Plogbenk frå garden Mortens i Varaholla i Trysil

image0
Plogbenk på garden Mortens i Varaholla i Trysil. Foto: Hans Peder Nyhuus

Gjennom dei åra vi har vore aktive i Norsk Skottbenk Union, og leita fram ulike kjelder om skottbenkar, rettbenkar, plogbenkar, føybenkar og strykebenkar i inn og utland, har vi gong etter gong erfart at når vi byrjar å undersøkje i eit område som tilsynelatande er ein kvit flekk på skottbenkkartet, så dukkar det alltid opp spennande saker. Fram til for 4 dagar sidan kunne det verke som om Trysil var ein slik kvit flekk på kartet. Vi fekk tips av aspirerande medlem i Norsk Skottbenk Union, Sjur Åsgård om ei dagbok frå 1932 som hadde med litt om bruk av plogbenk i Drevdalen. Då vart det tydeleg at det fanns ein lokal tradisjon. Etter litt god hjelp frå Bianca Wessel så har det kome for dagen ein gamal original plogbenk i Trysil. Det er Hans Peder Nyhuus som har teke bilete av benken som er frå garden Mortens i Varaholla i Trysil. Varaholla er ei grend vest i Trysil og garden Mortens er saman med Olas og Petters ein del av det som var vestigarden. Sjur Åsgård vil prøve å få målt opp den aktuelle benken og kome tilbake med meir detaljert informasjon etterkvart. Her er dei opplysningane eg har så langt.

Benken er 5,5 meter lang. Benken har tre sett med føter som er grada ned i ein slags syllstokk. Benken blir stramma med kilar, ein for kvar strekkfisk som går gjennom føtene. Prinsippet med å ha føtene tappa ned i ein langsgåande stokk som vert festa til golvet/underlaget har vi vore borti tidlegare på benkane som er dokumentert på Skottbenk frå Vedum i Fåberg og Skottbenk frå Ulsrud  i Vestre Gausdal. Benken i Trysil finnast om lag 8 mil frå skottbenken vi har skrive om på Västagården i Lima.

Plogbenk i Trysil
Plogbenken er hengt opp og teke hand om på ein låve. Foto: Hans Peter Nyhuus

Ein anna lokal informant, Sven Pettersen, kan supplere med namnet langbenk på slike benkar. Han meiner det kan finnast fleire benkar i området. «I tillegg til not- og fjærhøvling ble de også brukt til spesialfalshøvling av båtbord, men også kanting, profil, renhøvling eller retthøvling av rot til topp bord. Bordene kunne vere håndkløyvde (urgammelt) eller fra sagstell eller oppgangssager. Ofte ble det brukt okshøvler, der to kunne holde i horna/håndtak på hver side av høvelen/langbenken. Var ganske effektivt! Skottbenk, ja, eller ble også kalt sk^ttubænk/langbenk i Trysil».

Ein bevart original benk er eit veldig godt utgangspunkt for nokon som vil snikre seg ein tradisjonell lokal plogbenk slik som Villa Wessel har vore inne på. Kanskje det også er aktuelt for Trysil bygdetun som ein del av Anno – museene i Hedmark å snikre seg ein eller fleire plogbenkar basert på denne flotte originale benken i Trysil. Eit eige plogbenkseminar kanskje? Uansett er vi veldig glade for å ha fått informasjon om denne lokale plogbenken i Trysil og takksam for at folket på Mortens i Varaholla har teke vare på denne kulturskatten slik at han framleis finnast. Mange er nok dei benkane som har fått ein ublid skjebne slik at dei ikkje lengre er blant oss?

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Plogbenk frå garden Mortens i Varaholla i Trysil”

  1. Spesielt artig at trysilskottbenken er brukt til båtbord. På trysilbåten skytes overkanten av hvert eneste bord snorrett på benken mens underkanten medras mot forrige bord ut fra hvor mye en ønsker å legge på i hver ende og på midten. Og da er det jo ikke noe bedre enn å bruke rettbenk til de lange borda. På en 6 meter lang fløterbåt trengs det vel en 6.5 meter lang skottbenk tenker jeg.

    Likt av 2 personar

    1. Ja det er veldig artig. Det stemmer også bra med den skottbenken som er dokumentert i Lima. Den har tilhørt ein av dei lokale båtbyggarane og har vore sett i samband med båtbygging. Eg kan ikkje nok om Trysilbåten og Limabåten til å vurdere eventuelt slektskap, men det er berre kring 7-8 mil mellom Varaholla og Lima.

      Likar

  2. Det er en svært tett forbindelse mellom de to båttypene strukturelt sett. Hver enkelt bordlenge går fra stevn til stevn, suene er sammenfestet med king (kramper), kjøl og stevner er sammensatt på omtrent samme måte og rømmingen er tilsvarende. De norske Trysilbåtene av i dag er noe drøyere og kraftigere da de er mer spesialisert opp mot fløting, mens Limabåtene er smekrere og nettere og jeg synes de er litt finere i skapet. Bruken av king istedenfor klinksaum går tilbake til jernalder i østersjøområdet, og det vestligste puniktet jeg kjenner til det er i Trysilbåten.

    Likar

Kommenter innlegget