Tenkte det var på tide med ein liten statusrapport på registreringa av gamle strykebenker i vårt område.
Det er nok kunn tilfeldigheter som gjere at strykebenker vert tekne vare på, og vert funne att. Det er svært få som veit kva dei har vore nytta til. Den einaste benken eg har kome over som er i bruk er Vasshusbenken som står på ei gardssag. Den er noko modifisert med lause boltar gjennom langborda som djupnestopp og kjetting i kilane (ikkje nokon dum ide). Benken vert nytta til barking av villmarkskledning.
To av museumsbenkane (Li- og Hålandsbenken) har begge skråavstiving i lengderetninga. Kolbeinstveitbenken er den lengste på 4340 mm og ei høgd på 800 mm. Den har fått nye langbord og er den me nyttar. Den har ei litt upraktisk lengd i forhold til verkstaden vår så me har planar om å lage ein ny og kortare benk ved høve.
Den siste benken eg kom øve stod inne på løegulvet i Nordmark. Der låg der og ein langbenk tilsvarande den frå Kvilldal oppå slindrene, denne er omlag 4 m i lengda. Strykebenken er den minste til nå med ei lengd på omlag 3 m og ei høgd på 780 mm. Den har og to knektar spikra fast på baksida som eg ikkje veit kva er til.
Under følger nokre bilete av benkane.






