Skottbenk på Utistu Aastrøen i Vingelsåsen

Skottbenk på garden Utistu Aastrøen i Vingelsåsen i Tolga

Dette siste året har det ikkje vore særleg mykje reiseverksemd, men det har dukka opp «ukjende» skottbenkar på alle turane eg har vore på. I slutten av november 2020 var eg saman med Thor-Aage Heiberg ein tur til Tolga for å studere og registrere verktøy og slikt på Dølmotunet i Tolga. Nokre dagar tidlegare hadde eg vore på Tynset og registrert verktøy og ein gamal skottbenk på museet der og lagt ut bilete av benken på Instagram. Eg fekk snart tips om at det fanns fleire «uoppdaga» skottbenkar i regionen. Det var den lokale tømraren Tor Henrik Jordet som kunne opplyse at Øystein Aasen på garden Utistu Aastrøen i Vingelsåsen hadde ein skottbenk på garden. Vi heiv oss i bilen og kjørte til garden og rakk akkurat å flytte benken ut frå låven der den var lagra og ut i snøen for å ta nokre bilete og måle han opp.

Oppmålingsskisse av benken. Benken er 517 cm lang (8 ¼ alen) , arbeidshøgd er 78-80 cm og langborda er 7 ½» x 2 ½» og 7 ½» x 2 ¼».

Det er ikkje uvanleg å finne skottbenkar i Nord-Østerdalen, men det er fint å få sjå ein slik uvanleg fint laga skottbenk som denne på ein gard der det har vore fleire generasjonar med snikkarar. På nabogarden Åshaugen var det Høs-Knut, Knut Larsen Høis (1799-1882), var og arbeidde i to vintrar med innreing, vindauge og dører i 1854-1855. Der har eg ikkje funne skottbenk så langt, men det har truleg vore ein liknande skottbenk som denne i bruk der også på den tida. Skottbenken på Utistu Aastrøen har nokre klipte spikar til å feste ulike delar og det indikerer at han kan vere snikra kring siste del av 1800-talet.

Ein snikkar som har vore verksam på garden er Knut Estensen Aasen (1829-1878) og han snikra ein god del høvlar og stempla høvlane sine med bokstavane KESA. Høvlane hans har stor likskap med høvlane til Høs-Knut og det er mykje truleg at desse to har hatt kontakt, kanskje har dei også arbeidd saman. I folketeljinga for 1865 kan vi sjå at Soland Johnsen (1847-1892) arbeidde som dreng på garden hos Knut Estensen. Soland flytte seinare til Målselv og budde fyrst nokre år på Alapmoen, men etablerte seg seinare under garden Tillermoen. Bustadhuset etter han på Tillermoen kjøpte min oldefar Olav Renmælmo i 1913 og flytte det til Lyngstad der det i dag er i bruk som mitt eige bustadhus. Det er ikkje utenkeleg at Knut Estensen Aasen og Soland har arbeidd på denne skottbenken.

Skottbenken er ikkje ulik tidlegare registrerte skottbenkar i området, slik som den frå Bredalslien, skottbenken frå Nesset eller skottbenken til Per Volden i Os som var inspirasjonskjelda til «Jarlebenken», ein kombinert skottbenk og høvelbenk som vart utvikla av Jarle Hugstmyr for nokre år sidan og som har fått mange avleggarar.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Skottbenk på Utistu Aastrøen i Vingelsåsen”

Kommenter innlegget