Norsk Skottbenk Union har ikkje veldig mange aktive medlemmer, så langt er det berre 7 som har skrive innlegg på bloggen. Det kan skuldast at det verkar for komplisert å sette seg inn i korleis ein skal poste sjølv? Eg oppfordrar då til å sende inn bilete og stoff til ein av oss som er aktive som forfattarar på bloggen slik at vi kan poste. Det er viktig å få ut slikt stoff slik at andre kan få ta del i det. Bloggen er åpen for alle, både medlemmar og andre interesserte. For å lage ei meir formalisert ordning for opptak som medlem i Norsk Skottbenk Union vil vi krevje at det blir posta bilete av den aktuelle skottbenken som er grunnlaget for opptaket. Slik vil vi og slå eit slag for at fleire er med på å dele aktuelt stoff på bloggen.
Førstemann ut i denne samanhengen er restaureringshandverkaren Arne Graven i Karasjok. Han har sendt bilete av sin nybygde skottbenk som har utgangspunkt i skottbenken som vi tidlegare har skrive om frå Karasjok. Benken er snikra for å brukast til å høvle golvbord til eit nyrestaurert hus i Sirbma i Tana. På garden fann Arne ein langbenk for høvling av bord på flasken. Saman med skottbenken og nokre høvlar så har Arne det han treng til å høvle golvborda.



Vi vil med dette få ynskje Arne Graven velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og takke han for å ha sendt over bilete til oss slik at vi kan dele dei med dykk andre. Vi er glade for å sjå at skottbenken er snikra i tråd med den lokale tradisjonen i Indre Finnmark. På denne jobben i Tana er benken den nordlegaste registrerte i Noreg. Til vanleg held Arne og benken til i Karasjok og der har vi ein gamal benk registrert frå før. Vi set stor pris på at Sametinget legg til rette for at handverkarar som Arne Graven får bruke skottbenken og høvle golvbord på den måten som ein bør i slike restaureringsprosjekt. Det er slett ikkje så sjølvsagt som det burde vore. Vi ynskjer Arne lukke til med resten av prosjektet og kjem gjerne tilbake med bilete av golvborda og seinare ferdig golv.
2 tankar på “Ny skottbenk i Tana og Karasjok”