss noko om lokal terminologi på benk og bruken av benken. To uavhengige kjelder nemner plogbenk som namnet på benken og då vel vi å nytte det også her på bloggen. Benken her har langbord som er 4,66 meter, eller kring 7 ½ alen. Dei to langborda er noko ulikt tjukke, det eine er 3 cm tjukt og det andre er 4 cm tjukt, men båe er 22 cm breie (8 ½»). Arbeidshøgda er 76 cm, eller 29 norske tommar. Det som er særleg interessant med denne benken er at dei to kilane til stramming verkar å vere originale. Vi har mange gamle benkar som er laga for å spenne fast borda ved hjelp av kilar, men for dei aller fleste manglar kilane. Her er heldigvis også kilane bevart. Ein ypperleg plogbenk som burde egne seg godt for å snikre ein kopi.

Plogbenken er av typen som har ein solid stokk på langs som feste for føtene som er grada inn i denne stokken. Det er tre føter og langborda vert spent fast med kilar. På det faste langbordet er det bora og saga ut hol for høvelstopp i enden, truleg for å kunne høvle borda på flasken. Foto: Tor Magne Hemstad

Det er flott at det dukkar opp fleire benkar i dette området og vi ventar at vi får sjå nybygde plogbenkar basert på denne, eller andre liknande frå desse traktene. Benkane har fellestrekk med benkar i Gudbrandsdalen, Valdres og også over grensa til Malung. Vi takkar så mykje for at Tor Magne og hans vener har gjort ein innsats for at denne flotte plogbenken skal bli teke vare på for framtida, og for at dei har tipsa oss om benken og sendt bilete og mål.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Kommenter innlegget