På min veg har eg ikkje støtt på golvbord med høvla not og laus fjør. Eg har stadig møtt på folk som har snakka om slike golvbord utan at dei har hatt noko konkret å vise til. Eg har derfor etterspurt konkrete døme på slike gamle golvbord. Etter mange år har det omsider dukka opp eit døme. Magnus Wammen, som er ein av frontfigurane i rettbenkligaen på Austlandet, har funne døme på golvbord med laus fjør på garden sin, Tuft i Sande i Vestfold. Garden ligg akkurat på fylkesgrensa mellom Buskerud og Vestfold.



Magnus har så langt berre studert golvet slik det ligg. Han har derfor ikkje fått undersøkt korleis høvlinga av nota kan vere gjort eller korleis fjøra er produsert. Dette siste er veldig interessant sidan høvling av så smekre materialar kan vere ei utfordring. Oppdeling av så små dimensjonar måtte nok gjerast med grindsag eller splitthøvel om dette var før sirkelsaga vart vanleg. Sirkelsaga gjorde det mogleg å sage så smekre dimensjonar på ein effektiv måte. Undersida av golvborda har spor etter oppgangssag eller rammesag. Dei kan likevel vere frå tida etter at sirkelsaga vart vanleg på 1860-talet.

