«Kokebok» om snikring av skottbenk

Thor-Aage Heiberg, ein av våre faste bidragsytarar, har som student i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim skrive ein rapport om snikring av skottbenk. Rapporten har tittelen, Produksjon av ny skottbenk «Jarlebenken» og kan lastast ned på frå lenke på sida på bloggen vår med oversikt over litteratur. Litteratur om skottbenk. Rapporten dokumenterer arbeidsprosessen og kan også fungere som instruksjon (kokebok) for dei som vil bygge sin eigen skottbenk. Prinsippa for snikring av dei ulike typane av skottbenk har nok såpass mykje til felles at rapporten til Thor-Aage kan nyttast om ein skal bygge andre typar enn «Jarlebenken». Dette er eit særleg godt tilbod til alle som drøymar om å byggje sin eigen skottbenk for å bli teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.

I rapporten er det ein detalj som kan drøftast. Thor-Aage har laga tappane gjennom fotplata som heile tappar som er kilt. Det er i ein god tradisjon. Det er gjort på denne måten på dei aller fleste gamle skottbenkane. Det har som regel også gått bra. På «Jarlebenken» er føtene bunde saman av ein spennbolt og mellomstykker så belastninga blir ikkje så stor. Då er løysinga solid nok.

På nokre skottbenkar, slik som dei frå Karasjok og Kverndal i Målselv, har det vore store skadar i fotplata. Om det skuldast måten tappen er laga på, eller unødig stor belastning, er ikkje sikkert? Det er mogleg å dele opp i to mindre tappar og kile noko meir forsiktig på langs av veden for å minske problemet. Spesielt viktig blir dette på skottbenkar som ikkje har spennjarn og mellomstykker som stivar av konstruksjonen. Då vert belastninga på tappen i foten ganske stor.

Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo
Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “«Kokebok» om snikring av skottbenk”

  1. Ett annet aspekt vedr. kiling av beina i fotplata er vel om selve beinet i fotplata skal være bevegelig eller ikke. På «Jarlebenken» er det bevegelige beinet til det bevegelige langbordet laget kort og fritt glidende på avstandsstykket mellom de to faste beina. På Skottbenker hvor selve festingen av emnet skjer ved stramming av en skrue eller kilestang gjennom begge beina, hvor det ene beinet er bevegelig helt ned i fotplata vil jeg tro at belastningen blir anderledes. Her kommer også de brede avstandsstykkene mellom beina inn som nok tar opp mye av kreftene beina blir utsatt for før kreftene når ned i fotplata.
    Det er selvfølgelig viktig ved tillagingen av både bein og fotplate at disse i utgangspunktet har omlag den samme trefuktigheten. Ved store forskjeller her vil en påføre uønskede bevegelser i sammeføyningen. Et tørt bein vil kunne kløye en fuktig fotplate når den tørker om det ikke tas hensyn til fuktforskjellen ved utførelse av tappforbindelsen.

    Likar

    1. Ja det er ein viktig forskjell. For deg som har skottbenken ståande inne på verkstaden så blir det ganske stabilt klima for dei ulike delane. For dei som fartar rundt med skottbenkane på ulike byggeplassar er det annleis. Om benken blir ståande med fotplata på marka nokre dagar så skjer det ting. Det trur eg kan vere årsaka til skadar på ein del av dei gamle skottbenkane.

      Likar

Kommenter innlegget