Skottbenk på Tynset bygdemuseum

Anno Musea i Nord-Østerdalen har ansvar for mange flotte anlegg, og eitt av dei er museumsparken på Tynset. I Steenfjøset er det utstilt mange flotte gjenstandar knytt til landbruk og storleiken på dette lange og gedigne bygget gjer det enga for oppbevaring av store og lange gjenstandar. Her var det sjølvsagt også ein gamal skottbenk som eg fekk høve til å studere nærare. Foto: Roald Renmælmo

Vi har lenge kjent til at det i kommunane i Nord-Østerdalen har vore brukt mykje skottbenk og vi har også registrert ein del skottbenkar frå dei traktene før. På ein tur gjennom Østerdalen før jul fekk eg høve til å besøke Museumsparken på Tynset for å studere bygningar og gamalt verktøy. Det er Tynset museums- og historielag som er eigar av Tynset bygdemuseum og dei har overført ansvar for drifta av Museumsparken til Anno musea i Nord-Østerdalen. Museumshandverkar Torgeir Rennemo som var med og viste meg rundt hadde sjølvsagt fått med seg at eg er meir enn vanleg interessert i skottbenkar og losa meg inn i Steenfjøset, ein tømmerfjøs tømra av gedigne og lange stokkar. Innerst i fjøsen kunne han stolt vise meg ein komplett gamal skottbenk.

Skottbenken i fjøset i Museumsparken på Tynset. Foto: Roald Renmælmo

Museet har nyleg hatt ein gjennomgang av gjenstandar på bygdemuseet og skottbenken har vore gjennomgått i samband med det. Då vart det ikkje funne informasjon om når benken har kome inn til museet, eller kva gard den har kome frå. Det verkar å vere brukt klypt spikar som festemiddel på nokre av delane og det kan indikere på ei tidsmessig plassering av benken i siste halvdel av 1800-talet. Det er også mest sannsynleg at benken stammar frå ein av gardane på Tynset.

Langborda på benken er i dimensjon 2 ¼» x 8″ og 5,62 meter lange, litt knappe 9 alen. Benken har arbeidshøgd på 78 cm, eller litt knapt 30″. Bukkane er laga av dimensjon 2 ½» x 8″ og skruvane er ca. 2 ¼» i diameter. På bukkane er det spikra skråband for å stive av den faste foten. Elles er konstruksjonen nokså standard med langbord som er spikra fast i føtene og ein fast fot og ein laus som vert stramma til ved hjelp av skruven.

Det skal vere føter til ein skottbenk til på museet, men den fann vi ikkje under mitt besøk så den får vente til neste gong. Eg mistenker at det enda er mange fleire skottbenkar att å oppdage og registrere på Tynset og resten av Nord-Østerdalen. Vi har fått ei rekke tips som vi enda ikkje har fått følgd opp vidare enn så lenge. Lokale handverkarar i regionen har byrja å interessere seg for gamle skottbenkar og bruken av dei så vi kan vente oss meir frå desse traktene i åra som kjem.

Høvlar frå Nereng på Tynset, revidert

Etter eg posta om høvlane på Nereng fekk eg innspel på at det kunne vore ein fordel å ordne bileta av høvlar i ulike kategoriar. Det for å gjere det lettare å få oversikt over dei ulike gruppene av høvlar. Eg har då omorganisert bileta i kategoriar av høvlar ut frå funksjon. Ordninga kunne vore gjort på andre måtar, kom gjerne med innspel på det i så fall. Sidan posten er så grunnleggande omarbeidd vel eg å poste den på nytt i den reviderte forma med dagens dato.

Nereng er ein gard i Tynset kommune i Østerdalen i Hedmark. I samband med ein stor gardsauksjon 22-23. juni 2013 kom det fram ein skottbenk i oversikta av det som skulle seljast. Dette vekka mi interesse og eg fekk mobilisert representantar frå Norsk Skottbenk Union som sikra seg denne skottbenken. Bilete og oppmålingsteikningar av benken har vi tidlegare posta her på bloggen. Eg vart også merksam på at det var ein del verktøy som vart ropt opp på auksjonen og prøvde å sikre meg så mykje som mogleg av dette for å ha som referanse på verktøy frå Nord-Østerdalen.  Andre sikra seg ein del av verktøyet frå smia på garden. Skottbenken, snikkarverktøyet og utstyr frå smia kan til saman gi eit interessant bilete av handverket på garden.

Eg har så langt fotografert alle høvlane eg har fått tak i. Desse har eg presentert i eit billedgalleri lengre ned i posten. Det har ikkje dukka opp nokon skottokse mellom verktøya eg har fått tak i. Derimot er det med ein golvplog som tydeleg er meint for å brukast på skottbenk. Under har eg eit bilete av noko av verktøyet slik det stod i skåpet i snikkarverkstaden før auksjonen.

Eit av bileta frå auksjonen på Nereng. Skapet med snikkarverktøy ser veldig spennande ut for meg som er interessert i kva verktøy snikkarane hadde og brukte tidlegare. Foto: Ola Rye
Eit av bileta frå auksjonen på Nereng. Skapet med snikkarverktøy ser veldig spennande ut for meg som er interessert i kva verktøy snikkarane hadde og brukte tidlegare. Foto: Ola Rye

Dei fleste av høvlane er stempla med bokstavane PP.N. Eg tolkar det slik at N står for Nereng. I folketeljinga for Tynset i år 1900 er det Peder P. Nereng som er husfader på garden. Han er fødd i Tynset i år 1849 og er sonen til Peder Arnesen fødd 1805. Peder Arnesen står oppført i folketeljinga frå 1865 som gårdbruker og smed. Det skulle tyde på at han har smidd meir enn berre til eige behov. Mange av høvlane har stål som verkar å vere heimesmidde. Blant «rusk og rask» i smia var det nokre tremalar som såg ut som høvelstål. Truleg er desse laga av snikkaren som har laga seg høvel og levert til smeden som skal smi stålet nøyaktig etter malen. Det er ingen malar som høver nøyaktig til stål i høvlane frå garden. Kanskje er det malar frå andre snikkarar som har kjøpt stål frå smeden på Nereng?

Peder P. Nereng er også nemnt i folketeljinga frå 1865, då som 16 år gamal. Det står i feltet for yrke at han «hjælper Faderen med Gaardsbrg.» Han er altså med i arbeidet på garden. Kanskje har han så tidleg begynt å snikre og å lage seg høvlar? Garden hadde vore i familien i lang tid før dette så det var sikkert høvlar til husbruk på garden. For meg verkar det rimeleg at Peder P. Nereng har vore den mest aktive snikkaren på garden og at høvlane for det meste er laga og brukt av han. Han yrkesaktive karriere var starta så vidt i 1865 og han var i full drift i år 1900. I folketeljinga for 1910 står kona, Marit Olsdatter, oppført som enke. Sonen Peder Pedersen fødd 1883 har og forbokstavane PP og kan såleis også ha brukt same stempel. Eg kan ikkje utelukke at han også står bak nokre av høvlane.

Tremalar til høvelstål frå smia på Nereng. Dei 4 øvste er tremalar til høvelstål og dei to nedste er stål frå høvlane frå Nereng. Foto: Roald Renmælmo
Tremalar til høvelstål frå smia på Nereng. Dei 4 øvste er tremalar til høvelstål og dei to nedste er stål frå høvlane frå Nereng. Foto: Roald Renmælmo

Under følgjer eit billedgalleri med høvlane frå Nereng som eg fekk kjøpt på auksjonen. Det kan ha vore fleire høvlar på garden men dette er truleg mesteparten. Eg har berre skrive kort om kvar enkelt høvel. Ei fullstendig registrering av høvlane har eg ikkje tatt mål av meg til å gjennomføre. Likevel håpar eg at bilete og dei korte tekstane kan gi eit bilete av høvlane på ein gard på Tynset i andre halvdel av 1800-talet. Eg har ordna høvlane i kategoriar for å gjere det meir oversiktleg. Namna på kategoriane og ordninga kunne godt vore annleis enn det eg har gjort så her er det ikkje vasstette skott mellom dei ulike kategoriane.

Klikk på bileta for å sjå dei i gallerimodus og få fram billedtekstane. Bruk piltastane på tastaturet ditt for å bla fram og tilbake i galleriet.

Sletthøvlar

Sletthøvlane i samlinga består av ein langhøvel, to okshøvlar og ein pusshøvel. Eg ville venta at det var fleire sletthøvlar i ei slik samling. Ein skrubbhøvel har truleg vore med blant verktøyet ein gong i tida men kan ha hamna på vidvanke?

Falshøvlar

Eg har ordna høvlane under saman sidan dei alle høvlar ein slags fals. Felles er at dei har eit fast land og eit stål som høvlar heilt ut i kanten så høvelen kan arbeide seg ei flate som er lågare enn flata ved sida. Dei to fletthøvlane er så smale at dei ikkje er særleg egna til å høvle vanlege falsar. Dei er då å rekne som vanlege fletthøvlar som vert brukt til å rette kantar på bord som skal høvlast. Kittfalshøvelen er derimot å rekne som ein falshøvel. Gradhøvelen er ikkje eigentleg ein falshøvel men verkar på tilsvarande måte og lagar ein skrå fals med fast bredde. Det er altså berre den kittfalshøvelen som er ein eigentleg falshøvel.

Semshøvlar

Det er påfallande mange semshøvlar i samlinga. Særleg med tanke på at slike gjerne vert skadd av den harde bruken som dei kan bli utsett for. Den breiaste semshøvelen er på 45 mm, så breie er det ikkje så vanleg å finne.

Ploghøvlar

Mellom ploghøvlane er det nokre litt artige variantar som ein ikkje finn i alle slike verktøysamlingar. Den vanlege plogen med justerbart land og veldig smal tann er sjølvsagt med. I tillegg er det med ploghøvlar for golvbord og panel. Ploghøvlane er ei stor gruppe med høvlar.

Profilhøvlar

Blant profilhøvlane finn vi berre dei ganske vanlege staffhøvlane, ein karnisshøvel og hulkil. Alle desse har fast land og er berekna på å høvle profil langs ein rett kant.

Glashøvel

Glashøvelen er ein kombinasjon av ein profilhøvel og ein falshøvel. Den høvlar kittfals på eine sida og profil på andre sida. Han vert brukt til å høvle til ramtre og sprosser til vindauge. Her kunne ein argumentere for at han høyrar saman med kittfalshøvelen. Han liknar også på profilhøvlane og ploghøvlane og kunne gjerne inngått i desse kategoriane.

Samlinga av høvlar frå Nereng trur eg kan avspegle kva som var vanleg på ein gard i det området. Det er få høvlar som verkar veldig spesialiserte. Dei fleste kan knytast til snikring av vanleg innreiing og møblar i hus. Alle høvlane er laga av bjørk. Dei fleste høvlane har stål som ikkje har smedstempel og som truleg er smidd på garden. Det er tre høvlar med stål produsert i Sheffield. Ståla er stempla med Ward, Atkinson og William Ash som alle er vanlege å finne i norske høvlar. Dei er vanlege å finne i høvlar frå omtrent midten av 1800-talet og fram mot tidleg 1900-tal. Mi oppfatning er at alle høvlane er laga på garden, eitt unntak kan vere den eine okshøvelen med eit anna stempel som eg ikkje kan knyte til garden. Kom gjerne med innspel og spørsmål høvlane.

Skottbenk frå Nereng, Tynset

På garden Nereng på Tynset var det ein gardsauksjon denne sommaren. Mellom mykje forskjellig rart som låg i vognskjulet var det ein skottbenk. Heldigvis klarte eit av våre medlemmar, Kolbjørn Vegar Os, å få kjøpt skottbenken. Den viser seg å vere ein av svært få skottbenkar med kilestramming som faktisk har med nokre av kilane som høyrer til. Kolbjørn har laga ei oppmålingsteikning som har med dei mest sentrale måla på skottbenken. Legg merke til at Kolbjørn har teikna inn orienteringa av årringane på dei ulike emna. Dette kan vere relevant å få med sidan det kan verke inn på korleis emna oppfører seg.

Oversiktsteikning med måla på skottbenken frå Nereng. Måla er i norske alen, ein alen er 24 tommar (a 26,25 cm) og tilsvarar 62,8 cm. Teikning: Kolbjørn Vegar Os
Oversiktsteikning med måla på skottbenken frå Nereng. Måla er i norske alen, ein alen er 24 tommar (a 26,14 cm) og tilsvarar 62,75 cm. Kvarte alen er også ei vanleg eining i slike samanhengar. Også brøk av tommen er vanleg. Teikning: Kolbjørn Vegar Os

Snitt av den eine foten på skottbenken frå Nereng. Teikning: Kolbjørn Vegar Os
Snitt av den eine foten på skottbenken frå Nereng. Legg merke til at den bevegelege foten står i ei romsleg sliss og kan flyttast. Truelg har dei då brukt avstandsklossar mellom føtene nede for å få passe avstand til det som skal høvlast. Dei fleste måla her er i centimeter, nokre supplert med tommar. Teikning: Kolbjørn Vegar Os

Fot og kiler til skottbenken frå Nereng. Teikning: Kolbjørn Vegar Os
Fot og kiler til skottbenken frå Nereng. Her er dei fleste måla oppgjeve i centimeter. Teikning: Kolbjørn Vegar Os

Denne oppmålinga kan vere eit godt døme på korleis ein kan måle opp ein skottbenk. Supplert med nokre foto av detaljar så bør det gå fint å bygge ein tilsvarande skottbenk. Det er påfallande at måla på skottbenken går godt opp i norske tommar og alen. Det er nok desse måleeiningane som har vore brukt av dei som i si tid laga skottbenken. Det er som regel nyttig å bruke ein tommestokk med norske tommar når ein driv med oppmåling av eldre snikkararbeid. Tala som ein får frå målinga kan då framstå på ein måte som gjer at ein kan setje seg inn i kva snikkaren av skottbenken har tenkt.

Skottbenk frå Nereng, Tynset, foto

Skottbenk frå Nereng på Tynset
Skottbenken frå Nereng på Tynset. Foto: Ola Rye

Denne skottbenken dukka opp på ein auksjon i sommar og vart kjøpt av Kolbjørn Vegar Os som har gjort ei oppmåling av benken i ein eige post.

Skottbenken er ein av få som har bevart nokre av dei originale kilane. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er ein av få som har bevart nokre av dei originale kilane. Foto: Ola Rye