Skottbenk frå øya Sekken i Romsdalsfjorden

Bilde 07.01.2020, 09 23 28
Skottbenk frå øya Sekken i Romsdalsfjorden. Den står i dag på Veøya etter at den vart gjeve til Romsdalsmuseet tidleg på 2000-talet. Foto: Øyvind Vestad

Det kjem stadig meir skottbenkstoff frå Møre og Romsdal for tida, kanskje dei fleste andre fylka er for opptekne av å slå seg saman med kvarandre og at det kan vere ei årsak til at det er så lite oppdateringar frå resten av landet? Øyvind Vestad var i går på Veøya og nytta høvet til å bere ut skottbenken som museet har der for å fotografere den til bloggen og dele med oss som er interesserte i slikt. Foto og den vidare teksten er frå Øyvind som er handverkar på Romsdalsmuseet og student på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim.


Skottbenken kjem frå øya Sekken i Romsdalsfjorden, ikkje langt frå Veøya der Romsdalsmuseet har avdeling med prestegard og middelalderkyrkje. Skottbenken blei gjeven til museet tidleg på 2000-talet og er no lagra på låven der. Skottbenken er enkel i sin utførelese. Den er for stramming med kilar, men dei manglar i dag. Berre eine strekkfisken er bevart, den er i bjerk ellers er bukkar og langbord i furu. Høgda på benken er 79 cm, og lengda er 415cm. Langborda er spikra fast til bukkefotane som igjen er nagla er til tverrfotane nede. I eine enden på langborda er det saga ned hakk. I mellom langborda er det spikra på ein stopp så bord som blir sett inn i benken ikkje ramlar ned.

Verdas eldste foto av skottbenk?

Bilde 01.10.2019, 13 39 42
Utsnitt av foto av garden Tollås i Fannefjorden. Ved å blåse opp storleiken kjem det fram mange interessante detaljar, mellom anna denne flotte skottbenken som ser ut som er i bruk.

I sommar hadde Romsdalsmuseet ei fotoutstilling frå glasnegativa si tid. Eit av fotoa som blei blåst opp i storleik var eit bilete av klyngetunet på Tollås i Fannefjorden frå før tunet blei flytta ut i 1860-70 åra. Biletet er truleg frå 1868 og frå ei tid då dei fyrste fotografane byrja å operere så sjansen er stor for at dette kan vere eitt av verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Glasplatene inneheld ein stor detaljrikdom og det ein kan sjå er at inne på  den avkledde stabburssvala står det ein skottbenk og den har nyleg vore i bruk då det høvelspon på golvet.

Bilde 01.10.2019, 13 39 26
Glasplatefoto av klyngetunet Tollås i Fannefjorden i Molde kommune. Det er i svalen på eine loftet på det tunet til venstre at vi ser skottbenken rigga opp for bruk. Fotografiet kan vere teke av fotograf Jacob Andreas Kirkhorn som var aktiv i Molde frå om lag 1866. Fotografiet er her avfotografert frå utstillinga til Romsdalsmuseet så skyggane og den vesle boksen til venstre i biletet er frå dette.

Etter dette fotografiet vart teke vart dette tunet flytta ut slik som var vanleg over det meste av landet på 1870-1880-talet. Om skottbenken framleis kan finnast på garden er så langt ikkje undersøkt, men det er mogleg? Skottbenken er tydeleg rigga for bruk og det er mogleg dei arbeider med å høvle nye bord til å kle svalen i huset den står i? Svalen har i alle fall spor etter nagla ståande kledning som er teke bort. Stativet som står midt på tunet lurer eg på om kan vere ei mara, stativ, for å tørke saga bord på? I så fall kan det vere eit større byggjeprosjekt dei er ferdig med, eller skal til med, og at skottbenken er rigga i samband med dette arbeidet? Det er ikkje bord å sjå på mara, så dette er noko usikkert.

Bilde 01.10.2019, 13 39 36
Utsnitt som viser svalen med skottbenken. Torvtaket ser ut til å vere nokså nytekt. 

Foto og noko av teksten er det Øyvind Vestad, student på Tradisjonelt bygghandverk, som står bak. Han er tilsett på Romsdalsmuset som handverkar og har då høve til å sjå denne flotte fotoutstillinga kvar dag.

Det finnast også eit bilete på digitalt museum av dette tunet og det er teke frå ein annan vinkel. Garden Tollås på Solemdalen. Biletet ser ut til å vere teke på same tid då både skottbenken og mykje av det som ligg på tunet der ser ut som å stå på same måte. Fotoet på digitalt museum har oppgjeve at fotografen er ukjent, men det er vel nokså sannsynleg at det er same fotograf på desse to fotografia?

Er det andre som kjenner til eldre foto av skottbenkar? Kan vi gå ut frå at dette fotografiet som truleg er frå siste del av 1860-talet er verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Eg er særs takksam for alle innspel på dette.

Opptak av nytt medlem, Øyvind Vestad på Romsdalsmuseet

Bilde 23.08.2016, 10 48 58

Beate Sande og søstera Solveig til gardsbruket Lømyra i Sandsbukta i Fræna med skottbenken som truleg er etter farfaren deira, Anders Sande (1841-1911) Foto: Øyvind Vestad

Det har gått litt tid utan aktivitet i form av nye bloggpostar her på bloggen. Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd saker på skottbenkfronten, det er berre vi som driv som har vore litt bakpå med posting. Når vi fyrst postar etter så lang tid så er det ekstra gledeleg at vi kan ynskje Øyvind Vestad velkommen som nytt medlem i Norsk Skottbenk Union. Vi har før posta på bloggen her om nokre av dei fine skottbenkane som Romsdalsmuseet i Molde har i si samling. Øyvind er handverkar på Romsdalsmuseet og samstundes student på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim. Som ein del av sin praksisplan i emnet tradisjonsfaglig utøving 2 har han fått med seg vårt medlem Peter Brennvik frå Vestnes som veileder ei veke for å snikre ein ny skottbenk til museet. Skottbenken er kopi av ein original skottbenk i samlinga til museet. Skottbenken har registreringsnummer R13756.34 og kjem frå Lømyra i Sandsbukta på Fræna. Under kjem tekst frå Øyvind og alle bileta i posten er frå han.

Bilde 09.12.2019, 11 42 45
Skottbenk  R13756.34 frå Fræna. Foto: Øyvind Vestad

For nokre år sidan blei Romsdalsmuseet invitert av Beate Sande og søstera Solveig til gardsbruket Lømyra i Sandsbukta i Fræna for å sjå på gardsredskap og verktøy, om det kunne vere noko av interesse for museumssamlingane.  Farfar til Beate og Solveig, Anders Sande 1841-1911 var snikkar med læretid i Kristiansund, løebyggar og rokkemakar. Faren Anton Sande 1884-1982 var snikkar, hjelpte faren med løebygging, og tok til med skipsbygging i fjæra heime etter læretid ved verft i Molde. Ein heil del av det Beate viste fram var av interesse, blant anna fleire høvlar. Me blei invitert inn på låven for å sjå der, og på treskargolvet innimellom og bak stod det noko som minte sterkt om fotar til ein skottbenk. Me spurte om det kunne vere til ein skottbenk, men skottbenk hadde dei aldri høyrt om. Det var skruar for stramming på fotane og rekspon for langbord i toppen, så då starta jakta etter langborda på låven. Og mellom stillasplankar og annan material i eine hjørnet dukka det to plankar med reksponfar. Fotane og langborda blei bore ut, montert og fotografert. Ein skottbenk steig fram frå gløymselen. Den blei tatt med til Romsdalsmuseet, fekk eit opphald i varmekammeret for å ta knekken på eventuell mott, før registrering og innlemming i magasinsamlinga. Det skal nemnast at museet frå før har tre skottbenkar i sine samlingar som står ute i museumshusa, så difor blei det bestemt at denne skal vere i klimastyrt magasin.

Skottbenken  frå Lømyra er 390cm lang, og 78 cm høg, tverrfoten 74 cm. Bukkane startar ein alen inn frå enden. Langborda er i 2×6’’, tverrfoten 175×90, den faste foten 155x85mm, bevegelig fot 160x 77mm. Den faste foten har skråstøtte ned til tverrfoten. Både bukkar og langbord er i furu. Strammeskru og mutter er i 3×3’’bjerk.

Hausten 2019 dukka det opp eit behov for ein skottbenk då det skal høvlast og profilerast kledning til eit av museumshusa. I staden for å ta i bruk ein av dei originale skottbenkane blei det bestemt å lage ein god brukskopi. Ikkje nødvendigvis fordi at dei gamle er dårlege men dei skal bevarast for ettertida som studieobjekt. Og ved å lage ein kopi prosessuelt får ein ei forståing av kor stor innsats som er lagt i skottbenken, og få auke kunnskapen om handverket.

Kopien blei laga i samarbeid med eit medlem i Norsk Skottbenk Union: Peter Westnes Brennvik. Peter er tradisjonshandverkar og legg vekt på det prosesuelle og det var viktig i dette prosjektet. Me tolka verktøyspor og metodar for kapping og fellingar og nytta handverktøy. All materialen til bukkane er lokal og naturtørka. Mens langborda er kjøpmaterial frå ein av byens trelastutsalg.

Arbeidet starta med å skjere ut dei seks emna til bukkane frå to breie firtomsplank. Til det blei det nytta rammesag. Emna blei retta med skrubbhøvel og sletthøvel, sidene blei vinkla og deretter blei det med ripmottet markert dimensjon og så å høvle til streket. I tverrfoten står dei to fotane. Den eine foten er fast nede med ein tapp i tapphol. Den andre foten har tapp ned i eit rektangulært glidehol. Hola blei hogne med tappjarn etter ein metode som fekk spona effektivt ut av holet. Etter tappinga blei avfasinga markert og høvla. Tverrfoten tynna ned mot endane, og det blei effektivt saga vekk med rammesaga, og høvla glatt. Fotane blei saga ned til ca halv tjukkelse oppe der langborda kjem, så blei det merkt opp for rekspon, ein slags svalehale for langborda. Det blei på ein elegant måte hogd ned og skore med eit skrått hoggjarn. Så var det å legg attåt langborda for merking av reksponfaret og skjære og hogge det ut.

Det blei ein del spekulering omkring det å gjenge opp skruane. For me ville nytte det gjengeverktøyet som etter all sansynlegheit var nytta til å lage skruane til den originale skottbenken.  Bjørkeemna i 3″x3″ blei dreia til i dreiebenken til dimensjon. Det blei å prøve seg litt fram på dimensjoneringa på naglen i forhold til gjengesnittet. Firkanten blei bevart i enden då den skal inn i ei firkanta tapping på den faste foten. Gjenginga på skrumutteren blei det au litt spekulering på, særleg på kor stort holet skulle vere. Men så las me opp att det som var skreve med blyant i sida på gjengesnittet, og der var der beskjed til oss: Styring 2 ⅛». Holet i mutteren er styring. Styring for gjengesnittet. Og når me bora opp med den dimensjonen og gjenga med gjengesnittet, trilla mutteren med letthet i rundt slik me ønska. Bjerka me nytta kunne godt ha vore meir tettvaksen, då ho var lett i vekt, og litt porøs. Den har nok hatt gode vekstvilkår i sydvendt lende. Dei originale mutterane var dreia, det frigjorde vi oss frå av dreiekunnskapsmessige årsakar, men beheldt dimensjoneringa, tok fasong frå ein mal frå verktøykista frå Lømyra og la inn same avfasinga som fotane.

Den faste foten fekk skråband ned til den tverrfoten. Langborda blei lagt i rekspona. Skruane montert i firkanten, mutterane skrudd på. Okshøvelen fekk seg påmontert meiar etter modell frå Lømyra, og det var klart for høvling!

Øyvind H. Vestad

Golvplog med justerbar breidde på stålet

I haust var eg på Romsdalsmuseet og heldt kurs i høvelmaking for handverkarar i Møre og Romsdal. I samband med dette fann eg fleire skottbenkar som eg har skrive om her på bloggen. Eg har også skrive om nokre særmerkte små høvelbenkar som eg fekk høve til å undersøkje nærare når eg var i Molde og heldt kurs. I tillegg til dette var det mykje spennande verktøy i samlinga til Romsdalsmuseet.

Noko av høvelsamlinga til Romsdalsmuseet var samla i verkstaden i samband med kurs i høvelmaking. Her er samla mykje spennande. Foto: Roald Renmælmo
Noko av høvelsamlinga til Romsdalsmuseet var samla i verkstaden i samband med kurs i høvelmaking. Her er samla mykje spennande. Foto: Roald Renmælmo

I tillegg til desse høvlane er det ein god del verktøy som er plassert rundt i ulike bygg i friluftsmuseet. Mellom anna er det ei eige utstilling av arbeidsbenkar og verktøy i eit hus som har vore snikkarverkstad. Mellom verktøyet her var det ein ploghøvel med stillbart land og med stillbart stål slik at ein kan justere bredde på fjøra. Dimensjonane på høvelen kan høve med høvling av golvbord. Eg har ikkje forklaring på korfor ein skal kunne justere ein høvel til høvling av golvbord? Det kan vere at høvelen er tenkt til eit spesielt arbeid som krev at ein kan justere både land og bredde på fjøra?

Eg har sett fleire høvelstål av same type både andre stader i Møre og Romsdal og på Lofotmuseet i Kabelvåg. No har Peter Brennvik dokumentert fleire slike «golvplogar» i Møre og Romsdal og posta om desse på bloggen sin:

https://verktykista.wordpress.com/2015/04/04/golvplogar-med-flyttbart-land/

Om desse høvlane er til høvling av golvbord er usikkert? Det er også usikkert om dei er berekna på å brukast saman med skottbenken? Kom gjerne med innspel på dette til meg eller til Peter Brennvik.

 

Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar

Deltakarane på eit kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo
Deltakarane på ei samling i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo

Denne veka har for meg starta med seminar i listverkshøvling på Sverresborg i Trondheim. Sjølvsagt spelte skottbenkane ei sentral rolle i arbeidet vi gjorde der. Skottbenkane til Jarle Hugstmyr og Tor Aage Heiberg var i bruk saman med skottbenken til Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på NDR. I dag har vore fyste dagen på ei samling i høvelmaking og høvling på Romsdalsmuseet i Molde. Handverkarane på museet kunne fortelje at dei har ikkje mindre enn tre skottbenkar i samlinga si på museet. Det er truleg den største konsentrasjonen av skottbenkar på eitt og same museum? Nokon betre? Sven Hoftun har tidlegare skrive om benkane til Ryfylkemuseet og det er mogleg dei også har tre? Det kan drøftast om det er snakk om skottbenkar eller strykebenkar i så fall. Den eine skottbenken på Romsdalsmuseet var frå Austigard og vart teken ut og fotografert. Det er eit veldig fint eksemplar av sorten som vert stramma med kilar.

Skottbenken på bileta over har også ei historie utanom det vanlege for tilsvarande benkar i musea. Bjørn Austigard som har ei lang karriere bak seg på Romsdalsmuseet var den som fekk tak i benken og sytte for at han vart innlemma i samlinga på museet. Han hugsar sjølv at benken var i bruk kring 1953-54 i samband med byggjearbeid i heimbygda. Det var Johannes Austigard (1900 – 1976) og Halvdan Austigard (fødd 1908) som då høvla bord på skottbenken.

Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
%d bloggarar likar dette: