
Vi har lenge kjent til at det i kommunane i Nord-Østerdalen har vore brukt mykje skottbenk og vi har også registrert ein del skottbenkar frå dei traktene før. På ein tur gjennom Østerdalen før jul fekk eg høve til å besøke Museumsparken på Tynset for å studere bygningar og gamalt verktøy. Det er Tynset museums- og historielag som er eigar av Tynset bygdemuseum og dei har overført ansvar for drifta av Museumsparken til Anno musea i Nord-Østerdalen. Museumshandverkar Torgeir Rennemo som var med og viste meg rundt hadde sjølvsagt fått med seg at eg er meir enn vanleg interessert i skottbenkar og losa meg inn i Steenfjøset, ein tømmerfjøs tømra av gedigne og lange stokkar. Innerst i fjøsen kunne han stolt vise meg ein komplett gamal skottbenk.

Museet har nyleg hatt ein gjennomgang av gjenstandar på bygdemuseet og skottbenken har vore gjennomgått i samband med det. Då vart det ikkje funne informasjon om når benken har kome inn til museet, eller kva gard den har kome frå. Det verkar å vere brukt klypt spikar som festemiddel på nokre av delane og det kan indikere på ei tidsmessig plassering av benken i siste halvdel av 1800-talet. Det er også mest sannsynleg at benken stammar frå ein av gardane på Tynset.
Langborda på benken er i dimensjon 2 ¼» x 8″ og 5,62 meter lange, litt knappe 9 alen. Benken har arbeidshøgd på 78 cm, eller litt knapt 30″. Bukkane er laga av dimensjon 2 ½» x 8″ og skruvane er ca. 2 ¼» i diameter. På bukkane er det spikra skråband for å stive av den faste foten. Elles er konstruksjonen nokså standard med langbord som er spikra fast i føtene og ein fast fot og ein laus som vert stramma til ved hjelp av skruven.





Det skal vere føter til ein skottbenk til på museet, men den fann vi ikkje under mitt besøk så den får vente til neste gong. Eg mistenker at det enda er mange fleire skottbenkar att å oppdage og registrere på Tynset og resten av Nord-Østerdalen. Vi har fått ei rekke tips som vi enda ikkje har fått følgd opp vidare enn så lenge. Lokale handverkarar i regionen har byrja å interessere seg for gamle skottbenkar og bruken av dei så vi kan vente oss meir frå desse traktene i åra som kjem.
One thought on “Skottbenk på Tynset bygdemuseum”