
Vi er snart inne i eit nytt år og då kan det høve å sjå kva som har skjedd i året som har vore. På bloggen har vi hatt 37 000 visningar med den travlaste dagen med 1157 visninger. Dei fleste lesarane har vore norske, men USA og Sverige er like bak. Vi har hatt lesarar frå totalt 70 ulike land. Den mest populære posten har vore Høvelmaking, oppmerking. Vi har publisert 56 nye postar i året som gjekk. Mange av lesarane har vorte tipsa om bloggen frå andre bloggar rundt om i verda. Lost Art Press toppar lista av slike bloggar, Dennis Laney er på ein god andreplass, og systerbloggen Høvelbenk er ein god nummer 3. Vi har delteke på ei rekke arrangement i året som har gått. På Håndverksdagane på Røros hadde vi eit eige kurs i høvling og legging av golvbord. På Bygningsvernkongressen på Norsk Folkemuseum hadde vi ikkje berre vår eige sesjon men var og ein sentral del av opningsseremonien.
Det er framleis mykje som står ugjort når vi går inn i det nye året. Det er ei rekke skottbenkar og rettbenkar som vi veit om, men som ikkje er presentert på ein riktig måte på bloggen og såleis ikkje kvalifiserer for fullverdig medlemskap. For å vere heilt konkret så dreier det seg om 2 rettbenkar på Norsk Folkemuseum, 3 skottbenkar i Bergen, ein skottbenk på Maihaugen, 2 skottbenkar på Røros og nokre under produksjon på Røros, i Verdal m.m. I tillegg er det mange gamle skottbenkar rundt om i landet som vi har fått tips om, men som vi ikkje har fått registrert på ein god måte. Også ein skottbenk i Lima i Sverige er lokalisert. Rørosmuseet har to skottbenkar i samlinga si som skulle vore registrert og presentert på bloggen. Husasnotra i Valsøybotn har fleire skottbenkar som ikkje har vore presentert på bloggen. I tillegg er dei ei rekke skottbenkar som våre ivrige støttespelarar rundt om i landet har tipsa om og sendt meg bilete av. Eg presenterer eit utval av slike tips i billedgalleriet under. Dette som ei påminning til meg og andre om at det er mykje ugjort og at vi gjerne vil ha meir detaljerte foto og oppmålingar av alle desse benkane og presentere dette på bloggen for at vi alle kan få tilgang til dokumentasjonen.
Med ynskje om eit godt nytt år der skottbenken vert ein sentral medspelar.