Det gjekk rykte om ein skottbenk i Austefjorden. Peter Brennvik hadde fått eit tips av Anders Hunnes om ein benk. Skulle dette bli den første registrerte skottbenken på Sunnmøre?
Dei to bukkane til skottbenken. Foto: S.K.Holmin.
Den 26. november, 2016 for Kåre Løvoll og eg inn i Austefjorden og såg på to bukkar (Anders var også med). Eigaren meinte bukkane var brukt til å legge veggstokkar i for å ta ut mefar til tømring. Han hadde ikkje sett benken i bruk sjølv. Eigaren viste oss dei to bukkane. Han kjende ikkje til og hadde ikkje sett eller funne langbord som høyrde til benken.
Skottbenken
Bukkane er laga av furu, men delen som held saman dei to føtene er av bjørk. Delane har ikkje nøyaktig like mål. Det er litt variasjon på lenge bredde og tjukkleik på dei like delane. Dei er hogd til ut ifrå eit emne for å passe til bukken. Emna har ein del synleg vankant og er fasa på mange kantar.
Stavane står på ein 51-53 cm lang, ca. 12 cm høg og 15,5 cm brei fot. Denne er hogd til og det er hogd ein fas langs kanten på langsidene på oppsida. Den har margen i. Høgda på bukkane, altså lengde på stavane er 81-86 cm høge, ca 11-12 cm breie og 8-9 cm tjukke. Dei er altså ikkje kappa nøyaktig for å ha lik høgde. Det er marg i tre av stavane og ein har margen ut. Stavane står med avstand 7,5 cm på foten. Dei har tappar nede som går gjennom foten og er festa med ein rund trenagle som er 17-18 mm. Tappane på staven 8-9 cm lange (stavens tjukkleik) og 3 cm breie. Dei er runda på kantane. Så tapphola er truleg laga ved å borre to 3 cm store gjennomgåande hol og så hogd ut i mellom. Stavane er nøyaktig tilpassa flata oppå foten.
Stavane har tappar nede som er tappa ned i foten og festa med trenagler. Foto: S.K.Holmin.
For å halde stavane stødig saman er det eit tverrtre av rund bjørk som går gjennom eit tapphol i begge stavane. Tverrtreet er hogd ned til 4”x1” der det skal gjennom slissen. I enden som stikk ut er det laga eit hol og satt i ein trekile som gjer at staven ikkje kan pressast ut. På den eine bukken har tverrtreet fått ein sprekk i enden, så der er det forsterka med ein oppgangsaga bordbit som er tredd inn på og det er satt inn ein lang jernspiker/bolt som kile.
Bukken med tverrtre av bjørk. Dette går gjennom tapphol i føtene. Eit bord er tredd inn på enden og festa med ein jernspiker/bolt som kile, som forsterkning, sidan tverrtreet har sprukke. Foto: S.K.Holmin.
Det er hogd ut for langborda i øverste delen av staven. Her er det hogd ut 3,5 cm djupt og 4,5 cm ved står att på staven på 8 cm (mål frå ein stav). Frå botn av utfelling for langbord og opp til toppen av stavane er det 24,5 og 25 cm på eine bukken og 22 og 23 cm på den andre bukken. Så om ein har langbord på om lag 25-27 cm høgde (dei treng kanskje ikkje å ha vore paralelle?) kan ein høvle opp til 12” breie bord. Alt etter kor høg meien er på høvelen. Tverrtret som avgrensar kor breidt bord ein kan høvle, ligg om lag 3 cm lavare enn underkant av langbordet.
Føtene står med 7,5 cm mellomrom på foten. Oppe er det 14-15 cm mellomrom etter at det er tatt ut for langborda. Om langborda er 2” tjukke kan ein høvle i underkant av 2” bord i denne benken. Utan langborda får ein plass til ein dryg 5” stokk. Det var ikkje tydlege spor etter festing av langbord på bukkane.
Den andre bukken, der tverrtreet er festa med ein trekile. Vi ser også uthogginga for langborda øverst på stavane. Foto: S.K.Holmin.
På begge bukkane er det spikra på ein bordbit på tvers mellom stavane som går litt høgre enn tverrtreet. Det er skåre ut eit hakk i kvar av desse. Det er uklart kva nytte desse har hatt. Kanskje for å kunne bruke bukkane utan langborda og legge veggtømmer på høgkant i bukkane for å ta ut mefar? Det var ikkje synlege slitasjespor etter dette. Bordbitane er dessutan montert slik at ein kan ha på langborda også. På eine staven er det fora på litt med ei treflis i botn av utfellinga for langbordet for å kome i høgde med bordbiten? Det kan også vere at bordbitane fungerer som ei ekstra avstiving etter at bukkane har vorte slarkete. Bordbitane er oppgangsaga material og spikra med klippspiker.
Om nokon skal lage seg skottbenk på Sunnmøre kan denne vere ein fin modell. Det har truleg vore brukt kilar for å feste bordet i benken, sidan det ikkje er skruar på den. Det er sjeldan å finne originale løysingar på dette. Vi har funne få benkar med originale kilar. Så her må vi ha augene opne, kanskje det dukkar opp fleire skottbenker med langbord og kilar.
Tusen takk til Olav og Anders for triveleg møte.
Og takk til Peter som vidareformidla tipset, og Kåre som vart med.
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.
Sør – Trøndelag
Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord.
S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse.
Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.
Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?
Hedmark
Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.
Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer.
S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.
Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.
Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.
Møre og Romsdal
Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a.
N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.
J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.
Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.
Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.
Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.
Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.
Oppland
G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.
S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.
Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg.
Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.
A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.
Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk, og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.
Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?
I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.
Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.