Den gamle verktykassa

I årbok for  Nord-Trøndelag Historielag for 1952 har lærar Anton Granhus skrive ein interessant artikkel om ei verktøykasse etter, Oliver, ein lokal tømrar  og snikkar i Beitstad. Far til Oliver hadde laga kassa ein gong tidleg på 1800-talet. Kassa inneheldt det verktøyet faren, og seinare Oliver trong for å tømre og innreie hus. Eg saksar frå teksten:

«Til innreidingsarbeidet i hus og til innbuarbeid må man han ha nokre høvlar: Gropokse (skrubbhøvel), slettokse, langhøvel (rubank), skottokse med meiar, golvplogar, fløttplog og småplogar, borvinne og borar, ømse listhøvlar, rundhøvel, fleire mindre hoggjarn og holjarn, grindsager for tverved og langved, ei smal svingsag og helst eit par rasper og filer for tre. Men desse siste kunne han unnvære og. Ein kunne bruke skavgras i staden for sandpapir og brentstein i staden for rasp. Nei ein trong ikkje meire verkty.»

Vidare skriv han om om høvling av golvbord:

«Golv og loft tok og mykje ofte tungt arbeid. Det var ikkje lett å stå dagen lang og okse dei fossesaga borda som til dels kunne vera så ruffne av sagdrag at dei likna eit vaskebrett. Og når ein hadde høvla så mange at ein trudde det vart nok til eit golv, så skulle dei skjøtas og pløyast i skottbenken. Skjøtinga gjekk så nokonlunde lett likevel, for her hogg ein vekk dei verste hompane. Og to mann i skottoksen drog alltid han. Da vart pløyinga tyngre var bordkanten full av kvist og motved. Borda var jamnt halvannan tomme tjukke, og plogen var seig å dra. Men hadde ein kome så langt at golvyrket var ferdig , ja da var det berre moroa å legge golva. Med haldhake og drev dreiv dei borda saman, og med bila slo dei den svarte storhovda maskinfirtommen tvert gjennom bordet til golvåsen.»

Om Anton Granhus hadde vore med på slikt arbeid saman med Oliver er nok usikkert, men han hadde nok kjennskap til korleis arbeidet vart gjort. Når han skriv «fossesaga» så meiner han nok at borda er saga på ei enkeltplada vassdrive oppgangssag. Slike bord blir gjerne ganske grove og krev mykje arbeid med høvelen før dei er slette nok til golvbord. Legg merke til at han skriv at dei høvla flasken på alle borda før ein skaut dei beine. Vi kan spekulere på om det skuldast at dei hadde rigga til skottbenken for å høvle flask på toppen av langborda? Slik som det ser ut som på biletet av karane som høvlar på skottbenk i Karasjok.

Kjelder:

Granhus, Anton, 1952, Den Gamle verktøykassa, artikkel i Årbok for Nord-Trøndelag Historielag.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: