Skottbenk i Karasjok

På museet i Karasjok i Finnmark,  RDM-De Samiske Samlinger, er det både ein enkel byggearbeidsplass høvelbenk og ein gamal skottbenk. Skottbenken er av ein type som finnast mange stader rundt om i landet og som har fastspenning med kile.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken har i dag berre eit fast langbord men har spor etter at det har vore eit laust langbord tidlegare. Eg har ikkje funnet registreringsnummer på benken men det kan finnast opplysningar om kor benken har vore brukt? Så langt er dette den nordlegaste og austlegaste skottbenken vi i Norsk Skottbenk union har sett.

Spennborda på benken er festa med svalehale og spikar. Høgda frå desse og opp til langbordet er 23 cm. Med meiane på skottoksen så kan ein då truleg høvle bord som er maksimalt 24-25 cm breie.
Spennborda på benken er festa med svalehale og spikar. Høgda frå desse og opp til langbordet er 23 cm. Med meiane på skottoksen så kan ein då truleg høvle bord som er maksimalt 24-25 cm breie. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er tappa gjennom ein fotstokk som er 78 cm lang og drygt 2
Føtene er tappa gjennom ein fotstokk som er 78 cm lang og drygt 2″ x 6″. Foto: Roald Renmælmo

Alle materialane som er brukt til skottbenken ser ut til å vere handsaga. Langbordet er berre høvla på den sida som vender opp og som blir flata som meiane på skottoksen skal ta nedpå. Langbordet er også toppskore på høgda og smalnar frå 8″ i rotenden til 7″ i toppenden. Likevel er det omlag same høgde frå overkant av spennborda og opp til overkant langbord ved begge bukkane.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Skottbenk i Karasjok”

  1. Flott at dere har dokumentert skottbenkene med bilder. Det er nu en stund siden vi brukte skottbenken på museet i Karasjok.
    Holder nu på med et prosjekt som bl a krever en skottbenk til å justere gulvbord. Prosjektet det er snakk om er Sirmaprosjektet, et bolighus fra 1920. Tømmeret er ferdig restaurert. I dette prosjektet skal kjøkkengulvet være originalt. Mesteparten av gulvet er inntakt, men det mangler noen bord. Bordene blir nok saget med logosolsagbruk, men høvlingen av de nye gulvbordene blir gjennomført etter tradisjonell metode. Har ikke skottbenk, men den skal jeg lage før arbeidet med gulvbordene begynner.

    Arne Graven

    Likar

    1. Det er kjempefint om du får laga deg ein skottbenk som blir operativ i Tanadalføret. Det vil kvalifisere for medlemskap i Norsk Skottbenk union. Det kan fort dukke opp fleire oppdrag med høvling av golvbord? I alle fall er det veldig bra å ha ein skottbenk.

      Det er kanskje spor etter høvlinga på dei gamle golvborda i Sirma? Det kan i alle fall vere verdt å ta ein ekstra titt etter slike når du går i gang med arbeidet.

      Roald Renmælmo

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: