Svarmaterialet frå spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling viser seg å vere ei god kjelde for å undersøkje utbreiing og bruk av skottbenken i Noreg. Det har kome fram gjennom dei 4 tidlegare postane som har presentert svarmaterialet, del 1, del 2, del 3 og del 4. Spørjelista vart sendt ut i 1934 og dei fleste svara kom nok inn same år sjølv om få av dei er datert. Målet med spørjelista var å få fram dei nemningane som var vanlege i snikkarhandverket på bygdene. I innleiinga til spørsmåla kan vi lese:
«Med handverk meiner me her i denne spursmålslista det yrket som snikkarane utover på bygdene driv eller dreiv. For kvar landslut var – og er enno mange stader – bygdesnikkaren sitt område bunde til ei mengd faste, nedervde former av bruksting og husbunad, snikring av fast inventar i stovene o.s.b. Det er nemningane åt dette handverket me vil ha fram, eit handverk som i mange måtar kann gripa over på bygningssnikkaren sitt umråde, men som ikkje har større å gjera med finare møbelsnikring, bysnikring. Sjølvsagt har no mange bysnikaruttrykk vunne inn på bygdene, og me vilde då gjerne ha greie på um det t. d. lever ei gamal nemning og ei nymotens side um side for same tingen, um den nye nemningi har trengt den gamle burt og i tilfelle når, kva namn som no kjennest innførde. Det var også bra um alle namn og nemningar kunde skrivast så likt uttalen på staden som mogeleg.» (Frå Nemndi til gransking av norsk nemningsbruk, 2. Snikkarhandverket, 1934)
Innleiinga går inn på at språket er i endring og at nemningar i snikkarhandverket på bygdene vert påverka av «bysnikring». Truleg meiner ein med «bysnikring» det formelle møbelsnikkarfaget der ein hadde formalisert utdanning og prøve i form av sveineprøve. Fleire av svara på spørjelista er også inne på at ein kunne sjå endringar i arbeidsmåte og nemningar på grunn av snikkarkursa som mange hadde delteke på. Snikkarkurs var det mange av rundt om i Noreg i fyrste halvdel av 1900-talet og ei viss einsretting av arbeidsmåtar og nemningsbruk i snikkarhandverket var nok eitt av resultata. I spørjelista spør ein spesielt etter om det finnast ei gamal nemning som har vorte trengt burt av ei «nymotens» og i tilfelle når?
Det er ikkje spurt etter alder og bakgrunn til dei som svarar på spørjelista. Ein del av dei som har svart skriv at dei ikkje kjenner snikkarhandverket godt nok og ein del er nok for unge til å kjenne dei eventuelle eldre nemningane. Det er likevel nokre av dei som svarar som skriv når dei er fødd/kor gamle dei er og at dei er snikkarar. Fleire av desse er fødde kring 1850 og har vore snikarar heile livet. Nokre av svara representerer altså inngåande kjennskap til snikkarhandverket og har solid rotfeste i den lokale handverkstradisjonen. På denne tida var det truleg eit fåtal av snikkarane på bygdene som hadde formalisert utdanning i faget. Det vanlege var nok å lære faget gjennom å arbeide saman med andre handverkarar med meir erfaring.
Geografisk fordeling
Vi kunne sjå for oss at det var stor variasjon frå bygdelag til bygdelag, både når det gjeld nemningar, og når det gjeld arbeidsmåtar. Særleg når ein tenkjer på topografien i Noreg og dei store avstandane. Det er meir enn 200 mil mellom nordlegaste og sørlegaste stad vi har svar frå i spørjelista. Å kartlegge ein slik variasjon er noko av det som var formålet med å sende ut spørjelista til alle delar av landet. Ein ville kartlegge regional utbreiing av nemningane og gjerne påvise ulike «kulturgrenser» mellom språklege fenomen.
Svara på spørjelista er ordna i mapper, ei for kvart fylke, slik det ligg i arkivet på Norsk Folkeminnesamling. Eg har også handsama svarmaterialet i høve til denne ordninga. Slik har eg også presentert sitata om skottbenken i dei fire bloggpostane som presentere heile råmaterialet. Del 1, Del 2, Del 3 og Del 4. Frå Oslo var det ingen svar. Frå Finnmark var det berre eitt og frå Vestfold var det berre to svar. Elles er fordelinga høveleg jamn med fylka Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane som alle har 15 eller fleire svar. Totalt for heile landet er det 168 svar på spørjelista.

Når eg så systematiserer svarmaterialet frå heile landet så er det slåande at heile 54 av 168 svar har med skottbenken. Det veldig nær ⅓ av svara! Av desse er det heile 52 som har med nemning på benken. To av svara forklarar ei innretning som eg tolkar som skottbenk utan at dei har namn på det. Når vi ser på fordelinga av svara som har med noko om skottbenken så er det slåande at Hordaland har få svar som har med noko om skottbenken. Finnmark, Akershus og Buskerud har ingen svar med skottbenk og er derfor ikkje med i oversikta under.

Når vi reknar prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken så har både Vestfold, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag over 50% av svara som har med skottbenken.

Vi må hugse på at det ikkje var spurt særleg etter skottbenken eller benkar med den funksjonen som skottbenken har. Heile spørsmålet om høvelbenken er gjeve att i den fyrste av dei fire postane som listar opp dei ulike svara. «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» og «Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» er dei to formuleringane som har framprovosert dei svara som har med skottbenken. Om det har vore spurt spesielt etter skottbenken trur eg svarprosenten har vore mykje høgre. Vi kan i alle fall slutte av svara at skottbenken var godt kjend og utbreidd over det meste av landet i 1934.
Dei ulike nemningane
Sjølv har eg fyrst vorte kjend med nemninga skottbenk og den skrivemåten. Bakgrunnen min i denne samanhengen har eg skrive litt om i artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Det var ikkje lenge etter vi starta bloggen til Norsk Skottbenk Union før det kom fram at det fans fleire nemningar på benken vår. Strykebenk og rettbenk er dei som har stor nok utbreiing til at vi har tatt dei med i overskrifta på bloggen. Kva kan vi då lese ut av svara om kor vanlege dei ulike nemningane er? Både nemninga skottbenk og nemninga strykebenk har mange variantar av skrivemåte. Det skuldast både at det i innleiinga til spørjelista er forklart at ein skal skrive nemningane så nær opp til uttalen som mogleg, og at nemninga skottbenk ikkje er vanleg å sjå i skrift. Truleg hadde ikkje nemninga vore på trykk nokon stad i 1934 då ein sende ut spørjelista?
I ordlista til Ivar Aasen frå 1873 har han ikkje med skotbenk eller skottbenk, men han har med «skothyvel» som er forklart slik: «Langhøvel, hvorpaa man kanter Fjele eller Staver; s. skjota» som svarar til det eg kjenner som «strykbenk», ein lang høvel som står på eit stativ med sålen opp. Eg har såleis ikkje klart å spore opp døme på skottbenk eller tilsvarande arbeidsbenk som har vore med i skrift før den er med i «Lappisk ordbok grunnet på dialektene i Polmak, Karasjok og Kautokeino», Konrad Nielsen, 1938. Då er skrivemåten i den norske forklaringa «skottbenk». Skottbenken var altså på trykk på samisk først. Det var altså ikkje ei etablert rettskriving for skottbenk på den tida spørjelista vart sendt ut. For å forenkle oversikta over dei ulike nemningane har eg sortert alle ulike skrivemåtar i normaliserte skrivemåtar som skottbenk, strykebenk, rettbenk og pløybenk.

Det er 31 stk som har svart skottbenk med ein eller annan variant av skrivemåten. Det er 10 som har svart strykebenk i ein versjon av skrivemåten. 3 har svart rettbenk. 2 har svart pløybenk, 2 har svart feibænk/føybænk. Dei andre svara, oksebenk, plankekrakk, tell-benk og kjerringa, er det berre eitt av kvar. Eg har ordna dette prosentvis i diagrammet under.

Skottbenk er utan tvil den vanlegaste nemninga og er med i 60% av svara som har med nemning. Ein kan sjølvsagt drøfte om rettskrivinga skal vere skottbenk, skotbenk eller skøttbenk sidan desse tre formene er vanlege alle tre. Strykebenk er også ei utbreidd nemning som er med i 19% av svara.
Dei vanlegaste nemningane fordelt fylkesvis
Dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, strykebenk og rettbenk, er så mange at vi kan sjå på korleis dei fordeler seg geografisk på fylkesnivå. Eg har sett opp tre diagram, eitt for kvar nemning, som viser den geografiske fordelinga.

Det er nokre mønster som vi kan sjå av dette. Nemninga rettbenk finnast både i Sør-Trøndelag og Hordaland. Strykebenk er i kystfylka frå Sogn og Fjordane og sørover, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Østfold. Feibenk finn vi i Vestfold og Østfold. Pløybenk finn vi berre i Hedmark, i kommunane Løten og Elverum. Skottbenk er ganske jamnt fordelt over heile landet men ikkje Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Vestfold og Østfold. Dette stemmer også bra med det som har kome fram i ulike postar her på bloggen tidlegare. Rettbenk har vi døme på frå Budal i Sør-Trøndelag som Terje Planke har skrive om. Strykebenk har vi fleire døme på frå Suldal i Rogaland som Sven Hoftun har skrive om. Svara på spørjelista stadfester eit mønster som vi alt har lagt merke til gjennom arbeidet vårt med kartlegging av skottbenkar og andre relevante kjelder som kan gi oss informasjon om skottbenken.
Alle svara eg har sitert i dei bloggpostane eg har skrive om svarmaterialet er merka med kategoriar for kommune. Om du ser i margen til høgre, øvst på sida på bloggen, så er det ei rute som er merka: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå rett inn på kommune, fylke eller land i geografisk ordning. Då får du fram alle bloggpostar som er merka med den aktuelle kategorien. Om du slår opp på Gran kommune i Oppland får du i dag opp 4 bloggpostar som har kjelder frå kommunen. Når du så les gjennom desse postane kan du kome ned på enda meir detaljert nivå, på den enkelte gard og enkelte handverkar. Eg håpar dette materialet vil bli nyttig for vidare kartlegging av skottbenkar rundt om i Noreg. Med denne gjennomgangen er det berre nemningane eg har tatt for meg. Tilsvarande gjennomgang av utforming av skottbenken og forklaringane av bruken kan og bli aktuelt seinare. Kom gjerne med forslag til vidare undersøkingar og systematisering av svarmaterialet.
2 tankar på “Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, gjennomgang og drøfting”