Category Archives: Historiske kjelder

Kven konstruerte den første skottbenken?

For oss i Norsk Skottbenk Union er det eit spørsmål som stadig er oppe til drøfting. Enn så lenge har vi ikkje utvikla ein kronologi over skottbenkar. Datering av dei delane av skottbenken som er av furu ved hjelp av årringsdatering er mogleg, men har ikkje vore prioritert. Nokre av skottbenkane kan vi truleg knyte til spesielle arbeid som vi kan tidfeste? Det er døme på  tidlege skottbenkar i historiske kjelder.  Det vidgjetne universalgeniet Leonardo da Vinci (1452-1519) har teikna ei innretning som utan tvil er ein skottbenk. Det er den eldste skottbenken vi kjenner og er meir enn 500 år gamal. Benken har også ei sinnrik innretning for å regulere djubde, justering av dimensjonen på emnet. Merkeleg nok er det ikkje særleg godt kjent at Leonardo var med på og fremje utbreiinga av skottbenken. At det skal vere så spesielt å måle nokre oljemåleri og konstruere maskiner som kan fly, sett opp mot å konstruere ein skottbenk, kan vi ikkje skjøne? 😉

Skottbenken som Leonardo da Vinci utvikla og teikna.
Skottbenken som Leonardo da Vinci utvikla og teikna. Teikninga er henta frå Blogspot der det blir vist til høvlane til Leonardo i ein stor post om høvelhistorie på bloggen St. Thomas Guild. Dei har igjen henta teikninga frå Joseph Greber. (Greber, 1956)

Enn så lenge er dette det eldste dømet vi har funnet på skottbenkar. Benken til Leonardo verkar å vere svært avansert og han har nok tatt utgangspunkt i skottbenkar i samtida? Vi kan tenkje oss at denne skottbenken er eit resultat av ei utvikling over tid frå ein enklare skottbenk til dette som verkar ganske komplisert? I så fall er det rimeleg å sjå for seg at det har vore skottbenkar i bruk tidlegare enn den som Leonardo har teikna? Eller skal vi sjå for oss at det er Leonardo da Vinci som er sjølve opphavsmannen til skottbenken?

Er det nokon som kjenner til eldre døme på skottbenkar?

Kjelder:

Greber, Joseph, 1956, Die Geschichte des Hobels : von der Steinzeit bis zum Entstehen der Holzwerkzeugfabriken im frühen 19. Jahrhundert.

Strykebenk Hordaland

Ola Tveiten (1881-1967) skreiv ein interessant og innholdsrik artikkel om hus og bygningsskikkar i Hosanger. artikkelen står i «Norveg» 1953. Her er eit utdrag frå denne. «Når det skulle pløgjast, dvs. byggjast med pløgt tømmer, vart tømmeret tillaga før byggjearbeidet tok til. Å laga til var å høvla, kantstyka og pløgja tømmeret, og det var oftast gjort i strykebenk. Det var mykje snarare å byggja med tillaga tømmer enn med hyvebygging.

Strykebenken var to tømmerstokkar som var strokne (hevleskotne) så beine og i vinkel som ein fekk dei. Dei var stilte opp i krykkjer som var sers tillaga til dette, og dei måtte vera sterke og godt fråseggjorne. I desse krykkjene vart dei to strokne stokkane sette med den strokne kanten opp jamhøge, og så langt i mellom at det var rom for ein tømmerstokk, og så han kunne kilast godt fast.

Til å stryka med hadde dei ein sers strykhøvel, ein høvel på skap som ein okshøvel, men større og med eit land på kvar sida. Stokken som skulle strykast, vart kilt fast og vart høvla så langt ned at lannet på høvelen tok ned på dei faste stokkane på benken, Etter betre benken og høvelen var, etter betre vart stokkane strokne. Etterpå vart dei så pløgde med tømmerplog og både stryking og pløgjing var tomanns arbeid, eit tungt slitarbeid. Golv- og panelingsbord var og strokne i strykebenk når dei hadde han oppe. Dei sette i benken og strauk 2 eller 3 bord om gongen etter så tjukke dei var.»

Høvling på skottbenk ved Šuoššjavre i Finnmark først på 1900-talet

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bli stødigare å høvle bordet på flasken. Dette er det einaste biletet eg har kome over som viser bord som blir høvla på flasken på skottbenken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste.
Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge (1872-1940) var lensmann i Karasjok i åra 1900-1936  og tok ei mengd foto på sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.

Eg vil oppmode alle som har gamle bilete av skottbenkar om at dei gjerne postar dei på bloggen. Ta kontakt for informasjon om korleis det gjerast. Pass på at du har kontroll på kven som har rettane på bileta så vi ikkje får problem i ettertid.