På bloggen Verktøykista har Peter Brennvik skrive om ein skottbenk han har kome over i Surnadal på Nordmøre. Skrivemåten på garden kan og vere «Aaskard» og det er det døme på i eldre skriftlege kjelder. I kartverket til Skogoglandskap.no er det brukt skrivemåten Åsskard og eg har brukt denne her etter råd frå lesarane. Eg har fått kopiere bilete og tekst som han har posta på sin blogg. Under kjem hans tekst og bilete:
På Husasnotra dreiv me for ei tid sia med noko istandsettingsarbeid på eit stabbur i Surnadal Kommune. Stabburet står på Åsskard i Surnadal Kommune og er truleg frå tidleg 1800 tall.
Langborda er 4,35 meter lang. Plasering av føttene på langborda er 1/5 – 3/5 – 1/5. (Det var det Roald Renmælmo som gjorde meg oppmerksom på) Beina på skottbenken er 73 cm høg. Når langborda blir lagt i, blir arbeidshøgda 76 cm.