Category Archives: Rogaland

Strykebenkinteressa breier seg i Ryfylke

Jan Gunnar Helmikstøl har gjennom mange år vore med oss på Ryfylkemuseet på forskjellige prosjekt. Han er genuint interessert i tradisjonshandverk. Han er blant anna smed, knivmakar og tømrar. Nå har han endeleg funne høve til å få snekra seg ein strykebenk. Og han dreg med seg fleire i arbeidet. Det er ein flott miljøskapande samlingstad dei har i redskapshuset på Heia i Strand. Der alle er velkomne. Den vidare teksten og bileta har eg fått tilsendt frå Jan Gunnar.

jgh1
Jan Gunnar Helmikstøl med strykebenken frå Bråtveit i Suldal.

For fleire år sidan, då Ryfylkemuseet restaurerte den store løa i Vigatunet, Hjelmeland, fortalde Sven Hoftun om skottbenkar. Eller strykebenk som var det lokala navnet i Suldal i følge Sven. Han tipsa og om Norsk Skottbenkunion som eg har fulgt med på etter dette.

Nå er det sånn at eg treff og drøser med mange eldre folk. Og eg hadde strykebenkar longt framme i hovudet då eg traff på Ragnar Ritland. Han hadde dei første 20 åra av livet på ein veglause heiagard longt til fjells. Eg spurde sjølvsagt om han hadde høyrt om strykebenkar. Ragnar var stille ei stund, men til slutt kom det: «Strykebenk,- det har eg ståande i løå heima på Ritland. Eg va med å høvla golvbord når me la nytt golv på Raukleiv i 1960 årå«. Dette var kjekt og gjorde meg bare meir interesserte i desse benkane.

Så ein dag traff eg på Johannes Bråtveit. Han er født og har vakse opp i Bråtveit, som er ein gard på sørsidå av Suldalsvatnet. Dette er i sama området som Sven og dei har funne og registrert fleire strykebenkar. Johannes fortalde dei hadde strykebenk på garden og at dei og hadde høvlane som høyrte til.

This slideshow requires JavaScript.

Tidå har gått. Eg var på Ritland og tok bilder av benken men denne dagen var både eg og Ragnar nokså travle. Bildene blei dårlige og eg har ikkje fått målt den opp ennå. Den i Bråtveit eig svogeren min, og eg har ikkje hatt noko hast med å ta bilder og måle den opp. Dette til tross for gjentatte oppfordringar frå Sven om å gjera det.

Fortidsminneforeningen avd. Ryfylke starta opp et opplæringsprosjekt i 2018. Ei løe skulle rekonstruerast og reisast  på garden Håheller i Lysefjorden. Dette prosjektet skulle gjennomførast på same måte som dei kursa Ryfylkemuseet har arrangert mange av, og museet skulle og vere samarbeidspartnar. Eit av dei viktige prinsippa er at løa skulle produserast og reisast med same verktøy og på same måte som dei brukte dei som bygde denne i 1760-1790.

Løa i Håheller er nå reiste. Det mangler ein del ennå før den er heilt ferdig, men det nermar seg slutten. Våren 2020 skulle det arrangerast kurs i å laga labankdører og me skulle kun nytta høvlar og håndverktøy. Odd Bakka, som er ein kamerat av meg, ville vera med på dette kurset og ringte ein dag for å melda seg på. Me diskuterte korleis desse dørene sko lagast og eg kom då sjølvsagt inn på dette med strykebenkar. Det blei stilt ei stund i telefonen og så kom det: «Eg trur beint fram eg har ein slek ein benk ståande i løå på Gurograv.» (Gurograv er ein husmannsplass som høyrer til garden Odd har på Nesflaten i Suldal. Dette er og midt i området Sven og dei har funne så monge strykebenkar). Ganske rett! Etter et par timar kom der et bilde på telefonen min av ein skikkelig fine strykebenk. Nå blei Odd Bakka meir interessert i dette, og han begynte å sjå etter høvlane som høyrte til. Og jammmen dukka desse og opp.

Eg har heilt sidan eg høyrte om strykebenkar hatt lyst å laga min eigen, men det har aldri blitt noko av. Nå ville me trenga desse i arbeidet med dørene og det blei motiverande å laga dei. Me kunne låna museet sine men hadde lyst å vera sjølvhjelpne. Under arbeidet med løa i Håheller har det vore med mange forskjellige folk. Nokre få med tømrarbakgrunn, men mest folk med interesse for gammalt håndtverk.

Sommaren 2019 meldte det seg ein kar i frå Stavanger og sa han hadde lyst til å vera med i dette prosjektet i Lysefjorden. Han heite Cato Jøsang Vågen, var då 22 år og utdanna tømrar. Eg hadde merkt meg dette navnet frå før av, då Cato er svært aktiv på sidene/gruppene på Facebook som handler om tradisjonshåndtverk og gammalt verktøy. Her hadde eg lagt merke til at han hadde svært gode svar når nokon spurte om forskjellig som handla om det. Cato var med oss fleire gonger i Håheller og han viste seg å vera ein svært flinke handverkar. Kombinerar ein dette med å stå på i jobben blir slike folk fort uvurderlige for dei som har ansvar for framdrifta i et prosjekt. Cato har og hatt det travelt då han i tillegg til å vera tømrar i Stavanger tek tilleggsutdanning på Fagskolen i Hordaland på linja for klassisk bygningshåndverk og restaurering. Han visste godt kva ein skottbenk var og var lett og be då eg spurte om han ville vera med å laga kvar vår strykebenk til dette kurset. Så kunne han få sin med seg heim etterpå. Begge hadde eit mål om å søka medlemskap i Skottbenkunionen på sikt.

jgh2
Cato Jøsang Vågen ved strykebenken frå Gurograv på Nes i Suldal.
jgh4
Strykebenken frå Gurograv

Eg henta dei to strykebenkane i Suldal og var innom Ryfylkemuseet for få ei innføring i å laga labankdører kun med hjelp av håndhøvlar. Dei viste meg og strykebenken dei hadde på verkstaden og me diskuterte litt forskjellar og sånt. Ein svært nyttige tur!

Cato og eg bestemte oss for å laga benkane våre ut i frå den gamle frå Gurograv på Nes, blanda med museet sin. Me brukte restmaterialar eg hadde til overs frå då me bygde det stora redskapshuset me har som kurslokale. Dette er heimeskore på ei lita bandsag eg har. 3×5 tomms av lerk, furu og gran. Langborda måtte me skjæra te dette prosjektet. Cato hadde ikkje prøvt å saga material før. Nå fekk han saga sine egne langbord til strykebenken sin. Då me arbeidde med desse benkane kom der som vanleg andre interessert og ville vera med. Det blei nokre kjekke stunder med snekring av strykebenker. Under labankdør-kurset var dei uunnværlige. På det mesta var alle fira benkene i bruk. Både dei gamle og dei nye.

Strykebenkar i øvre Suldal

Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift. Og for tida er det Ådne Jordebrekk Fermann som er lærling hjå oss, på andre året. Han har fått i oppdrag å dokumentere ein strykebenk som vart meldt inn til museet. Det var eigaren som vart medviten om kva han hadde ståande etter å ha lese «Strykebenkjen», ein artikkel i 2015-årboka til Ryfylkemuseet, «Talande Ting». I denne samanhengen oppdaga Ådne at der stod ein heime på Tufteskog og. Den vidare teksten og foto er av Ådne, om ikkje anna er nemt.

Det er til nå funne 3 ulike skottbenkar i øvre Suldal, innanfor eit område kring 5 kilometer. Gardane Tufteskog, Roaldkvam og Nordmork har kvar sin.

Desse er ganske like i utsjånad. Dei er lagde av grovt materiale, der berre langborda er høvla. Det ein også ser er at det faste langbordet ikkje er felt inn i staven, men spikra inntil. Materialet som er brukt er furu, noko som var lett tilgjengeleg.

Tufteskog (Gnr 66, bnr 1)

Benken på Tufteskog er forholdsvis kort i samanlikning til både den i Nordmork og Roalkvam med ei lengde på berre 294,5 cm. Den har mest sannsynlig blitt brukt til å skyte 4 alen lange bord. Høgden på benken er 82 cm, noko som gir ei god arbeidshøgde, samtidig som du får nok tyngde over høvelen.

Langbordet er 2,5×21 cm. Sjølve foten er 630 lang, med ei høgd på 8cm og tjukna på 10 cm. Stavane har ei høgd på 81 cm, der stavane som langbordet er festa i er 5×9 cm, medan dei to andre er 9x9cm. Legg merke til at den eine staven er bladskøyta med foten, medan den andre er tappa nedi foten. Mellom stavane oppe er det eit mellomrom på 18cm. Tverroken er 2,5×10 cm, og er samanføyd inn i stavane ved hjelp av svalehale og spiker. Det er to på kvar side.

Legg merke til hòlet i kvar fot, kva kan det være brukt til?

Det lause langbordet og kilar var ikkje funne, men det vart funnen ein skottokse med hol etter meier som kan ha vore brukt på denne benken.

Ut i frå folketeljing i 1900 er det truleg Knut T. Tufteskog (f. 1859) som har brukt denne, utifrå at han var tømmermann av yrke.

Roaldkvam (Gnr 65, bnr 1)

Dei same likheitstrekka finn du i denne benken; bygd av grove materialar, det faste langbordet er spikra inntil staven og berre langborda er høvla.

Langbordet er på 390 cm, og har ei arbeidshøgde på 79 cm. Langbordet er i dimensjon 3×21 cm. Bredda mellom det faste, og det lause langbordet er 12 cm på det breiaste.

Staven har ei høgda på 79 cm og er 8×10 cm. Alle fire føtene er bladskøyta med foten. Foten er ca. 60 cm langt og er 5×10 cm. Tverroken er festa med svalehale på begge sider av staven.

Treverket som har vorte brukt i denne strykebenken er furu. Dette var det treverket det var mest av på garden, og det som dermed var mest brukt.

Verken kilar eller skotthøvel vart funnen på staden.

Nordmork (Gnr 69, bnr 1)

RFF2014-056-007
Frå Nordmark i øvre Suldal. Om lag 3 m lang og ei høgd på 78 cm. Foto: Ryfylkemuseet

Denne strykebenken er om lag 3m lang og har ein arbeidshøgde på 78 cm. Benken er av øksa materiale, noko som er ulikt i forhold til dei to andre i området. Den har også to knektar utanpå den eine staven som er noko usikkert kva det har tent til. Sjå og tidlegare bloggpost om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal.

Samanlikning

I og med at desse benkene er innanfor eit område på 5 km, så er det ikkje mykje forskjellar og finne, og dei forskjellane som er, er ganske små. Dei har nok hatt same oppfatning om korleis ein strykebenk skal sjå ut.

Alle desse tre benkane er så å seie heilt like i oppbygning. Det er lite å skilje desse på. Noko som er likt er blant anna:

  • Det faste langbordet er ikkje felt inni staven, men spikra inntil
  • Material dimensjonen er nokså lik.
  • Tverrokane er felt inni med svalehale, og spikra fast.
  • Grovt materiale

Men det finnast ulikheiter også:

  • Benken i Roaldkvam er ca 90 cm lenger enn desse andre
  • Benken i Nordmark har knektar utpå staven på eine sida
  • Benken i Nordmark er av øksa materiale, medan desse andre er skorne på sirkelsag.

Av Ådne Jordebrekk Fermann

Strykebenken på Øystad i Suldal

Studentane på tradisjonelt bygghandverk på NTNU har i tradisjonsfaglig fordypning i oppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk frå sitt område. Student og medlem i unionen, Sven Hoftun, har posta sitt oppgåvesvar på bloggen med oppmåling av strykebenken i Hoftun. Etter han posta kom det inn spørsmål om korleis kilane kan ha sett ut og Sven svarar at det blir posta om ein tilsvarande benk frå same område som også har kilane bevart. Her følgjer tekst og dokumentasjon frå student Kjell Gunnar Haraldseid på Ryfylkemuseet.

Strykebenken på Øystad i Suldal
Strykebenken på Øystad i Suldal. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid

På garden Øystad i Suldal, Rogaland hadde de stående en strykebenk, lengde 319 cm, høyde cm 75 med originale kiler. Bukkane er laga av furu og alle delene er grovt tilhogde med øks, det er noe vannkant på enkelte deler. Stavene er 75 cm høye og blir bundet sammen med tverrbord som er felt inn i stavene med svalehale og spikret. Alle fellingene er grovt utført og ingen er helt like. Den ene foten har en tverrfot som har vært spikret i golvet.

Strykebenk
Strykebenken sett fra enden med kilen på plass. Det er slått på et bord på begge bukkene for å gjøre kilegangen mindre. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid

Langbordene er og laget i furu og har høvlet innside og topp men ellers grov overflate. På enden av langbordene kan man se spor etter bruk av øks. Det faste langbordet har en dimensjon på 3190 mm lengde, høyde 170 mm og tykkelse 25 mm. Det løse langbordet er likt bortsett ifra høyden som er 185 mm.

Langbord
Spor etter felling eller kapping med øks. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
Fast langbord
Det faste langbordet er ikke felt inn i staven men står på fot slik som det løse og er festet i staven med spiker. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
Fot
Tverrfot enkelt innfelt og grovt tilhogd mellom stavene.
Kiler
Kilene er av furu, grovt laga og har noe vannkant og ulik lengde.

Arbeidshøyden på strykebenken er 75 cm og det er rundt 5 cm lavere enn det som vi finner på de andre benkene her i Suldal. Høyden gjør at man kommer godt over høvelen og får ført kreftene ned i arbeidsstykket. Lengden på benken gjør at man kan høvle 5 alna bord og ha litt lenge igjen på benken.

Strykebenken
Strykebenken montert

Strykebenk

Strykebenken i Hoftun, Suldal

Denne benken dukka tilfeldig opp under synfaring av eit vedlikehaldsprosjekt på eit stabbur i Hoftun, Suldal. Den stod stua vekk bak ein del ting på lemmen. Og det var eit heilt lite løft som måtte til, for å få den fram og ut i lyset for dokumentering.

2017-11-13 10.54.56
Strykbenken i Hoftun

Benken måler 4500mm i lengda og er 875mm frå gulv til øvre kant langbord. Benken føyer seg rett inn i rekka av andre benker frå Suldal i utforming og funksjon. I dette tilfellet er all materialen skoren på sirkelsag og det er berre innsida og øvre kanten av langborda som er høvla.

2017-11-13 10.56.09
Her ser me merkinga for plassering og uttaking til svalehalen.

Studerer me litt på oppmerkinga er det tydeleg nokre punkter som er avgjerande. Til dømes er dette øvre kanten på borda med svalehale som held beina saman. Denne høgda må vera lik på begge sider for at ikkje høgda på det lause langbordet skal endra seg ved forskjellige tjukner på arbedstykket. Dette er avgjerande for om den ferdighøvla kanten er vinkel i forhold til innsida på det faste langbordet. Vinkelen på svalehalen ser ut til å vera utført på frihand, då djupna på hakket ikkje er lik på nokon av dei.

Ser me tilbake på blogginlegget om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal og studerer biletet av Nordmarkbenken, har den knektar spikra fast til beina på baksida. Restar av ein slik knekt er der og på eine foten på benken frå Hoftun. På den andre foten er der spor som fortel om at der har vore ein. På same måten som på Nordmarkbenken, ser det ut som om denne ikkje har gått heilt opp slik at den fluktar med øvre kant på beina. Det er fortsatt uklart for meg kva denne har vore nytta til. Det verkar for meg som om den vert for smal til å lagre materialar på (jf. Nordmarkbenken).

Krossbanda ser ut som om dei kan vera tilført ved eit seinare høve. Dette samsvarar med fleire andre benker eg har studert. Men dei er komt til før knektane forsvant, då borda er tilpassa spora etter knektane. Det er berre innfestinga av det faste langbordet som utgjer avstivinga i lengda om ein ikke har skrå- eller krossband. Dette er erfaringsvis nok, då benkane me brukar på museet ikkje har ekstra avstiving i lengda. Dette er Kolbeinstveitbenken som er i stålhallen pga lengda og ein nylaga, kortare variant av same som passar betre på verkstaden.

2017-11-13 10.55.44
Hoftunbenken på baksida

Når det gjeld oppmåling av benkane frå Suldal, har eg begynt å tenkje på kor nøye det er med å detaljteikne dei. Eg tolkar at benkane er noko som er laga til på plassen av til dømes ein omreisande snikkar. Han har nok ikkje hatt med seg strykebenken på trøsykkelen. Alle benkane eg har sett på til nå, er av forholdsvis grove og tildels vinne materialar.  Det varierar og om rettsida på langborda vender inn eller ut. Det som er avgjerande for å få til ein strykebenk som fungerer etter intensjonen er:

  • at lengda på langborda må stå i høve til arbeidstykka ein skal høvle.
  • arbeidshøgda på benken må vera lageleg
  • lik høgd i øvre kant, framme og bak, på samhaldet mellom beina
  • at øvre kanten på samhaldet er vinkelrett med innsida på det faste langbordet.
  •  at øvre kanten på langborda er i vinkel til innsida på det faste bordet
  • at langborda er beine etter lengda

Med dette i bakhovudet, og med tanke på samanlikningsgrunnlaget, har eg berre laga ei enkel skisse med nokre hovudmål om ein vil lage ein tilsvarande benk. S-C458-17111412160

Alle foto er tekne av underteikna.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 3

Einar Strand høvlar på sin nylaga skottbenk. Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo
Einar Strand i Nord-Trøndelag høvlar med skottokse på sin nylaga skottbenk. Skottbenken er laga med utgangspunkt i gamle originale skottbenkar.  Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1. og del 2 med gjennomgang av dei nordlegare og austlegare fylka. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Sogn og Fjordane

Ivar Rauboti i Balestrand skriv: Ikkje kjent noko redskap i staden for høvelbenk, men til å kantstryka lengere  bord og plankar hadde dei strokbenk.

G. G. Bekmann i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Strjukebenk: planke med trekloss og blegg.

Helge Dale i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Når det var berre kantskjoting brukte dei strokbeink, strukebeink, tvo plankar festa loddbeint til stolpar, mellom plankane festa dei bordet som skulde «skjotast«.

K. Gjesme i Lærdal skriv: Dei brukte, å brukar endå, ein skåtbeink til å beinskjota bori i. Han saog paolag soleis ut. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten.
Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

A. B. Vansråk i Kyrkjebø (i dag ein del av Høyanger kommune) skriv: Skotbenk

Anders Barmen i Selje skriv: Når ein skulde «skyta» kanten på t.d. uferdige bordkledsbord hadde dei ein «skotbenk» med nokre kilar i staden for skrue.

M. H. Berstad i Selje skriv: Ein bruka «skotbenk» med «benkehakjo», ja skotbenken var nytta heilt til 1890-åra. 

Wilhelm Kvalheim i Volda (svaret gjeld for Vågsøy) skriv: Skotbenken laga ein av ein lang planke og kunde verta laga for høvet når ein bygde eller vølte hus.

Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim
Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim

Olav Sagen i Årdal skriv: Skotbenk som dei skaut bordi på.

I Sogn og Fjordane kom det inn til saman 15 svar på spørjelista. Heile 9 av svara nemner skottbenken med ein eller annan skrivemåte. 6 av svara har nemninga skotbenk eller varianten skåtbeink. 3 av svara har nemninga strokbenk eller strjukebenk. Det er nokre av forklaringane og teikningane som tyder på at desse svara beskriv andre typar benkar enn det vi vanlegvis snakkar om med skotbenk. Skåtbeinken som K. Gjesme har teikna er bygd opp på ein annan måte enn dei vanlege. Han er bygd opp med ein kraftig ås (aos te ha unde) som står på føter. Tilsvarande seg eg ser for meg kan stemme med korleis nokre av svara frå Møre og Romsdal beskriv i posten om Skottbenken i Norsk Folkeminnesamling, del 2. Benken som Wilhelm Kvalheim har teikna minner ein del om benken som Arne Høyland har skrive om på sin blogg.

Hordaland

Haldor Kåstad i Bruvik (delt mellom Osterøy og Vaksdal, dette gjeld truleg Vaksdal) skriv: Til å retta materialen vart den set i rettebenken, so var ein 8 alen lång, med påsett 2 klåsser frå undersiden, med håkar tå tre festa det fast, brugtes kjilar. Den arbeidsmåten brukes endå i bygder dei har skog og ikkje når the å få det opparbeidt på masjinar.

Knut Dalen i Røldal (i dag ein del av Odda Kommune) skriv: Strykebenken var bere i bruk når ein skulde kanthøvla lange bord, t.d. golvbord. Ein bruko da meihøvle. Han vart kalla so av di han hadde «meiar«, smale ripor på båe sidor av solen. Det bordet som skulde høvlast rett i kant , vart sett fast millom tvo bord som høyrde til benken. Benken sine bord laut vera heilt retta og nøgje vinkla i øvre kant. Når eit bord skulde rettast, let ein det stikka litt høgare upp enn benken sine bord. Meiane på høvlen gjekk då på ustida av det bordet ein høvla, og når bordet var nedhøvla slik at meiane tok benkebordi, var kanten på det rett.

Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.
Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.

Frå Hordaland var det heile 19 svar på spørjelista om snikkarhandverket. Berre to av desse har med noko om strykebenken eller rettebenken, som er dei to nemningane som er brukt.  Heldigvis er båe dei to svara ganske utfyllande og detaljerte. Knut Dalen har og med ei skisse som viser korleis strykebenken ser ut og korleis ein kiler fast borda.

Rogaland

Lars Gjels i Jelsa (i dag Suldal kommune) skriv: «Strykebenk» laga man mangesteds naar det trenges for at kantstryke og pløie gulvbord o. lign. Gjøres av 2 mand med okshøvel langt bedre end med langhøvel, festes med 2 kiler i strygebenken

Edvard Kageberg i Sjernarøy (i dag Finnøy kommune) skriv: Dei brukte strykebenk til å stryka (høvla) av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.

Jon Line i Time skriv: Høvelbenk og strygebenk sa dei.

I  Rogaland var det til saman 10 svar på spørjelista og 3 av desse har med med strykebenk eller strygebenk. Lars Gjels får også med at når ein er 2 mann med okshøvel så høvlar ein lang betre enn med langhøvel.

Samanlagt for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var det 44 svar på spørjelista. 14 av svara har med skottbenken som svar på korleis ein festar lange emne som skal høvlast. Så langt har vi berre presentert originale strykebenkar frå Rogaland tidlegare på bloggen. Det har vore skrive litt om nokre benkar i Sogn og Fjordane men desse er ikkje fullstendig dokumentert. Frå Hordaland har eg ikkje fått tips om gamle skottbenkar. Alle svara frå desse tre fylka viser at det kan vere grunn til å leite meir etter gamle skottbenkar i desse områda. Gjennomgangen av dei siste fylka kjem i ein siste bloggpost i nær framtid.

Samanlikning av strykebenkar frå Suldal

Tenkte det var på tide med ein liten statusrapport på registreringa av gamle strykebenker i vårt område.

Det er nok kunn tilfeldigheter som gjere at strykebenker vert tekne vare på, og vert funne att. Det er svært få som veit kva dei har vore nytta til. Den einaste benken eg har kome over som er i bruk er Vasshusbenken som står på ei gardssag. Den er noko modifisert med lause boltar gjennom langborda som djupnestopp og kjetting i kilane (ikkje nokon dum ide). Benken vert nytta til barking av villmarkskledning.

To av museumsbenkane (Li- og Hålandsbenken) har begge skråavstiving i lengderetninga. Kolbeinstveitbenken er den lengste på 4340 mm og ei høgd på 800 mm. Den har fått nye langbord og er den me nyttar. Den har ei litt upraktisk lengd i forhold til verkstaden vår så me har planar om å lage ein ny og kortare benk ved høve.

Den siste benken eg kom øve stod inne på løegulvet i Nordmark. Der låg der og ein langbenk tilsvarande den frå Kvilldal oppå slindrene, denne er omlag 4 m i lengda. Strykebenken er den minste til nå med ei lengd på omlag 3 m og ei høgd på 780 mm. Den har og to knektar spikra fast på baksida som eg ikkje veit kva er til.

Under følger nokre bilete av benkane.

Frå Håland i Erfjord. Denne er 3520 lang og ei høgd på 810. Legg meke til spora etter kløyving i venstre enden. Dette vitnar om at langbordet er skore på oppgangsag. Foto: Ryfylkemuseet.
Hålandsbenken frå enden. Foto: Ryfylkemuseet
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er 2980 lang og har ei høgd på 780.
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er omlag 3 m lang og har ei høgd på 780. Foto: Ryfylkemuseet.
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til "knekten" som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til?
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til knekten som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til? Det lause langbordet kom til rette då eg bar benken inn att i løa… Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd mellom 800 og 840.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd på 800 og 840. Boltane som går gjennom langborda er lause og tener som djupnestopp.Foto: Ryfylkemuseet.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen (av impregnert festa med kjetting) Reparasjonar er utført nyleg.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen festa med kjetting. Reparasjonane er utført i seinare tid. Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Li i Suldal. Denne er ... lang og har ei høgd på ... . Libenken har ein eigen påst her.
Frå Li i Suldal. Denne er 3240 lang og har ei høgd på 830. Li-benken har ein eigen post her. Foto: Ryfylkemuseet.

 

 

Høvling av bord og plank på flasken

Benken som Sven Hoftun har presentert på Høvelbenkbloggen passar eigentleg også bra her mellom skottbenkane. Serleg sidan førre post handla om kombinasjonen av ein låg benk og ein skottbenk. Eg rebloggar derfor posten hans her.

Høvelbenk

Jakta vår på gamle arbeidsmetodar har kome til høvling av flasken på bord og plank. I staden for å lage og ta i bruk benkar frå andre kantar av landet ser me på Ryfylkemuseet det som viktig å ta vare på lokale variasjonar. Korleis gjorde dei det, og korleis såg ein eventuell høvelbenk ut her? Eg har lese ein stad at dei sat på borda i materialstabelen når dei høvla. Har og prata med ein som kan minnast å ha sett at «dei sat på ein låg benk og høvla mellom seg».

Leitinga har ført oss til ein gamal båtbyggerverkstad i Kvildal i Suldal. Verkstaden står omlag slik den alltid har gjort sidan båtbyggaren Nils O Bakka sette han opp ca 1907. Det er oldebarnet hans som har garden verkstaden står på i dag.

Av verktøysamlinga kan ein sjå at der er laga meir enn berre båtar. Der er ein oksehøvel med…

View original post 141 fleire ord

Skottbenk frå Li i Suldal

RFF2013-090-001
Frå Li i Suldal. Denne er 3240 cm lang og har ei høgd på 830 cm. Libenken, høvelbenken, har ein eigen post på bloggen Hyvelbenk.

På Ryfylkemuseet har eg oppdaga endå ein skottbenk. Den låg oppå slindrene på løa på Li  som har vore museumsgard frå 2009. Riksantikvaren har vore på Li sidan 1936.

IMG_0835
Skottbenken på Li i Suldal. Benken har nok hatt kilestramming. Foto: Ryfylkemuseet.

Skottbenken har langbord som er 3240 mm lange. Arbeidshøgda er på 830 mm. Dimensjon på  langborda er 195 x 30 mm i gjennomsnitt. Det skal være kilar til stramming, men dei er ikkje å finne.

Eit lite bidrag frå Ryfylkemuseet

Eit lite bidrag frå Ryfylkemuseet

Me held på med restaureringa av løa i Viga, Hjelmeland, Rogaland. I den forbinding ynskte me å høvle kanten på golvborda for hand. Den gamle skottbenken vår (som såg ut som om den var nytta til sagekrakk) fekk nye langbord og me laga ein skottokse. Det er imponerande kor godt det går. Me skal og høvle kledningen når den tid kjem. Planlegg og å lage not- og pennhøvlar for skottbenk og…
Vår skottbenk er om lag 4300 mm lang og 800 mm  høg.

På grunnlag av framifrå arbeid med å kartlegge lokale skottbenkar i Ryfylke og høvling av store mengder kledingsbord på skottbenk er Sven Hoftun teken opp som fullverdig medlem i Norsk Skottbenk Union. (kommentert av Roald)