For oss i Norsk Skottbenk Union er det eit spørsmål som stadig er oppe til drøfting. Enn så lenge har vi ikkje utvikla ein kronologi over skottbenkar. Datering av dei delane av skottbenken som er av furu ved hjelp av årringsdatering er mogleg, men har ikkje vore prioritert. Nokre av skottbenkane kan vi truleg knyte til spesielle arbeid som vi kan tidfeste? Det er døme på tidlege skottbenkar i historiske kjelder. Det vidgjetne universalgeniet Leonardo da Vinci (1452-1519) har teikna ei innretning som utan tvil er ein skottbenk. Det er den eldste skottbenken vi kjenner og er meir enn 500 år gamal. Benken har også ei sinnrik innretning for å regulere djubde, justering av dimensjonen på emnet. Merkeleg nok er det ikkje særleg godt kjent at Leonardo var med på og fremje utbreiinga av skottbenken. At det skal vere så spesielt å måle nokre oljemåleri og konstruere maskiner som kan fly, sett opp mot å konstruere ein skottbenk, kan vi ikkje skjøne? 😉

Enn så lenge er dette det eldste dømet vi har funnet på skottbenkar. Benken til Leonardo verkar å vere svært avansert og han har nok tatt utgangspunkt i skottbenkar i samtida? Vi kan tenkje oss at denne skottbenken er eit resultat av ei utvikling over tid frå ein enklare skottbenk til dette som verkar ganske komplisert? I så fall er det rimeleg å sjå for seg at det har vore skottbenkar i bruk tidlegare enn den som Leonardo har teikna? Eller skal vi sjå for oss at det er Leonardo da Vinci som er sjølve opphavsmannen til skottbenken?
Er det nokon som kjenner til eldre døme på skottbenkar?
Kjelder:
Greber, Joseph, 1956, Die Geschichte des Hobels : von der Steinzeit bis zum Entstehen der Holzwerkzeugfabriken im frühen 19. Jahrhundert.