I min førre post, Skottbenk i praksis med videofilm av golvbordhøvling kjem det fram av filmen korleis eg spenner fast golvborda i skottbenken og skyt dei rette medan eg pløyer. Dette er enkelt og greitt og alle borda blir rette og pløyinga blir i vinkel til den retthøvla flasken på borda. Det demonstrerer det geniale med skottbenken på ein god måte. Dette er vel og bra heilt til du sjølv skal til å lage skottbenk og høvle golvbord. Då dukkar det opp spørsmål om korleis ein får justert skottbenken slik at langborda vert rette og i vinkel. Det spørsmålet fekk eg frå ein av våre amerikanske lesarar, Dennis Laney, som har alvorlege planar om å bygge seg skottbenk for eige bruk og samstundes blogge om dette og arbeide for å spreie skottbenken i USA. Eg svarar på spørsmålet hans på norsk i første omgang, men vil seinare arbeide med tilsvarande informasjon på engelsk. Omsetjing av slikt er ikkje så lett når skottbenken og bruken av han ikkje er etablert i det engelske språket.
Skottbenken min har to langbord. Eit som er fast og som du ser til høgre på biletet, og eit som er laust og står til venstre på biletet. Den foten som står til venstre fungerer som mothald mot kilen når ein strammar kilen. Foto: Roald Renmælmo
Det faste langbordet på skottbenken min er skrudd fast med boltar så det er godt festa til foten. Foten er av bjørk og er tappa gjennom fotplata. Det er sentralt for funksjonen til skottbenken at dette står beint og er stødig. Foto: Roald Renmælmo
Innsida av det faste langbordet blir flata som dei ferdige høvla borda skal ligge an mot under høvling. Derfor må denne flata vere høvla mest mogleg plan og jamn. Når ein har eit golv som skottbenken står på så er det lettvindt å bruke ein vater for å sjekke at flata på langbordet er i lodd i heile lengda. Om bordet er vindt vil det bli vanskelegare å justere overkanten rett. Foto: Roald Renmælmo
Ein vanleg vater er fint å ha for handa når ein skal justere loddet på langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Når langbordet er høvla rett på innsida kan ein bruke vinkel for å sjekke at kanten av bordet er i vinkel i høve til flata. Er flata i lodd kan ein bruke vater for å sjekke vinkelen. Foto: Roald Renmælmo
Ein finstilt og bein langhøvel er eit viktig verktøy å ha for handa når ein skal rette langborda. Foto: Roald Renmælmo
Kameralinsa fungerer ikkje så godt til sikting av rette linjer som auga men her får du inntrykk av korleis eg siktar langs etter overkanten av langbordet for å sjå at det er rett. Når flata på langbordet er ganske bein så blir slik sikting veldig nøyaktig. Kular på 0,5 mm blir godt synlege. Her høvlar ein med langhøvel for å rette den siste finjusteringa. Det er ein stor fordel å ha ein fin kant på langborda slik at høvelen ikkje får problem. Langbord av gran med stor kvist i kanten kan vere problematisk. Foto: Roald Renmælmo
Vateren er også bra å ha til å sjekke at det faste og det lause langbordet er like høge i heile lengda. Foto: Roald Renmælmo
For å sjekke langbordet kan ein sette det lause langbordet på høgkant oppå det faste slik at dei to øverkantane står mot kvarandre. Om langborda er retta saman og ein har sjekka med vater at dei er like høge så vil ein få fram om det er kul eller søkk i borda. Foto: Roald Renmælmo
Feil i form av kul eller søkk i overkanten av langborda vil framstå som ei glipe mellom borda. Her er ei glipe på ca 0,5 mm. Det er så lite at det blir omlag 0,2 mm feil på golvborda under høvling. Det kan ein akseptere på lange lengder. Foto: Roald Renmælmo
For å samanlikne har eg lagt på eit golvbord som ikkje er høvla på kant og har kantinga frå saga. Det har ein langkrok på nesten 4 mm. Det er ein dramatisk feil om det ser slik ut etter høvling. Dette for å vise nyansane. Foto: Roald Renmælmo
Dette billedgalleriet med forklaringar skulle vere ein grei start for å forstå systemet med skottbenken. Dette er slikt eg sjølv har kome fram til gjennom bruken av mine skottbenkar. Eg har lært å bruke skottbenk av Konrad Stenvold som hadde ein del erfaring med bruken av slike. Då eg høvla saman med han så var eg dessverre ikkje så god til å spørje om alle slike detaljar som det med retting av langbord. Kor nøye var dei med slikt tidlegare? Det er det ikkje lett å få svar på i dag.
Når eg høvlar på skottbenken så merkar eg om borda blir beine og i vinkel. Det er enkelt å skyte bein to bord og så legge dei ved sida av kvarandre for å sjå om dei fell fint i hop i heile lengda. Avvik på dette blir fort synleg. Å skyte beint eit bord og så bruke det som rettbord for å sjekke overkanten av langborda er også ein god metode for å sjekke både vinkel og rett line. I denne samanhengen er det veldig bra om langborda på skottbenken ikkje er vinde sidan dei då vil endre vinkel når ein spenner fast bordet mellom dei. I tillegg bør bordet ein høvlar og prøvar vinkelen med ikkje vere vindt. Om du har rette bord tilgjengeleg så bruk dei til dette.
Når ein driv saman golvborda med kilar så klarar ein å bøye dei slik at ein kant med langkrok kan spenne heilt tett med førre bord. Om feilen skuldast krok på øverkanten av langborda i skottbenken så blir det same feil på alle bord. I så fall går det bra å drive saman dei første borda, men for kvart bord vert feilen større og større. Bordskøyten litt til høgre for midten viser ei lita glip på ein liten millimeter. Denne kunne eg drive saman med kilar men valde å la det vere glip. Glipa av summen av feilhøvling på 5 bord. Foto: Roald Renmælmo
For å justere skottbenken slik at eg ikkje får denne feilen prøvar eg øverkanten med eit ferdighøvla golvbord. Foto: Roald Renmælmo
Ganske riktig var det ein liten kuv i langborda. Glipa mellom langbordet og bordet er dobbelt så stor som feilen, det viser tydeleg. Det er ikkje mykje høvling med langhøvelen som skal til for å fjerne dette avviket så ver forsiktig. Eg justerer langborda med langhøvelen og prøvar på nytt og skyte beint bordet og prøver til eg er fornøgd. Dette golvbordet er litt vindt og er derfor ikkje optimalt for bruk til retting av langborda i skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Det er vanleg at lange bord vert vinne under tørking. Det er gjerne så mykje at det ikkje går å rette dei i høvlinga. Då høvlar eg berre flata bein tvers over frå kant til kant og jamnar ut litt av vinninga. Foto: Roald Renmælmo
Når det faste langbordet er beint og ein brukar det mot den rette flata på vinne bord så klarar ein med kilane å spenne flat vinninga i bordet slik at kanthøvlinga blir rett. Om ein skal skyte bein material som skal brukast i snikring så må ein høvle bort vinninga før ein skyt kant i skottbenken. Det lause langbordet spenner seg mot baksida av bordet som skal høvlast. Om bordet er ujamnt tjukt i kantane så vil det lause langbordet bli ståande litt på skrå. Då blir det ein liten feil i vinkelen på kanten sidan høgre meie på skottoksen går langs ei skrå flate. I praksis er det sjeldan eit problem. Foto: Roald Renmælmo
Å finne gode emne til langbord på skottbenken kan krevje litt innsats. Til dei skottbenkane eg har laga, eller vore med å lage, har eg som regel leita gjennom 30 -50 stk 2″ x 8″ i ein stabel for å finne to gode emne. Om ein sagar sjølv så kan det vere ein fordel å leite ei fin furu og så sage plankane litt på overmål i bredde og tjukne for å ha litt å justere på. Det er som regel nok å ha 8″ toppmål på plankane og så det målet ein får i rota, gjerne 9″- 10″ bredde. Solvinne emne er eit dårleg utgangspunkt, vrir dei seg kraftig under tørk så er det bare å kassere dei som langbord. Pass også på å unngå emne med stor kvist eller tørrkvist.
Forfattar: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
Hello,
sorry, i don’t speak any Nordic language.
I would like to ask why the floor board have either two tongs or two grooves?
Here in Belgium, floor board would have a tong on one edge and a groove on the other edge.
Sylvain
LikarLikar
Hello
On modern floor boards it is always groove on one egde and tongue on the other edge. Theese boards are parallell in withs and you use them either in full lenght or you could make a scarfe anywhere along their lenght. The last 100 years or more this kind of boards are produced with machines.
The older floor boards that where made with hand tools did normally taper in with according to the with of the log they where sawn from. Then you wuld have to puzzle the boards so that the differenze in withs does not «take off» in one or the other end of the floor. When you have two tongues or two grooves you could turn the board and use it with the wider end or the narrower end in a direction depending on the need. With one groove and one tongue on the board you are restricted to one direction of the board.
When you plow the boards you can also use the same grooving plane on both sides, you dont need to change plane.
Could you understand anything about this?
Roald
LikarLikar
Thank you,
very clear explanation.
With this method there is less material wasted.
Sylvain
LikarLikar
Hi Roald,
Thanks for this post. I’m guessing that it won’t be long before we begin to see some skottbenks in use by traditionalist here in the U.S. This helps a lot.
Regards, Dennis
LikarLikar