For ei tid sida hadde eg ein serie med bloggpostar som viser korleis eg gjekk fram for å lage meg ein ploghøvel til høvling av golvbord på skottbenk. Siste bilete i den siste bloggposten viser den gamle originale høvelen eg brukte som utgangspunkt for min kopi, saman med min nye trekvite høvel. Lesarar som har vore med oss her på bloggen over litt tid har nok fått med seg at vi har skrive litt om at gamle høvlar som regel har ei ganske fin overflatebehandling? Eg har også skrive ein bloggpost om nokre forsøk med å bruke tjære til overflatebehandling på høvlar.
Ein nylaga høvel som ikkje har noko form for overflatebehandling vil snart bli skitten og sjå mindre tiltalande ut. I tillegg vil høvelen lettare endre form som følgje av endringar i råme. Ei overflatebehandling bør derfor gjere det lettare å halde høvelen rein under vanleg bruk og verke stabiliserande i høve til fuktopptak. Kva type overflatebehandling som har vore vanleg på høvlar har truleg variert ein del over tid. Snikkaren Sjur Nesheim i Granvin hadde gjerne dei nylaga langhøvlane sine liggande i linolje over mange veker for at dei skulle trekke olja godt inn i treverket. På eldre høvlar, særleg dei av bjørk, ser det ut til å vere ei behandling som ligg utanpå treverket og som også tilfører ein farge.

Overlatebehandlinga på dei nylaga golvplogane mine har fått litt tid på seg i bruk og ser ut til å fungere greitt. Dei er gnidd inn med ein sjølvlaga linoljeferniss tilsett pigment. Blandinga er som følgjer:
1 dl. kokt linolje (kjøpt frå Claessons trätjära i Göteborg).
1 dl. pigment med denne ca. fordelinga: ½ dl brent terra da Sienna, ½ dl rå terra da Sienna.
1 ml. Corsik, tørkemiddel til linoljemaling.
Eg la først på eit strøk med rein kokt linolje som eg førte på med ei fille og tørka av overflødig olje. Dette fekk tørke eitt døgn før eg smurte på første strøk med linolje med pigment. Dette la eg også på med ei fille og tørka av overflødig olje og pigment. Dette fekk tørke eit døgn før ny behandling. Etter to strøk verka overflata å ha fått ein tydeleg farge. Pigmentet legg seg på botn av olja og må rørast i før bruk. Etter at høvlane har vore brukt i meir enn eit halvt år verka dei litt tørre i overflata og har fått eit nytt strøk med den same olja med pigment. Alt er påført med ei fille. Pass på at slike oljefiller er sjølvantennande og må må fjernast på ein sikker måte. Ein kan legge dei i vatn, eller som meg, kaste dei rett inn i vedomnen og brenne dei med det same.




Overflatebehandling er ikkje mi sterke side, men eg ser at det er behov for å behandle høvlane eg lagar. Eg er ikkje i mål med å finne ei overflatebehandling som kjennast riktig i høve til det eg finn på mange av dei gamle høvlane. Det er mykje meir som må prøvast ut i tida framover. Likevel har eg fått til ei brukbar overflate på ein del av høvlane som eg har i bruk. Også høvlane som er sett inn med tjære fungerer til ei vis grad. Eg er takksam for synspunkt og gode råd på dette emnet. Er det andre som har gjort nyttige erfaringar de vil dele med oss på bloggen?
Kanskje dette er av interesse:
Skjeene ble ofte dekorert. På skaftet og inne i skjebladet ble det risset inn figurer, f.eks. en hane eller blomster, og for å få disse tydelige og holdbare ble de gnidd inn med brent kli eller bark. Den gule fargen på skjeene fikk en fram ved å stryke over dem noe de kalte kuskemøye, som var kokt i melk. Til slutt, for å få skjeene riktig glatte og fine, ble de gnidd med et beinstykke og etterpå overstrøket med et tynt lag dobbeltkokt linolje.
https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Treskjemakerne_p%C3%A5_Toten
LikarLikar
Hei
Takk skal du ha. Dette ser interessant ut. Kuskemøye er nok det same som krydderet gurkemeie som har ein tydeleg gul farge.
Eg har eit hefte som heiter «Byggnadssnickaren på landet» av J. M. Bong, Sverige, 1888. Han skriv ein del om det å lage sine eigne høvlar og han skriv nettopp: Nyttja aldrig något verktyg af trä förr än det blifit överstruket med rå linolja och gurkemeja, hvilket kan påstrykas med en linnesudd.» Dette er den einaste kjelda eg har funne som spesifikt beskriv overflatebehandling av høvlar.
Bong skriver dette på same tid som skeimakinga hadde si storhetstid. Gurkemeie gir ein tydeleg gul farge og eg har høvlar som godt kan ha fått ei slik behandling. Det er derimot ikkje påfallande mange gamle høvlar som har denne gule fargen. Eg mistenker derfor at dette var noko ein starta med ganske seint på 1800-talet og at fleirtalet av høvlane har fått ei anna behandling. Det kan vere verdt å prøve gurkemeie og linolje. For skeimakarane var det spesifisert dobbeltkokt linolje. Det kan bli vanskeleg å rekonstruere?
LikarLikar