Opptak av nytt medlem, Øyvind Vestad på Romsdalsmuseet

Bilde 23.08.2016, 10 48 58

Beate Sande og søstera Solveig til gardsbruket Lømyra i Sandsbukta i Fræna med skottbenken som truleg er etter farfaren deira, Anders Sande (1841-1911) Foto: Øyvind Vestad

Det har gått litt tid utan aktivitet i form av nye bloggpostar her på bloggen. Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd saker på skottbenkfronten, det er berre vi som driv som har vore litt bakpå med posting. Når vi fyrst postar etter så lang tid så er det ekstra gledeleg at vi kan ynskje Øyvind Vestad velkommen som nytt medlem i Norsk Skottbenk Union. Vi har før posta på bloggen her om nokre av dei fine skottbenkane som Romsdalsmuseet i Molde har i si samling. Øyvind er handverkar på Romsdalsmuseet og samstundes student på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim. Som ein del av sin praksisplan i emnet tradisjonsfaglig utøving 2 har han fått med seg vårt medlem Peter Brennvik frå Vestnes som veileder ei veke for å snikre ein ny skottbenk til museet. Skottbenken er kopi av ein original skottbenk i samlinga til museet. Skottbenken har registreringsnummer R13756.34 og kjem frå Lømyra i Sandsbukta på Fræna. Under kjem tekst frå Øyvind og alle bileta i posten er frå han.

Bilde 09.12.2019, 11 42 45
Skottbenk  R13756.34 frå Fræna. Foto: Øyvind Vestad

For nokre år sidan blei Romsdalsmuseet invitert av Beate Sande og søstera Solveig til gardsbruket Lømyra i Sandsbukta i Fræna for å sjå på gardsredskap og verktøy, om det kunne vere noko av interesse for museumssamlingane.  Farfar til Beate og Solveig, Anders Sande 1841-1911 var snikkar med læretid i Kristiansund, løebyggar og rokkemakar. Faren Anton Sande 1884-1982 var snikkar, hjelpte faren med løebygging, og tok til med skipsbygging i fjæra heime etter læretid ved verft i Molde. Ein heil del av det Beate viste fram var av interesse, blant anna fleire høvlar. Me blei invitert inn på låven for å sjå der, og på treskargolvet innimellom og bak stod det noko som minte sterkt om fotar til ein skottbenk. Me spurte om det kunne vere til ein skottbenk, men skottbenk hadde dei aldri høyrt om. Det var skruar for stramming på fotane og rekspon for langbord i toppen, så då starta jakta etter langborda på låven. Og mellom stillasplankar og annan material i eine hjørnet dukka det to plankar med reksponfar. Fotane og langborda blei bore ut, montert og fotografert. Ein skottbenk steig fram frå gløymselen. Den blei tatt med til Romsdalsmuseet, fekk eit opphald i varmekammeret for å ta knekken på eventuell mott, før registrering og innlemming i magasinsamlinga. Det skal nemnast at museet frå før har tre skottbenkar i sine samlingar som står ute i museumshusa, så difor blei det bestemt at denne skal vere i klimastyrt magasin.

Skottbenken  frå Lømyra er 390cm lang, og 78 cm høg, tverrfoten 74 cm. Bukkane startar ein alen inn frå enden. Langborda er i 2×6’’, tverrfoten 175×90, den faste foten 155x85mm, bevegelig fot 160x 77mm. Den faste foten har skråstøtte ned til tverrfoten. Både bukkar og langbord er i furu. Strammeskru og mutter er i 3×3’’bjerk.

Hausten 2019 dukka det opp eit behov for ein skottbenk då det skal høvlast og profilerast kledning til eit av museumshusa. I staden for å ta i bruk ein av dei originale skottbenkane blei det bestemt å lage ein god brukskopi. Ikkje nødvendigvis fordi at dei gamle er dårlege men dei skal bevarast for ettertida som studieobjekt. Og ved å lage ein kopi prosessuelt får ein ei forståing av kor stor innsats som er lagt i skottbenken, og få auke kunnskapen om handverket.

Kopien blei laga i samarbeid med eit medlem i Norsk Skottbenk Union: Peter Westnes Brennvik. Peter er tradisjonshandverkar og legg vekt på det prosesuelle og det var viktig i dette prosjektet. Me tolka verktøyspor og metodar for kapping og fellingar og nytta handverktøy. All materialen til bukkane er lokal og naturtørka. Mens langborda er kjøpmaterial frå ein av byens trelastutsalg.

Arbeidet starta med å skjere ut dei seks emna til bukkane frå to breie firtomsplank. Til det blei det nytta rammesag. Emna blei retta med skrubbhøvel og sletthøvel, sidene blei vinkla og deretter blei det med ripmottet markert dimensjon og så å høvle til streket. I tverrfoten står dei to fotane. Den eine foten er fast nede med ein tapp i tapphol. Den andre foten har tapp ned i eit rektangulært glidehol. Hola blei hogne med tappjarn etter ein metode som fekk spona effektivt ut av holet. Etter tappinga blei avfasinga markert og høvla. Tverrfoten tynna ned mot endane, og det blei effektivt saga vekk med rammesaga, og høvla glatt. Fotane blei saga ned til ca halv tjukkelse oppe der langborda kjem, så blei det merkt opp for rekspon, ein slags svalehale for langborda. Det blei på ein elegant måte hogd ned og skore med eit skrått hoggjarn. Så var det å legg attåt langborda for merking av reksponfaret og skjære og hogge det ut.

Det blei ein del spekulering omkring det å gjenge opp skruane. For me ville nytte det gjengeverktøyet som etter all sansynlegheit var nytta til å lage skruane til den originale skottbenken.  Bjørkeemna i 3″x3″ blei dreia til i dreiebenken til dimensjon. Det blei å prøve seg litt fram på dimensjoneringa på naglen i forhold til gjengesnittet. Firkanten blei bevart i enden då den skal inn i ei firkanta tapping på den faste foten. Gjenginga på skrumutteren blei det au litt spekulering på, særleg på kor stort holet skulle vere. Men så las me opp att det som var skreve med blyant i sida på gjengesnittet, og der var der beskjed til oss: Styring 2 ⅛». Holet i mutteren er styring. Styring for gjengesnittet. Og når me bora opp med den dimensjonen og gjenga med gjengesnittet, trilla mutteren med letthet i rundt slik me ønska. Bjerka me nytta kunne godt ha vore meir tettvaksen, då ho var lett i vekt, og litt porøs. Den har nok hatt gode vekstvilkår i sydvendt lende. Dei originale mutterane var dreia, det frigjorde vi oss frå av dreiekunnskapsmessige årsakar, men beheldt dimensjoneringa, tok fasong frå ein mal frå verktøykista frå Lømyra og la inn same avfasinga som fotane.

Den faste foten fekk skråband ned til den tverrfoten. Langborda blei lagt i rekspona. Skruane montert i firkanten, mutterane skrudd på. Okshøvelen fekk seg påmontert meiar etter modell frå Lømyra, og det var klart for høvling!

Øyvind H. Vestad

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Opptak av nytt medlem, Øyvind Vestad på Romsdalsmuseet”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: