Category Archives: Sigdal

Buskerud sterkare på kartet

Vi har gjennom arbeidet med kartlegging av skottbenkar i inn- og utland fått dekt mykje av landet, og med enkelte drypp også i andre land. Det er likevel nokre område som ikkje er så så godt dekt gjennom arbeidet med søk i Norsk Folkeminnesamling og med leiting etter gamle skottbenkar. Buskerud er eit fylke der vi ikkje fann noko særleg om skottbenk i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Det har heller ikkje kome fram registrerte skottbenkar som har blitt presentert på bloggen. Vi har medlemmar med nybygd skottbenk i Buskerud i Ivar Jørstad i Hurum. Vi har også hatt fleire ekspedisjonar på søk etter kva som måtte finnast av lokale skottbenkar i fylket. Det er ting som tyder på at slike er lokalisert og vil bli presentert på bloggen etterkvart. Det er noko vi ser fram til. Ikkje minst er slikt viktig for lokale handverkarar i Buskerud som då kan få tilgang på eit førebilete som er lokalt når dei skal snikre seg sin eige skottbenk. Sjølv om det ikkje var noko å finne i svarmaterialet på spørjelista om snikkarhandverket, så visar det seg at det i materialet om timbremannshandverket har sneke seg inn detaljerte skildringar av skottbenk, eller “skøttlangbenk”,  frå Sigdal i Buskerud. Det er Andreas Mørch som har skrive svaret, men han har truleg henta inn opplysningar frå lokale handverkarar i sitt område.

Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Andreas skriv:

“Ukshøvl´n har et tverrtre te handtak framma og bak, slekk at ein kan skuve å ein kan dra. Tverrtrea blir kalla hønna. Hondrag te å hondra takbord me, blir nytta ennå. Ukshøvelen kalla dei gjenne bare uksen. 

Skøttukshøvl´n va som ein vanli ukshøvl, men med to lann på. Lanna va spikra under sulen på høvel´n. Skøttukshøvl´n vart bare bruka i langbenken når døm skaut opp golvplank. Langbenken var laga tå to planker som sto på kant, i den eine planken va det tre hell fire treskruvar. Golvplanken vart smetta ned mellom plankane i benken og skruva fast. Den tia va det bare gjennomskørin plank me honkant på. Honkanten va tælt tå føre dom sette´n i benken. Døm sette gølvplanken så passe juft at lanna på høvl´n nådde nedpå plankane i benken nå golvplanken va ferdig. Då va´n rett.”

Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Den typen benk som Andreas har forklart og teikna kan minne om rettbenken frå Stigums magasin på Norsk Folkemuseum  som Terje Planke har presentert for oss tidlegare. Forklaringa og skissene til Andreas er svært detaljerte og får fram på ein god måte kva dei enkelte delane heiter og korleis benken verkar. Andreas skriv også om gølvhaka i svaret sitt. Han skriv følgjande:

“Hakar var de to slag tå, hellhaka – somme sier hellehaka (Eggedal: hallhaka) og gølvhaka. Hellhakan va te å slå fast stokken me nå´n tælte, te å dra på stokken me nå´n sku godt ne´åt etter møsjinga, og te å feste stokken mea´n medrog. Gølvhaken bruka ein når ikkje planken ville innåt. Nå´n slo gølvhaken sta lu´n, skuva´n planken innåt. Nå´n sku ha oppatt denna hakan, slo´n te´n på rompa, så spratt´n opp tor lu´n.”

Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Golvhakar er det ikkje så ofte ein finn rundt om i landet. Eg har frå før fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i sjølv. Denne typen har ikkje “rompe” som ein kan slå på for å få opp haken. Det kan vere at det dukkar opp fleire typar av golvhakar etterkvart som fleire byrjar å leite etter slike. Ta gjerne kontakt om du kjem over slikt.