Høvelmaking og golvplog

Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Truleg har Jon Sørgård laga og brukt høvlane til høvling av golvborda i Bardu kyrkje i 1828. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo

Høvling av not og fjør på golvbord er det mest vanlege arbeidet ein nyttar skottbenken til. Ein skottbenk utan fungerande golvplogar er derfor ikkje komplett. Eg har frå før nokre ulike sett med golvplogar og dei første laga eg for 12 år sida som kopi av høvlane til Konrad Stenvold. (Renmælmo, 2013) Desse er eit par, ein fjørhøvel og ein nothøvel, som passar i hop. Når eg skal høvle golvborda er det nødvendig å skye bein kantane av borda med skottoksen før eg høvlar not eller fjør. Dette gjer at det blir ein ekstra arbeidsoperasjon for kvar kant av golvbordet som skal høvlast. Golvplogane i verktøykista etter snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882) har  løyst dette problemet. Her er det i kvar av høvlane ei høveltann som er sett saman av to stål. Fjørhøvelen har ei brei tann med spalte og så ei lita tann i spalta som skyt bein kanten på fjøra. Nothøvelen har også ei brei tann med spalte som skyt kantane på sida av nota, og ei lita tann som stikk fram og høvlar botn på nota.

Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Her er det tappa ut for å gi stålet nødvendig rom.  Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med ei gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med eit gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne av bjørk til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto:  Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto: Roald Renmælmo

Det er vesentleg at paret av golvplogar fungerer slik at golvborda passar saman. Derfor er det heilt sentralt å vere nøyaktig både i arbeidet med å slipe til ståla, og å hogge ut kilegang og seng så stålet ligg stabilt og stødig. Eg vil i ein seinare post gå gjennom arbeidsmåten som eg nyttar til fjørhøvelen som enda gjenstår å få ferdig.

Kjelder

Renmælmo, Roald. «Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken», artikkel i Kulturarvets hantverk, Jamtli forlag, 2013

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

8 thoughts on “Høvelmaking og golvplog

  1. Hei, er det mulig å få kjøpt nye profilhøvler hos deg? Jeg er særlig ut etter not og fjær og staffhøvel (perlestaff) til restaurering av et gammelt nordlandshus.

    Hilsen fra Vesterålen, René

    Likar

    1. Hei René
      Eg skulle gjerne ha svart ja på det spørsmålet men eg er dessverre for opptatt til å ha kapasitet til slikt før om lag 1 ½ år. Det er mogleg å få smidd stål til slike høvlar og lage dei sjølv. Eg har laga meg eit sett med høvlar for å høvle slik perlestaff for eit par år sidan. Mine høvlar er for å høvle enkel staff i kanten mot fjøra og passar til bord som er ¾»- ⅞» tjukke. Det finnast også gamle høvlar for å lage ein ekstra staff midt på bordet.

      Med vennleg helsing Roald

      Likar

  2. Har full forståelse for det. Siden det restauringsprosjektet er et langtidsprosjekt ved siden av en haug av masse andre prosjekter passer det egentlig bra med 1 ½ år :-). Så ville jeg også har nok tid til å lage en skottbenk.

    Perlestaffen er tenkt til kledning av huset. Det finnes rester av den ipprinnelige kledning fra omkring 1865 og den skal jeg gjerne kopiere. Men også gulvbordene i andre etasjen har perlestaff på undersiden, som gir et veldig fint kjøkken og stuetak, selv om huset var «bare» ei husmannsstua.

    Så bare si ifra om det kan være aktuell med høvler fra deg. Er også taknemlig for tipps om andre som kunne lage slike høvler til meg (eller har gamle til salgs), om du ikke få tid til det.

    Hilsen, René

    Likar

    1. Å lage høvlar er noko som eg likar veldig godt så du må gjerne kome tilbake med spørsmålet kring neste vår/sommar. Borda som blir golv i 2. etasje og synleg himling i 2. etasje kallast gjerne for loftsbord. Dei er gjerne lagt med rettsida mot åsane (margsida ned) og kan variere litt i tjukne slik at golvet oppe kan vere litt ujamnt. Slike bord med perlestaff i kanten på undersida, og som vert synleg himling, er også vanleg her i Målselv. Tilsvarande bord kan også vere brukt som stubbgolv i isolerte bjelkelag. Eg har sett slike også i fjøsbygningar her i Målselv.

      Med vennleg helsing Roald

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s