Endeleg får vi sjå den fyrste skottbenken frå Valdres. Odd Arne Rudi har lagt ned ein del arbeid i å leite etter slike og har omsider fått napp. Odd Arne er bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea og har såleis mykje kontakt med huseigarar rundt om i deira område. Sjølvsagt må ein bygningsvernrådgjevar ha kjennskap til lokale tradisjonar i høvling og bruk av skottbenk. Ein gamal original skottbenk er eit godt utgangspunkt i å finne tak i desse. Enn så lenge er det få andre opplysningar om benken og vi har ikkje andre kjelder som kan seie noko om bruken eller nemningar. Frå andre kommunar i området har vi nemningane skøtbenk og skøttbenk så det er mogleg denne skrivemåten kan høve også i Nord-Aurdal?

Odd Arne skriv: Skøtbenken står oppe på loftet i ei lita stogo på ein tidlegare husmannsplass i Nord – Aurdal i Valdres. Eg har ikkje sett slike i distriktet her før, det har heller ingen annan som eg veit om. Benken var ganske grovt tillaga og enkel i forma, men hadde tydeleg vore brukt mykje.
Benken ser solid ut og har uvanleg kraftige fotplater. Slik han står i dag er det også eit bord som held fotplatene på dei to bukkane saman i fast avstand. Det er tilsvarande det vi har sett på andre skottbenkar i Oppland som har føter som er festa i ein solid bjelke som ligg på golvet. Ei oppmåling av benken frå Nord-Aurdal har det vore fint å fått ut her på bloggen, etterkvart håpar vi og på at det vert laga kopiar av benken.
Hei igjen!
Eg sende eit spm om det er greit at me brukar dette på våre heimesider ?
Venleg helsing
Bygningsvernrådgjevar for Valdres
Odd Arne Rudi
Fra: Norsk Skottbenk Union [mailto:comment-reply@wordpress.com]
Sendt: 21. desember 2015 00:06
Til: Odd Arne Rudi
Emne: [Nytt innlegg] Skøtbenk frå i Nord-Aurdal
Roald Renmælmo posted: «Endeleg fÃ¥r vi sjÃ¥ den fyrste skottbenken frÃ¥ Valdres. Odd Arne Rudi har lagt ned ein del arbeid i Ã¥ leite etter slike og har omsider fÃ¥tt napp. Odd Arne er bygningsvernrÃ¥dgjevar ved Valdresmusea og har sÃ¥leis mykje kontakt med huseigarar rundt om i deira»
LikarLikar
Hei
Det er heilt greit at de brukar dette på heimesidene.
LikarLikar