Etter posten til Thor Aage om dei nylaga høvlane hans, og særleg den kisteforma pusshøvelen, har vi hatt både kommentarar på bloggen, og e-postveksling om utbreiinga av slike høvlar i Noreg. Det viser seg at dette er emne som godt kan løftast opp til ein større gjennomgang. I utgangspunktet er mange av sletthøvlane i Noreg laga som okshøvel, gjerne for to mann. Då kan stålet og høvelstokken vere bredt utan at det byr på problem. Derimot blir det verre med dei vanlege sletthøvlane om dei er for breie bak til at ein kan halde på ein god måte. I England har ein løyst det problemet ved å forme høvelstokken som ein båt der den er breiast der stålet går gjennom solen og smalast bak. I posten til Thor Aage kommenterte eg at slik form på høvlane ikkje er uvanleg i Hardanger. Jarle Hugstmyr har vist til tilsvarande form på høvlar både i Telemark og Buskerud. Jarle kallar forma for «båtforma» og eg vel å bruke det omgrepet. På engelsk snakkar ein om «coffin Smoother Plane», direkte omsett blir det «kisteforma pusshøvel». På norsk vil ordet «kiste» ha eit anna innhald enn det engelske coffin så båtforma høvel er nok betre.






Dette er døme på høvlar med båtforma stokk. Det finnast sikkert fleire variantar av slike i andre område? Det er slåande at ståla er like under 2″ breie. Kanskje er det eit praktisk mål sidan høvelstokken elles vert for brei til å halde på ein god måte? Eller at høvelen blir for tung å bruke med breiare stål? Når det gjeld okshøvlar er dei som regel laga med utgangspunkt i eit stål som er 2 ¼» bredt eller meir. Dette er kanskje ein samanheng som vi kan sjå nærare på? Kom med innspel.