Strykehøvel til å høvle veggtømmer?

I artikkelen til Trond om strykebenk i Hordaland er det snakk om å høvle veggtømmer i strykebenken (skottbenken). Då er det skrive om ein strykehøvel (skottokse) som er forklart som ein stor okshøvel med land på kvar sida. For å høvle grove stokkar eller 2-3 bord på same tid så ligg det i korta at høvelen kan vere ganske stor. Slike store høvlar med lister (land eller meiar) for å brukast i skottbenk finnast på fleire museum. Frå Osterøy museum har eg eit døme på ein slik høvel som er kring 60 cm lang, kring 1 alen med andre ord. Museet har ei omfattande samling av verktøy som det er verdt å ta turen for å sjå.

Strykehøvelen på Osterøy museum i Hordaland har registreingsnummer OM 1392. Høvelen er kring 60 cm lang og kan høvle kring 5" bredde. Høvelstokken er ca 6" brei.
Strykehøvelen på Osterøy museum i Hordaland har registreingsnummer OM 1392. Høvelen er kring 60 cm lang og kan høvle kring 5″ bredde. Høvelstokken er ca 6″ brei. Foto: Roald Renmælmo
Strykehøvelen på Osterøy museum med målestokk på breidda. Høvelen har påsette lister som djubdestopp. Foto: Roald Renmælmo
Strykehøvelen på Osterøy museum med målestokk på breidda. Høvelen har påsette lister som djubdestopp. Foto: Roald Renmælmo

Dette er med dei største strykehøvlane (skottokse) eg kjenner til. Med denne kan ein skyte 3 stk 5/4″ bord samtidig i skottbenken. Elles kan ein stryke tømmer til kring 5″ tjukke tømmerveggar med høvelen. Til vanleg er ikkje skottoksar (strykehøvlar) lengre enn 12-14 tommar så det er eit særsyn at dei er så lange som denne. Når to mann legg seg på og dreg denne så vil den store massen til høvelen hjelpe på for å kome gjennom store kvistar og slikt.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Strykehøvel til å høvle veggtømmer?”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: