Skottbenk frå Os i Østerdalen

Skottbenken til Per Volden i Os i Østerdalen er ein klassisk modell med treskruve. Denne skottbenken var utgangspunktet for den vidareutvikla "Jarlebenken" som har fått ei viss utbreiing. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken til Per Volden i Os i Østerdalen er ein klassisk modell med treskruve. Denne skottbenken var utgangspunktet for den vidareutvikla «Jarlebenken» som har fått ei viss utbreiing. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken til Per Volden i Os i Østerdalen er godt kjent for oss i Norsk Skottbenk Union sidan denne har vore utgangspunkt for den såkalla «Jarlebenken» som ein del har snikra seg. «Jarlebenken» har i tillegg ein flat benk på sida for å høvle flask og liknande. Korleis ein har høvla flask på den gamle benken til Per Volden er ikkje kjent.

Skottbenken har skruvar for å spenne saman langborda. Skruvane i dag er fornya og har litt i underkant av 2″ diameter.  Fotstokken er 4″ x 13″ og 70 cm lang. Stavane varierer mellom 2 1/2″ – 3″ tjukne og 5″ – 5 1/2″ breidde. Dei er tappa gjennom fotstokken. Høgda på skottbenken er totalt 83 cm frå golvet til overkant langbord. Det faste langbordet er 45 x 308 mm. Det lause langbordet er 55 mm tjukt i overkant og 32 mm i underkant. Dette bordet er 170 mm bredt. Langborda er 4 meter lange. Dei to stavane blir halde saman av eit kraftig spennjarn som har eit stort hovud på eine sida og har skive og sliss for kile i andre enden. Alle delane utanom skruvane er av furu. Skruvane er av bjørk.

Spennjarnet som låser stavane på skottbenken.
Spennjarnet som låser stavane på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Langborda på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Langborda på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo