Verdas eldste foto av skottbenk?

Bilde 01.10.2019, 13 39 42
Utsnitt av foto av garden Tollås i Fannefjorden. Ved å blåse opp storleiken kjem det fram mange interessante detaljar, mellom anna denne flotte skottbenken som ser ut som er i bruk.

I sommar hadde Romsdalsmuseet ei fotoutstilling frå glasnegativa si tid. Eit av fotoa som blei blåst opp i storleik var eit bilete av klyngetunet på Tollås i Fannefjorden frå før tunet blei flytta ut i 1860-70 åra. Biletet er truleg frå 1868 og frå ei tid då dei fyrste fotografane byrja å operere så sjansen er stor for at dette kan vere eitt av verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Glasplatene inneheld ein stor detaljrikdom og det ein kan sjå er at inne på  den avkledde stabburssvala står det ein skottbenk og den har nyleg vore i bruk då det høvelspon på golvet.

Bilde 01.10.2019, 13 39 26
Glasplatefoto av klyngetunet Tollås i Fannefjorden i Molde kommune. Det er i svalen på eine loftet på det tunet til venstre at vi ser skottbenken rigga opp for bruk. Fotografiet kan vere teke av fotograf Jacob Andreas Kirkhorn som var aktiv i Molde frå om lag 1866. Fotografiet er her avfotografert frå utstillinga til Romsdalsmuseet så skyggane og den vesle boksen til venstre i biletet er frå dette.

Etter dette fotografiet vart teke vart dette tunet flytta ut slik som var vanleg over det meste av landet på 1870-1880-talet. Om skottbenken framleis kan finnast på garden er så langt ikkje undersøkt, men det er mogleg? Skottbenken er tydeleg rigga for bruk og det er mogleg dei arbeider med å høvle nye bord til å kle svalen i huset den står i? Svalen har i alle fall spor etter nagla ståande kledning som er teke bort. Stativet som står midt på tunet lurer eg på om kan vere ei mara, stativ, for å tørke saga bord på? I så fall kan det vere eit større byggjeprosjekt dei er ferdig med, eller skal til med, og at skottbenken er rigga i samband med dette arbeidet? Det er ikkje bord å sjå på mara, så dette er noko usikkert.

Bilde 01.10.2019, 13 39 36
Utsnitt som viser svalen med skottbenken. Torvtaket ser ut til å vere nokså nytekt. 

Foto og noko av teksten er det Øyvind Vestad, student på Tradisjonelt bygghandverk, som står bak. Han er tilsett på Romsdalsmuset som handverkar og har då høve til å sjå denne flotte fotoutstillinga kvar dag.

Det finnast også eit bilete på digitalt museum av dette tunet og det er teke frå ein annan vinkel. Garden Tollås på Solemdalen. Biletet ser ut til å vere teke på same tid då både skottbenken og mykje av det som ligg på tunet der ser ut som å stå på same måte. Fotoet på digitalt museum har oppgjeve at fotografen er ukjent, men det er vel nokså sannsynleg at det er same fotograf på desse to fotografia?

Er det andre som kjenner til eldre foto av skottbenkar? Kan vi gå ut frå at dette fotografiet som truleg er frå siste del av 1860-talet er verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Eg er særs takksam for alle innspel på dette.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

3 tankar på “Verdas eldste foto av skottbenk?”

  1. Hei Roald Interessant romjullesning, utrolig hva du greier å fiske fram av historie😊. God Jul til deg og dine. Mvh Arne-Jøran

    Sendt fra min iPad

    > 26. des. 2019 kl. 13:43 skrev Norsk Skottbenk Union : > > >

    Likar

  2. En virkelig spennende oppdagelse, dette får meg til å tenke på museum Nord på Melbu, på sent 80 tidlig 90 tallet ble det gjort et stort arbeid med å samle inn og avfotografere alle gamle bilder i Hadsel kommune, også en stor andel glassplater ble avfotografert, dette er nå samlet i et eget magasin på museet, her er det meste av billed materialet i Hadsel samlet og systematisert. Kanskje er det mulig å finne arbeidsstasjoner/ benker i dette materialet. Vet ikke om det er gjort tilgjengelig på nett.

    Likar

    1. Ja dette er ei spennande oppdaging. Det er mange aktuelle fotosamlingar rundt om i Noreg som potensielt kan ha bilete av skottbenkar. Det er eit veldig tidkrevjande arbeid å gå gjennom slike samlingar, spesielt om dei ikkje er søkbare og med bileta digitalisert på nett. Sjølv om dei er søkbare så er det sjeldan det er så detaljert beskrivelse av motiva på biletet at det er mogleg for oss å finne fram til skottbenkar ved hjelp av søking. Eg har gått gjennom ein del ulike fotosamlingar og har funne nokre døme på bilete av skottbenkar. Det mest interessante er nok biletet av eit arbeidslag i Karasjok:

      https://skottbenk.com/2013/10/07/hovling-pa-skottbenk-ved-suossjavre-i-finnmark-forst-pa-1900-talet-2/

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s