Verdas eldste foto av skottbenk?

Bilde 01.10.2019, 13 39 42
Utsnitt av foto av garden Tollås i Fannefjorden. Ved å blåse opp storleiken kjem det fram mange interessante detaljar, mellom anna denne flotte skottbenken som ser ut som er i bruk.

I sommar hadde Romsdalsmuseet ei fotoutstilling frå glasnegativa si tid. Eit av fotoa som blei blåst opp i storleik var eit bilete av klyngetunet på Tollås i Fannefjorden frå før tunet blei flytta ut i 1860-70 åra. Biletet er truleg frå 1868 og frå ei tid då dei fyrste fotografane byrja å operere så sjansen er stor for at dette kan vere eitt av verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Glasplatene inneheld ein stor detaljrikdom og det ein kan sjå er at inne på  den avkledde stabburssvala står det ein skottbenk og den har nyleg vore i bruk då det høvelspon på golvet.

Bilde 01.10.2019, 13 39 26
Glasplatefoto av klyngetunet Tollås i Fannefjorden i Molde kommune. Det er i svalen på eine loftet på det tunet til venstre at vi ser skottbenken rigga opp for bruk. Fotografiet kan vere teke av fotograf Jacob Andreas Kirkhorn som var aktiv i Molde frå om lag 1866. Fotografiet er her avfotografert frå utstillinga til Romsdalsmuseet så skyggane og den vesle boksen til venstre i biletet er frå dette.

Etter dette fotografiet vart teke vart dette tunet flytta ut slik som var vanleg over det meste av landet på 1870-1880-talet. Om skottbenken framleis kan finnast på garden er så langt ikkje undersøkt, men det er mogleg? Skottbenken er tydeleg rigga for bruk og det er mogleg dei arbeider med å høvle nye bord til å kle svalen i huset den står i? Svalen har i alle fall spor etter nagla ståande kledning som er teke bort. Stativet som står midt på tunet lurer eg på om kan vere ei mara, stativ, for å tørke saga bord på? I så fall kan det vere eit større byggjeprosjekt dei er ferdig med, eller skal til med, og at skottbenken er rigga i samband med dette arbeidet? Det er ikkje bord å sjå på mara, så dette er noko usikkert.

Bilde 01.10.2019, 13 39 36
Utsnitt som viser svalen med skottbenken. Torvtaket ser ut til å vere nokså nytekt. 

Foto og noko av teksten er det Øyvind Vestad, student på Tradisjonelt bygghandverk, som står bak. Han er tilsett på Romsdalsmuset som handverkar og har då høve til å sjå denne flotte fotoutstillinga kvar dag.

Det finnast også eit bilete på digitalt museum av dette tunet og det er teke frå ein annan vinkel. Garden Tollås på Solemdalen. Biletet ser ut til å vere teke på same tid då både skottbenken og mykje av det som ligg på tunet der ser ut som å stå på same måte. Fotoet på digitalt museum har oppgjeve at fotografen er ukjent, men det er vel nokså sannsynleg at det er same fotograf på desse to fotografia?

Er det andre som kjenner til eldre foto av skottbenkar? Kan vi gå ut frå at dette fotografiet som truleg er frå siste del av 1860-talet er verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Eg er særs takksam for alle innspel på dette.

Skottbenk på Jutulheimen bygdamuseum i Vågå

Det strøymer på med tips om skottbenkar frå ulike stader i landet. Det er så vidt vi klarar å ta unna alle tipsa. I april 2015 skreiv eg om skottbenkar i Oppland ut frå svarmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Då hadde eg ikkje tilgang til bilete av gamle benkar frå fylket, men brukte eit bilete frå Maihaugens årbok som viste demonstrasjon av skottbenk i Vågå  i 1987. Då hadde eg ikkje meir informasjon om denne benken og etterlyste om nokon hadde tips i så måte. For nokre veker sidan fekk vi inn tips på bloggen frå Tore Nysæter som arbeider med registrering av gjenstandar i Gudbrandsdalsmusea. Han hadde kome over ein skottbenk i eitt av husa på Jutulheimen bygdamuseum. Ut frå bileta han sendte er eg viss på at det er snakk om same skottbenken som på biletet i Maihaugens årbok.

Vi har ikkje fått tak i meir informasjon om skottbenken. Denne kan vere eit bra utgangspunkt for snikkarar i området som vil snikre sin eige skottbenk. Då har det vore fint å fått tatt nokre mål av originalen og kanskje få tak i litt historie kring den. Vi kan vel rekne med at dette var benken som vart brukt til demonstrasjon i Vågå i 1987 ut frå det som står i boka. Eg takkar Tore Nysæter for tips om skottbenk i Vågå. Eg reknar med at det dukkar opp fleire benkar i området når ein fyrst har kome i gang å undersøkje.

Fogbänk på Gotland i Sverige

Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en "fogbänk". Gotland Burs 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står M. Klintberg fot.
Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en «fogbänk». Gotland Burs, 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står «M. Klintberg fot».

I vår søken etter skottbenkar i Sverige kjem vi stadig over nye opplysningar som tyder på at det har eksistert ein del slike benkar. Fotografiet over dukka opp i samlinga av fotografi som Finn Werne og Peter Sjømar samla inn i samband med boka «Böndernas bygge» som kom ut i 1993. Fotografiet var ikkje trykt i boka men finnast i materialet som var samla inn og som finnast på Institusjons- og hantverksbiblioteket til Göteborgs Universitet i Mariestad. Det er tydeleg at fotografiet er arrangert for fotografen. Her manglar stablar med material og høvelspon om dette skulle vore ein arbeidsplass der ein høvla bord på benken. Bordet er også spent fast med for stor overhøgde til at høvelen kan verke slik han skal. Likevel har nok både fotomodellane og fotografen kjennskap til både benken og høvlane. På marka ligg det ein høvel som tydeleg er ein skottokse med meiar. Dei andre høvlane er nok ploghøvlar til not og fjør. Høvelen dei brukar på kanten av bordet ser ut som ein vanleg okshøvel. Fogbänken er av liknande type som ei rekke av dei norske skottbenkane. Det ser ut som begge langborda er faste og at ein strammar med å kile i spenntappen. Då er truleg den eine foten laus eller rom for å kunne spennast opp?

Om vi skal ta påskrifta M. Klintberg på alvor så kan det dreie seg om folkeminneforskaren og fotografen Mathis Klintberg (1847-1932). Årstalet 1908 på fotografiet kan stemme godt.  Han vart filosofie doktor i Uppsala i 1886 og arbeidde mykje med innsamling på Gotland. Det kan finnast meir informasjon om biletet i arkivmaterialet etter han. Burs er ein stad på Gotland.

Elles har det dukka opp nokre språkspor. I Tysk – Svensk ordbok har eg kome over «fogbänk» som omsetjing av det tyske ordet «Fügebank«. Det tyske ordet kan bety det same som det norske «strykbenk» som er den lange høvelen bøkkarane brukar til å stryke stav. Altså er nemninga «fogbänk» tvetydig på svensk. Det er også tvetydig på tysk sidan det kan beskrive ein høvel med meiar til ein skottbenk. Tysk har også «fügebock» som svarar til svenske «fogbock».  På svensk har eg og funne ordet «fóg-gét», «en bänk, som användes vid foghyfling af bräder, fogbänk».

Kjelder:

Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993

Workbenches in the Danish Tradition

Det er ikkje mange døme på skottbenkar i utanlandsk litteratur eller på nettet. Bloggen til Lost Art Press har med ein post om ein dansk høvelbenk og i samband med det har dei også eit bilete av ein Fugbænk, altså den danske broren til skottbenken. På kommentarane på posten kjem det fram at det ikkje er lett å finne noko tilsvarande i den engelsktalande verda. Dei prøvar seg med ei omsetjing til «joint (ing) bench». Er det nokon som kjenner til eit engelsk ord som svarar til vårt «skottbenk»? For å sjå biletet av skottbenken må du klikke på overskrifta på posten slik at heile teksten og alle bileta kjem fram.

Lost Art Press

danish_workbench_1767
Joiner working at his bench (høvlebænk) 1767.

The above image was reprinted in a 4 volume set of Danish craft history books:
Håndværkets Kulturhistorie – Copenhagen 1982-1984.


The book titles in English are:
Vol. 1: Craft Coming to Denmark. The time before 1550.
By Grethe Jacobsen.
Vol. 2: Craft in Progress. The period from 1550 to 1700.
By Ole Degn and Inger Dübeck.
Vol. 3: The Craftsmanship and State Power. The period from 1700 to 1862.
By Vagn Dybdahl and Inger Dübeck.
Vol. 4: The Race with the Industry Period from 1862 to 1980.
By Henrik Fode, Jonas Miller and Bjarne Hastrup

The period source for this image has eluded me. All references point back to the reprint, which I don’t intend to purchase. If anybody owns this set of books, I’d like to know if the authors included background notes for this illustration.

While I was searching for the…

View original post 48 fleire ord

Skottbenken i «Vår gamle bondekultur»

I 1908 kom Kristofer Visted ut med boka » Vor gamle Bondekultur».  Boka kom ut i ei tid då det var viktig for Noreg å bli trygg på sin kultur og sine tradisjonar. Boka presenterer norsk bondekultur i eit historisk perspektiv i stor bredde og i ei moderne form med rikelig bruk av illustrasjonar. Visted arbeidde med ei ny og oppdatert utgåve då han døydde i 1949. Hilmar Stigum tok over arbeidet og fullførte utgjevinga som kom ut i 1951. Stigum supplerte mellom anna med eit nytt kapittel, «Hjemmesysler, Håndverk, Bygdekunst». Her er det skrive om ulike handverk og skottbenken har fått sin  plass i bondekulturen, i alle fall i form av eit bilete. Likevel er det nok lagt mest vekt på bygdekunsten i kapitlet, treskjering og rosemåling  var nok vurdert som viktigare for bondekulturen enn skottbenken? Hilmar Stigum hadde stor interesse for handverk og verktøy. Han hadde sjølv opplæring som både skreddar og fotograf. Han bygde opp eit eige magasin med fokus på verktøy og jordbruksreiskapar på Norsk folkemuseum. 

Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes grulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka " Vår gamle bondekultur", Visted og Stigum, 951
Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes gulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka » Vår gamle bondekultur», Visted og Stigum, 1951

Skottbenken er truleg ein benk i samlinga til museet? Det verkar som om biletet er arrangert for bruk til illustrasjonen sidan det ikkje er spor etter høvelspon og eit eventuelt golvbord manglar. Det er ikkje heilt lett å sjå om benken har skruvar eller kilestramming. Bildeteksten er også litt mangelfull sidan det berre står at borda ble festa for høvling. Finessen med meiar på skottoksen for å sikre seg at golvborda får heilt rette kantar er ikkje forklart. Det ser heller ikkje ut som høvelen på biletet har slike meiar? Vi får sjå om vi får mobilisert lokale skottbenkentusiastar på Hadeland til å sjekke ut saken nærare?

Kjelder: 

Vår gamle bondekultur, Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Oslo, 1951

Skottbenken i Årbok for Namdalen

Det er ikkje måte på kor mange ulike årbøker som finnast rundt om i landet. Kvart år kjem det stadig påfyll av artiklar med eit lokalt tilsnitt om ulike tema. Heller ikkje skottbenken slepp unna slike årboksartiklar. I vår vesle redaksjon er det grenser for kva vi kan halde oversikt over når det gjeld årbøker frå heile Noreg, men nokre slike artiklar har vi fått med oss. Ein av desse artiklane har den slåande tittelen, Skottbenken, og er skrive av Arne Vennevik til Årbok for Namdalen 1981. Vi saksar frå teksten:

«Skottbenken var et redskap som en måtte ha for å høvle gulvbord og panel. Når tømringa var gjort, måtte gulv handhøvles, og det var et tungt og slitsomt arbeide. Tømmer ble hugget i bestemte lengder som passet til hvert rom. Bare rotstokker ble brukt. Saginga ble gjort på den måten at de saget hva stokken holdt. Det vil si at borda ble bredere mot rotenden. Dette var av praktiske grunner. For det første ble det mindre arbeide med høvling av not og fjær – og så når gulvet skulle legges måtet en til. En bredde på borda på 12-14 tommer var ikke uvanlig. Tykkelsen var 1 1/2 tomm, og det måtte til da det var meget langt mellom gulvåsene. Så var det høvlinga. Først ble det brukt en høvel med to toms høveltang. Det var «slettoksen». Disse høvlene hadde to handtak, for det var tung og arbeidskrevende. Det måtte være to mann om arbeidet.

Så var det å sette bordet i skottbenken for høvling av not og fjær. Det ble satt fast med kiler ca. 1 cm høyere enn plankene i skottbenken. Da ble det brukt en høvel med lister på begge sider så bordet ble høvlet bent. Det ble laget not på begge sider av bordet – likeså fjær. Gulvet ble lagt fra begge sider i rommet og så møttes de i døra under dørstokken. Siste bordet ble laget etter mål og drevet inn. 

Panelbord var det ens bredde på. På panel var den en «staff» (profil) i tillegg til not og fjær. Det var vanlig med 7-8 tommers bredde, og så ble det høvlet en «staff» på midten av bordet. Vekselpanel ble også høvlet i skottbenken.»

Skottbenken. Bilete skanna frå artikkelen til Arne Vennevik i Årbok for Namdalen 1981
Skottbenken. Bilete skanna frå artikkelen til Arne Vennevik i Årbok for Namdalen 1981

Skottbenken på biletet er ein type som vert stramma med kilar. Kilane er på plass på denne benken når biletet er tatt. Skildringa av framgangsmåten og verktøyet er ganske likt det vi kjenner frå andre stader i landet. Eit avvik er at slettoksen har 2 toms tann. Elles ville ein gjerne kalle det for ein gropokse eller skrubbokse. Skildringa av leggje-måten for golvborda minner om korleis det var vanleg å legge golv som skulle vere særleg tette slik som på stabbur og låvegolv (treskegolv). Om skildringa her gjeld stovehus er ikkje skrive i artikkelen. Slik sett kan det godt vere at leggje-måten gjeld for låvegolv og stabbur og at det var andre leggje-måtar på golv i stovehus?

Kjelde:

Vennevik, Arne, 1981, Skottbenken, artikkel i Årbok for Namdalen 1981.

Kven konstruerte den første skottbenken?

For oss i Norsk Skottbenk Union er det eit spørsmål som stadig er oppe til drøfting. Enn så lenge har vi ikkje utvikla ein kronologi over skottbenkar. Datering av dei delane av skottbenken som er av furu ved hjelp av årringsdatering er mogleg, men har ikkje vore prioritert. Nokre av skottbenkane kan vi truleg knyte til spesielle arbeid som vi kan tidfeste? Det er døme på  tidlege skottbenkar i historiske kjelder.  Det vidgjetne universalgeniet Leonardo da Vinci (1452-1519) har teikna ei innretning som utan tvil er ein skottbenk. Det er den eldste skottbenken vi kjenner og er meir enn 500 år gamal. Benken har også ei sinnrik innretning for å regulere djubde, justering av dimensjonen på emnet. Merkeleg nok er det ikkje særleg godt kjent at Leonardo var med på og fremje utbreiinga av skottbenken. At det skal vere så spesielt å måle nokre oljemåleri og konstruere maskiner som kan fly, sett opp mot å konstruere ein skottbenk, kan vi ikkje skjøne? 😉

Skottbenken som Leonardo da Vinci utvikla og teikna.
Skottbenken som Leonardo da Vinci utvikla og teikna. Teikninga er henta frå Blogspot der det blir vist til høvlane til Leonardo i ein stor post om høvelhistorie på bloggen St. Thomas Guild. Dei har igjen henta teikninga frå Joseph Greber. (Greber, 1956)

Enn så lenge er dette det eldste dømet vi har funnet på skottbenkar. Benken til Leonardo verkar å vere svært avansert og han har nok tatt utgangspunkt i skottbenkar i samtida? Vi kan tenkje oss at denne skottbenken er eit resultat av ei utvikling over tid frå ein enklare skottbenk til dette som verkar ganske komplisert? I så fall er det rimeleg å sjå for seg at det har vore skottbenkar i bruk tidlegare enn den som Leonardo har teikna? Eller skal vi sjå for oss at det er Leonardo da Vinci som er sjølve opphavsmannen til skottbenken?

Er det nokon som kjenner til eldre døme på skottbenkar?

Kjelder:

Greber, Joseph, 1956, Die Geschichte des Hobels : von der Steinzeit bis zum Entstehen der Holzwerkzeugfabriken im frühen 19. Jahrhundert.

Høvling på skottbenk ved Šuoššjavre i Finnmark først på 1900-talet

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bli stødigare å høvle bordet på flasken. Dette er det einaste biletet eg har kome over som viser bord som blir høvla på flasken på skottbenken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste.
Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge (1872-1940) var lensmann i Karasjok i åra 1900-1936  og tok ei mengd foto på sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.

Eg vil oppmode alle som har gamle bilete av skottbenkar om at dei gjerne postar dei på bloggen. Ta kontakt for informasjon om korleis det gjerast. Pass på at du har kontroll på kven som har rettane på bileta så vi ikkje får problem i ettertid.

%d bloggarar likar dette: