
Ein skottbenk utan skottokse eller andre høvlar med meiar er ikkje så lett å bruke. Derfor vil vi gjerne ha inn døme på høvlar som er brukt med skottbenken og som har meiar som skal gå nedpå langborda på benken. På Dølmotunet i Tolga er det ein fin samling med snikkarverktøy på eitt av lofta. Det er fleire golvplogar og skottoksar blant høvlane i samlinga. Skottoksar er som regel laga av ein okshøvel som ein har festa på lister som fungerer som meier. Vi finn ofte gamle okshøvlar som har spor etter at det har vore festa slike meiar og kan då sjå at dei har vore brukt som skottokse. Det er meir uvanleg å finne skottoksar som har meiane laga av same stykke som resten av høvelstokken. Det er eit litt komplisert arbeide å få høvla ut sporet mellom dei to meiane. Det er også mykje meir komplisert å få merka og tappa ut sponrom og kilegang på slike høvlar.
Den fint laga skottoksen er stempla med bokstavane -EI. Truleg er bokstaven E første bokstav i fornamnet til snikkaren og I er første bokstav i etternamnet. Eg har ikkje klart å identifisere snikkaren så langt, men det kan dukke opp nye opplysningar. Det er fleire høvlar med same stempel i samlinga på museet.

Handtaka er grada inn og er felt inn så presis at dei er faste nok utan andre festemidlar. Kilen har ein anna farge i fernissen enn resten av høvelen. Kanskje den kan vere frå ein anna høvel eller er laga ny ved eit høve? Det er ein særleg fin raud farge i fernissen. Det er også ganske tydeleg at fargen ikkje er ein beis ettersom slitasjen får fram det lyse treverket og fernissen med farge berre ligg att i groper i overflata. Det er særleg tydeleg på undersida av handtaka der fargen berre står att i spora etter raspa som er brukt for å forme handtaka. Stålet ser ut til å vere smidd av ein lokal smed? Det er i alle fall ein skottokse til i samlinga på museet, den har også meiane laga av same stykke som resten av høvelstokken.
2 tankar på “Skottokse på Dølmotunet”