Strykebenk i suldalsmålet

Bilde

I boka «Suldalsmålet – Mållæra, ord og vendingar» av Sigurd Sandvik, Norsk Bokreidingslag 1991, står det:

Strykebenk m lang benk med tvo fjøler mot einannan til å kantstryka og pløya panel. «Me kjilte fast bor’e i strykebenkjen, å brokte òksen me» to meiar onda». 

Har ikkje funne noko særskilt navn på «òksen me» to meiar onda».

2 thoughts on “Strykebenk i suldalsmålet

  1. Strykebenk eller også strykbenk er eit ganske vanleg ord i fleire delar av landet, men det kan bety ulike ting. I Målselv er strykbenk ein lang høvel som bøkkarane brukar for å stryke tynnestav og botnstav. Ordet er brukt på same måten i Kristiansund i følgje boka om bøkkarhandverket. (Svendsen, 1994)

    Det er likevel ganske vanleg å også bruke ordet strykebenk om skottbenken. Eit døme på det finn vi i svara på spørjelista om snikkarhandverket i svaret frå Edvard Kageberg frå Sjernarøy. «Dei brukte strykebenk til å stryke av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast så sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.»

    I område der det har vore mykje bøkkararbeid, slik som i Målselv, er det ganske konsekvent å bruke ordet skottbenk for å skilje den frå strykbenken til stryking av stav. Elles kan det vere litt uklare grenser mellom orda skottbenk og strykebenk. Eg har skrive litt om bruken av strykbenk i bøkkarhandverket i Målselv, lenke til PDF finn du i oversikta over kjelder under.

    Kjelder:
    Sverre Johan Svendsen, Bøkkerhandverket i Kristiansund 1865-1940, 1994
    Ord og sed, spørjeliste om snikkarhandverket. første halvdel av 1930-talet.
    https://www.academia.edu/4411605/Bokkerarbeid_i_Malselv

    Likar

  2. Eg har undersøkt med nokre oppslagsverk om kva nemningar som er tatt med. Fyst frå ordboka til Løve Stokke, Hus og husbygging i Romsdalen, Romsdalsmuseet 1997. «Skotbenk, ein «benk» av to lange, rette plankar som ligg på kant, og som blir skrua saman ikring den fjøla (eller planken) som skal «skytast». Skotbenken svarar i funksjon mykje til høvelbenken, men blir brukt til særleg lange fjøler som ikkje får plass i høvelbenken. Ein brukar og skotbenken når ein skal pløya lange fjøler.»

    Ivar Aasen har ikkje med korkje orda skotbenk, skottbenk, strykbenk eller strykebenk. Derimot har han med ordet «Skothyvel, høvle, jevne kanten paa Fjele med langhøvel (skothyvel)». (Ivar Aaasen, Ordbog over det norske folkesprog, Christiania, 1850)

    Også i etymologisk ordbok er ordet skothøvel med. Her er det stava «skothøvl» men det er nok same ordet som Ivar Aasen skriv om. Derimot har dei fått med i ordforklaringa: «Skotbenk, indretning til at sammenfælde brædder». (Etymologisk ordbog over det norske og danske sprog, Hjalmar Falk og Alf Torp, Kristiania, 1906)

    Frå Gloppen har vi: «Skotbenk, benk der ein skyt saman, set saman bord til breiare bordflater». (Audun Fitje, Målføret i Gloppen, Sandane, 1995)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s