Skottbenk som høgskulefag

Som lærar i bygningsvern på Høgskolen i Sør-Trøndelag underviser eg både dei studentane som studerer Teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim og ei gruppe med studentar som studerer bygningsvern, eit Etter- og Vidareutdanningstilbod (EVU) i Oppland fylke. Studentane i Oppland er erfarne tømrarar som har drive med restaureringsarbeid og har lyst til å utvikle seg som handverkarar. Innføring og øving i eldre handverksteknikkar er ein sentral del av utdanninga. Dette semesteret har dei hatt 4 samlingar på ei veke kvar gong. I tilknyting til kvar samling har dei også fått ei heimeoppgåve. Første samling i januar var ei innføring i det å lage sin eige høvel. Oppgåva etter samlinga var å lage ein høvel basert på lokale eldre høvlar frå studentane sine heimtrakter. Neste samling var ei innføring i å snikre vindauge for hand med tradisjonelle handverktøy. Då var var heimeoppgåva å lage eit vindauge basert på eit eldre handlaga vindauge. Den tredje samlinga var ei innføring i skjering av glas, kitting og måling av det vindauge dei hadde laga. I tillegg var det også ei innføring i handhøvling av profilert listverk og bruk av skottbenk. Då var sjølvsagt ei av dei valfrie oppgåvene å leite opp og registrere gamle skottbenkar i fylket.

Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Vindauga er snikra med handverktøy, i stor grad med sjølvlaga høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Oppgåvetekst:

Snikkaren som skal arbeide med handverktøy er avhengig av å ha ein god arbeidsbenk. Til dei fleste arbeidsoppgåvene er ulike variantar av høvelbenk mest praktisk. Når snikkaren skal høvle lange emne, slik som golvbord, er ikkje høvelbenken særleg egna. Då har det vore vanleg med ein spesiell benk som ein spenner opp borda i for høvling på kant. Som regel har denne benken hatt to lange bord eller plankar som som ein spenner fast emnet mellom for høvling. Skottbenk er ei vanleg nemning på slike benkar, men andre nemningar finnast. I Oppland fylke har eg kome over nokre kjelder som nemner skottbenken. Dette kan du lese om på bloggen til Norsk Skottbenk Union: 
https://skottbenk.wordpress.com/category/geografisk-plassering/noreg/oppland/

  1. Prøv om du kan finne ein gamal original skottbenk på dine heimtrakter, eller ein annan stad i fylket. Det kan vere at dei du spør, ikkje kjenner til nemninga skottbenk. Då kan bilete av slike benkar vere nyttige for å vise korleis benkane kan sjå ut.
  2. Dokumenter skottbenken ved hjelp av foto og målsett oppmålingsteikning. Få med relevante detaljar i samanføyingar, om nødvendig med detaljfoto og/eller skisser. Sjå denne sida for døme på oppmåling av skottbenk: https://skottbenk.wordpress.com/category/dokumentasjonsmetodikk/
  3. Skriv litt om skottbenken du har registrert. Kva kan du finne av opplysningar om bruken av den? Kor har du funne benken? (kommune og gard) Er det ei lokal nemning på benken, eller delar av benken? Kan du finne verktøy som er knytt til benken? 
  4. Materialet skal leverast inn med tanke på publisering på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo

Dei som har levert inn svar på denne oppgåva vil få dette lagt ut på bloggen etterkvart som eg får klargjort alt av bilete og tekst. I utgangspunktet har vi ikkje registreringar av gamle originale skottbenkar frå Oppland frå før. Studentane som har leita fram og registrert og dokumentert skottbenkar har såleis gjort eit viktig arbeid som gjer at vi får mykje meir kunnskap om skottbenken på Austlandet. Eg vel å gi att oppgåveteksten som inspirasjon til eventuelle andre som er interessert i å leite fram gamle skottbenkar og sende oss tips.

Vi har også hatt med skottbenken på ulike måtar i undervisning av studentane som tar bachelor i teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim. Sist hadde vi seminar i handhøvling av listverk på Sverresborg og då var sjølvsagt skottbenken sentral for fleire av gruppene. Vi har også hatt høvling av golvbord som eit av kursa i tverrfagleg kompetanse for dei studentane som ikkje er snikkarar. Dei av studentane i Trondheim som er snikkarar har sjølvsagt med skottbenken på ei rekke av samlingane.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

4 tankar på “Skottbenk som høgskulefag”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: