Category Archives: Nord-Aurdal

Skøtbenk frå i Nord-Aurdal

Endeleg får vi sjå den fyrste skottbenken frå Valdres. Odd Arne Rudi har lagt ned ein del arbeid i å leite etter slike og har omsider fått napp. Odd Arne er bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea og har såleis mykje kontakt med huseigarar rundt om i deira område. Sjølvsagt må ein bygningsvernrådgjevar ha kjennskap til lokale tradisjonar i høvling og bruk av skottbenk. Ein gamal original skottbenk er eit godt utgangspunkt i å finne tak i desse. Enn så lenge er det få andre opplysningar om benken og vi har ikkje andre kjelder som kan seie noko om bruken eller nemningar. Frå andre kommunar i området har vi nemningane skøtbenk og skøttbenk så det er mogleg denne skrivemåten kan høve også i Nord-Aurdal?

Skøtbenk frå Nord-Aurdal. Foto: Odd Arne Rudi
Skøtbenk frå Nord-Aurdal. Foto: Odd Arne Rudi

Odd Arne skriv: Skøtbenken står oppe på loftet i ei lita stogo på ein tidlegare husmannsplass i Nord – Aurdal i Valdres. Eg har ikkje sett slike i distriktet her før, det har heller ingen annan som eg veit om. Benken var ganske grovt tillaga og enkel i forma, men hadde tydeleg vore brukt mykje.

Benken ser solid ut og har uvanleg kraftige fotplater. Slik han står i dag er det også eit bord som held fotplatene på dei to bukkane saman i fast avstand. Det er tilsvarande det vi har sett på andre skottbenkar i Oppland som har føter som er festa i ein solid bjelke som ligg på golvet. Ei oppmåling av benken frå Nord-Aurdal har det vore fint å fått ut her på bloggen, etterkvart håpar vi og på at det vert laga kopiar av benken.