Gudbrandsdalsosten, ostehøvelen og skottbenken – skottbenk på Solbrå gard i Sør-Fron

Kan ein bruke skottbenk og ostehøvel til å sikre at osten ikkje vert ujamnt nedhøvla? Det er ikkje utenkeleg, men vi har framleis ikkje prøvd. Det er ikkje tema for denne bloggposten, men derimot kan vi vise til at det er samband mellom skottbenken og den moderne Gudbrandsdalsosten.

For oss her i Noreg er brunosten kjend og har vore produsert og spist mange stader langt tilbake i tid, i alle fall dei siste 377 år. Den fyrste trykte norske ordboka kom ut i 1646 og var skriven av Christen Jenssøn og der har han med brunost, «møssebrøm», og forklarar korleis den er produsert. Også Petter Dass skriv om «møsse-brømme» i «Den norske Dale-vise» i 1683. Ole Evenstad (1739-1806) skriv om utførleg om produksjon og om bruken av brunost i sitt manuskript «Om Brug af Myse og dens Indkogning til Myssmør» som han forfatta i 1805. Ulike variantar av brunost har ei lang historie og har vore utbreidd i det meste av Noreg også langt tilbake i tid, denne variasjonen vert i noko grad vidareført av dei mange små produsentane i Noreg.

Den største produsenten, Tine, produserer den populære Gudbrandsdalsosten som vert seld i dei fleste butikkar i Noreg og som og vert eksportert til ei rekke land. Denne osten har si historie knytt til setra på Solbrå gard i Sør-Fron. Sommaren 1863 kom budeia Anne Hov på ideen med å tilsette fløyte til innkokt myse frå kumjølk og fekk då ein feit og god brunost som etterkvart har vorte kalla Gudbrandsdalsost. Det vanlege frå før i dette området var å lage brunost av geitemjølk, men Anne fekk til å lage den av kumjølk. Slik har Solbråsetra vorte ein del av vår nasjonale historie og som følgje av dette har Riksantikvaren freda nokre av husa som er bevart på setra.

Stabburet på Solbrå gard med det nyrestaurerte klokketårnet. Foto: Roald Renmælmo

Solbrå gard, som setra ligg under, har mange store og flotte bygningar som i seg sjølv er verdt å studere. Jan Stigen, handverkar og tidlegare student på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim, har arbeidd ein del med restaurering på garden og har mellom anna skrive litt om sitt arbeid med å restaurere eit klokketårn. Han har også skrive bacheloroppgåve om arbeidet med å snikre ny trapp til kårboligen på Solbrå. Under sitt arbeid på garden kom Jan over ein skottbenk som han tipsa oss om alt i 2018 og sendte inn bilete av. Det har teke ein del tid før vi kom oss på besøk for å studere skottbenken med eigne auge, men i fjor fekk vi til eit besøk der vi både fekk sjå skottbenken, den flotte nye trappa og alle dei flotte bygningane på garden.

Skottbenken på Solbrå stod oppe på låven og er godt teke vare på. Om ein ser bort frå noko råteskade i den eine foten så verkar benken å vere nokså intakt. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken på Solbrå er av ein type som vi finn ein del av i Nord-Østerdalen, men med enkelte element som er felles med andre benkar frå lengre sør i Gudbrandsdalen, Trysil og i Valdres. Utforming av bukkane, skruvane og langborda er likt med det vi finn i Nord-Østerdalen, medan det bordet som ligg mot bakken og bind saman mellom bukkane er slikt vi finn i andre område og der det i enkelte område er ein nokså grov stokk på langs i heile lengda. Eit døme på dette siste kan vere benken frå Ulsrud i Vestre Gausdal.

Skottbenken på Solbrå er ikkje nøyaktig oppmålt og dokumentert, men dette kan vere ei fin oppgåve for lokale skottbenkentusiastar i området, kanskje for kommande studentkull på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU når dei har sine fordypningsoppgåver i snikring 3. studieår? Uansett er det ein interessant skottbenk som er eit godt utgangspunkt for å snikre seg ein kopi i lokalt tradisjon.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Kommenter innlegget