Category Archives: største o.l.

Verdas høgste skottbenk

I samlinga til Helgeland museum i Mosjøen er denne skottbenken som er den høgste i verda. Arbeidshøgda er 35 norske tommar, 91,525 cm. Foto: Roald Renmælmo
I samlinga til Helgeland museum i Mosjøen er denne skottbenken (nærast i biletet) som er den høgste i verda. Arbeidshøgda er 35 norske tommar, 91,525 cm. I bakgrunnen står skottbenken som det er skrive om i ein tidlegare post. Foto: Roald Renmælmo

I samband med kurset i bygging av skottbenk i Mosjøen i regi av Helgeland museum kom det fram to gamle skottbenkar i samlinga. Den eine har eg skrive om i ein tidlegare post. Denne andre skottbenken er veldig lik i dei fleste mål og detaljar, men arbeidshøgda er den største vi har sett på nokon skottbenk tidlegare. Det plasserer denne skottbenken heilt på topp som verdas høgste skottbenk med ganske god margin. Arbeidshøgda er 35 norske tommar, 91,525 cm. Eg kjenner ikkje til registreringsopplysningar på denne benken heller, men reknar med at denne også kjem frå Vesfn kommune. Det på grunnlag av at den truleg har kome inn i samlinga til museet før den store konsolideringsprosessen. Då var det Vefsn museum som heldt til i Mosjøen og dei dekte denne kommunen.

Dei to skottbenkane i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen er så like at dei truleg er laga på same gard, eller på to nabogardar. Skruvane verkar å vere laga med same verktøy. Vi kan spekulere på om den fyrste benken viste seg å vere for høg til å vere behageleg å arbeide på? Så har dei laga ein ny skottbenk som har vore meir høveleg? I alle fall ser det ut som det har vore store problem med sidevegs stabilitet på skottbenken. Truleg er det ein konsekvens av den store høgda på benken? Dette er prøvd reparert med å sette på rotkne eller ein trekloss som stivar av benken. I alle fall er det artig å finne to såpass like benkar, men med så stor variasjon i arbeidshøgd.

 

Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar

Deltakarane på eit kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo
Deltakarane på ei samling i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo

Denne veka har for meg starta med seminar i listverkshøvling på Sverresborg i Trondheim. Sjølvsagt spelte skottbenkane ei sentral rolle i arbeidet vi gjorde der. Skottbenkane til Jarle Hugstmyr og Tor Aage Heiberg var i bruk saman med skottbenken til Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på NDR. I dag har vore fyste dagen på ei samling i høvelmaking og høvling på Romsdalsmuseet i Molde. Handverkarane på museet kunne fortelje at dei har ikkje mindre enn tre skottbenkar i samlinga si på museet. Det er truleg den største konsentrasjonen av skottbenkar på eitt og same museum? Nokon betre? Sven Hoftun har tidlegare skrive om benkane til Ryfylkemuseet og det er mogleg dei også har tre? Det kan drøftast om det er snakk om skottbenkar eller strykebenkar i så fall. Den eine skottbenken på Romsdalsmuseet var frå Austigard og vart teken ut og fotografert. Det er eit veldig fint eksemplar av sorten som vert stramma med kilar.

Skottbenken på bileta over har også ei historie utanom det vanlege for tilsvarande benkar i musea. Bjørn Austigard som har ei lang karriere bak seg på Romsdalsmuseet var den som fekk tak i benken og sytte for at han vart innlemma i samlinga på museet. Han hugsar sjølv at benken var i bruk kring 1953-54 i samband med byggjearbeid i heimbygda. Det var Johannes Austigard (1900 – 1976) og Halvdan Austigard (fødd 1908) som då høvla bord på skottbenken.

Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo