Verdas eldste foto av skottbenk?

Bilde 01.10.2019, 13 39 42
Utsnitt av foto av garden Tollås i Fannefjorden. Ved å blåse opp storleiken kjem det fram mange interessante detaljar, mellom anna denne flotte skottbenken som ser ut som er i bruk.

I sommar hadde Romsdalsmuseet ei fotoutstilling frå glasnegativa si tid. Eit av fotoa som blei blåst opp i storleik var eit bilete av klyngetunet på Tollås i Fannefjorden frå før tunet blei flytta ut i 1860-70 åra. Biletet er truleg frå 1868 og frå ei tid då dei fyrste fotografane byrja å operere så sjansen er stor for at dette kan vere eitt av verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Glasplatene inneheld ein stor detaljrikdom og det ein kan sjå er at inne på  den avkledde stabburssvala står det ein skottbenk og den har nyleg vore i bruk då det høvelspon på golvet.

Bilde 01.10.2019, 13 39 26
Glasplatefoto av klyngetunet Tollås i Fannefjorden i Molde kommune. Det er i svalen på eine loftet på det tunet til venstre at vi ser skottbenken rigga opp for bruk. Fotografiet kan vere teke av fotograf Jacob Andreas Kirkhorn som var aktiv i Molde frå om lag 1866. Fotografiet er her avfotografert frå utstillinga til Romsdalsmuseet så skyggane og den vesle boksen til venstre i biletet er frå dette.

Etter dette fotografiet vart teke vart dette tunet flytta ut slik som var vanleg over det meste av landet på 1870-1880-talet. Om skottbenken framleis kan finnast på garden er så langt ikkje undersøkt, men det er mogleg? Skottbenken er tydeleg rigga for bruk og det er mogleg dei arbeider med å høvle nye bord til å kle svalen i huset den står i? Svalen har i alle fall spor etter nagla ståande kledning som er teke bort. Stativet som står midt på tunet lurer eg på om kan vere ei mara, stativ, for å tørke saga bord på? I så fall kan det vere eit større byggjeprosjekt dei er ferdig med, eller skal til med, og at skottbenken er rigga i samband med dette arbeidet? Det er ikkje bord å sjå på mara, så dette er noko usikkert.

Bilde 01.10.2019, 13 39 36
Utsnitt som viser svalen med skottbenken. Torvtaket ser ut til å vere nokså nytekt. 

Foto og noko av teksten er det Øyvind Vestad, student på Tradisjonelt bygghandverk, som står bak. Han er tilsett på Romsdalsmuset som handverkar og har då høve til å sjå denne flotte fotoutstillinga kvar dag.

Det finnast også eit bilete på digitalt museum av dette tunet og det er teke frå ein annan vinkel. Garden Tollås på Solemdalen. Biletet ser ut til å vere teke på same tid då både skottbenken og mykje av det som ligg på tunet der ser ut som å stå på same måte. Fotoet på digitalt museum har oppgjeve at fotografen er ukjent, men det er vel nokså sannsynleg at det er same fotograf på desse to fotografia?

Er det andre som kjenner til eldre foto av skottbenkar? Kan vi gå ut frå at dette fotografiet som truleg er frå siste del av 1860-talet er verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Eg er særs takksam for alle innspel på dette.

Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar

Deltakarane på eit kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo
Deltakarane på ei samling i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo

Denne veka har for meg starta med seminar i listverkshøvling på Sverresborg i Trondheim. Sjølvsagt spelte skottbenkane ei sentral rolle i arbeidet vi gjorde der. Skottbenkane til Jarle Hugstmyr og Tor Aage Heiberg var i bruk saman med skottbenken til Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på NDR. I dag har vore fyste dagen på ei samling i høvelmaking og høvling på Romsdalsmuseet i Molde. Handverkarane på museet kunne fortelje at dei har ikkje mindre enn tre skottbenkar i samlinga si på museet. Det er truleg den største konsentrasjonen av skottbenkar på eitt og same museum? Nokon betre? Sven Hoftun har tidlegare skrive om benkane til Ryfylkemuseet og det er mogleg dei også har tre? Det kan drøftast om det er snakk om skottbenkar eller strykebenkar i så fall. Den eine skottbenken på Romsdalsmuseet var frå Austigard og vart teken ut og fotografert. Det er eit veldig fint eksemplar av sorten som vert stramma med kilar.

Skottbenken på bileta over har også ei historie utanom det vanlege for tilsvarande benkar i musea. Bjørn Austigard som har ei lang karriere bak seg på Romsdalsmuseet var den som fekk tak i benken og sytte for at han vart innlemma i samlinga på museet. Han hugsar sjølv at benken var i bruk kring 1953-54 i samband med byggjearbeid i heimbygda. Det var Johannes Austigard (1900 – 1976) og Halvdan Austigard (fødd 1908) som då høvla bord på skottbenken.

Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenk i Karasjok

På museet i Karasjok i Finnmark,  RDM-De Samiske Samlinger, er det både ein enkel byggearbeidsplass høvelbenk og ein gamal skottbenk. Skottbenken er av ein type som finnast mange stader rundt om i landet og som har fastspenning med kile.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken har i dag berre eit fast langbord men har spor etter at det har vore eit laust langbord tidlegare. Eg har ikkje funnet registreringsnummer på benken men det kan finnast opplysningar om kor benken har vore brukt? Så langt er dette den nordlegaste og austlegaste skottbenken vi i Norsk Skottbenk union har sett.

Spennborda på benken er festa med svalehale og spikar. Høgda frå desse og opp til langbordet er 23 cm. Med meiane på skottoksen så kan ein då truleg høvle bord som er maksimalt 24-25 cm breie.
Spennborda på benken er festa med svalehale og spikar. Høgda frå desse og opp til langbordet er 23 cm. Med meiane på skottoksen så kan ein då truleg høvle bord som er maksimalt 24-25 cm breie. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er tappa gjennom ein fotstokk som er 78 cm lang og drygt 2
Føtene er tappa gjennom ein fotstokk som er 78 cm lang og drygt 2″ x 6″. Foto: Roald Renmælmo

Alle materialane som er brukt til skottbenken ser ut til å vere handsaga. Langbordet er berre høvla på den sida som vender opp og som blir flata som meiane på skottoksen skal ta nedpå. Langbordet er også toppskore på høgda og smalnar frå 8″ i rotenden til 7″ i toppenden. Likevel er det omlag same høgde frå overkant av spennborda og opp til overkant langbord ved begge bukkane.

%d bloggarar likar dette: