Skottbenken som reiskap i kriminalomsorga i Tolga

Det er lenge sidan vi har hatt oppdateringar her på bloggen, men det har dukka opp ein god del aktuelt stoff som vi vil presentere her fortløpande. Ikkje minst dukkar det stadig opp «nye» skottbenkar ulike stader i landet og vi har ikkje heilt klart å henge med å publisere dei på bloggen etterkvart som dei har kome oss for øre. I haust leia eg eit kurs i snikring av Høs-Knut portalar på Handverksdagane på Rørosmuseet. I samband med dette gjorde eg nokre befaringar for å studere aktuelle originale portalar som kunne tene som modell for kopiering. Turen gjekk til Dalsbygda i Os og til ulike område i Tolga. Frå før veit vi at det ikkje er langt mellom skottbenkane i desse traktene, og ganske riktig har det dukka opp 3 stk. som vi ikkje har presentert tidlegare.

Fyrst ut er skottbenken i Lensmannsarresten på Tolga. Arresten vart bygd som eit eige toetasjes hus i 1863 og har arrestlokalar i 1. etasje og ein snikkarverkstad i andre etasje. Det er i snikkarverkstaden skottbenken står i dag og den kan ha vore brukt i arbeidet som fangane gjorde medan dei sat fengsla. Det er sjølvsagt mogleg benken kan ha høyrt til på Lensmannsgarden som arresten er bygd på eigedomen til, men det er ikkje opplysningar om dette.

Skottbenken i Lensmannsarresten på Tolga. Benken er av ein type som er utbreidd i dette området og er særleg solid bygd av kraftige dimensjonar. Bukkane er helt saman av jarnboltar som er stramma med skruvro (mutter). Benken har eitt fast langbord og eit laust som vert spent fast med ein grov treskrue. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken minner mykje om to andre benkar som er registrert i kommuen, skottbenken på Utistu Åstrøen i Vingelsåsen og Skottbenken frå Nesset. Det er også mykje likt med skottbenkane frå Bredalslien og Volden i Os i nabokommunen. Det er også fleire skottbenkar i områda i Nord-Østeredalen som er av liknande modell som desse benkane, men dei framleis ikkje dokumentert her på bloggen.

Skottbenken har ein spesielt stødig fot som skil seg noko frå ein del av dei andre benkane av denne typen. Foto: Roald Renmælmo

Arresten med snikkarverkstaden ligg på garden Erlia som vart teke i bruk som lensmannsgard frå 1843 då lensmann John Skogstad kjøpte garden «Erlien Søndre» og utvikla garden til å bli med dei største gardane i bygda. Hovudhuset og andre hus på garden har både utvendige og innvendige snikkardetaljar som vi nokså sikkert kan seie er utført av meistersnikkaren Knut Larsen Høys (1799-1882) som må ha arbeidd på garden. Han kan også truleg ha stått og høvla på skottbenken som vi i dag kan sjå på snikkarloftet i arresten, det kan for så vidt vere han som har snikra den. Det er det ikkje sikre opplysningar om, men ein anna kjend lokal snikkar, Håkon Mikkelsen Moseng, var fengsla eit halvt år vinteren 1865 og arbeidde i snikkarverkstaden der han mellom anna skar ut nokre trefigurar som i dag er i bruk som dekorasjon på stabburet på garden. Snikkarverkstaden var brukt av fangar så tidleg som dette og det var også ei tid då Knut Larsen Høis kan ha vore i området og arbeidd. Han hadde andre arbeidsoppdrag i Tolga frå 1863 til 1869 og har truleg opphalde seg i trakten. I gjenstanssamlinga på snikkarloftet er det også bevart ein slettokse som har vore snikra og brukt av Knut Larsen og er merka med hans stempel.

I kriminalomsorga i dag er det eit viktig prinsipp at dei innsette skal få straffereaksjonar som er tillitsvekkjande og som motverkar straffbare handlingar. Det skal leggjast til rette for at lovbrytarar kan gjere ein eige innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt. I eldre tid var strafferekasjonane i hovudsak meint for å skremme andre frå å gjere tilsvaranda, gjerne i form av fysisk avstraffing i ulike former. Frå 1740-talet vart det etablert såkalla tukthus i dei større byane i Noreg der ein skulle halde straffedømde i fangenskap og la dei utføre forskjellig arbeid som kunne skape inntekter til drifta av tukthuset. Knytt til dei militære festningane var det tilsvarande ordning som vart kalla «slaveriet» og verka etter same måten som tukthusa. Kriminalloven av 1841 innførte eit nytt prinsipp under mottoet «straff og forbedring» der ein skulle ta arbeidsopplæring aktivt i bruk for å gjere dei kriminelle i stand til å klare seg betre i samfunnet etter at dei vart sett fri. Prinsippet vart teke med i fengselsloven som kom i 1857 og dette var nye og viktige tankar som truleg var utslagsgivande til at dei valde å byggje ein lensmannsarrest med snikkarverkstad i Tolga i 1863. Uansett vart resultatet at ein del av fangane har fått opplæring i snikring, og truleg også då bruk av skottbenk. Vi kan kanskje driste oss til å nytte nemninga rettbenk i samanhengen, at fangane vart leia inn på «den rette veg» gjennom bruk av rettbenken. 😉

Skottbenken i Lensmannsarresten er ikkje målt opp systematisk og teikna, det får bli ei framtidig oppgåve for dei som vil og kan. Vi har heller ikkje spora opp om det kan finnast meir opplysningar kring denne benken i lokale arkiv. Det er altså ein del att å gjere med denne benken og vi tek gjerne opp tråden igjen seinare.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Skottbenken som reiskap i kriminalomsorga i Tolga”

Kommenter innlegget