Category Archives: Gran

Nybygd skøttbenk på Hadeland kvalifiserer til opptak som medlem

Kurs i bygging av skottbenk slik som kurset i Mosjøen i haust fører gjerne til at nokre av deltakarane kvalifiserer til opptak som medlem i Norsk Skottbenk Union. Også kurs i høvling av golvbord viser seg no å ha tilsvarande effekt. Lars Velsand frå Gran på Hadeland var ein ivrig deltakar på kurs i høvling av golvbord på handverksdagane på Røros i 2014. Her hadde han med seg nokre fine golvplogar som vi har skrive om på bloggen. Desse er etter hans oldefar og truleg frå 1860-1880. Høvlane er så slitt at det er vanskeleg å få dei til å fungere saman. Etter kurset på Røros var planen å ta til med å høvle golvbord. Han har sendt meg tekst og bilete som viser at dette ser ut til å ha gått veldig bra så langt. Han har bygd seg skottbenk, eller skøttbenk som ein gjerne seier på Hadeland. Denne er kanskje den lengste operative benken i dag med sine vel 6 meter? For å få benken stiv nok har han laga benken med tre bukkar slik som ein kan sjå på fleire av dei gamle benkane vi har sett rundt om i landet. Her er bilete og tekst frå Lars.

«Utgangspunktet var kurs på Røros i høvling av golvbord. Vi har et fint hus fra ca. 1840, med en stor sal som ikke er innredet. Her ønsker jeg å legge golv på samme måte som det er gjort ellers i huset. Tømmeret ble skåret tidlig på våren 2014, i 6 m lengder. Stokkene ble gjennomskåret, kantene rettet på saga. Det ble brukt ei mobil båndsag.

Neste etappe var benken. Jeg har ikke funnet noen gammel skøttbenk her i området, men det finnes et bilde, tatt på Hadeland Folkemuseum, som viser en skøttbenk. Den har museet dessverre ikke klart å oppspore. Bildet er gjengitt i Hadeland Bygdebok, bind 4, og i Vår gamle bondekultur.

Min benk bygger på inspirasjon fra det jeg så på Røros, og bilder som er gjengitt i bloggen. Den er som bildene viser utstyrt med skruer. Gjenger fikk jeg skåret ved hjelp av utstyr hos en lokal snekker. Benken er 6 m lang, derfor har jeg laget tre bukker for å få den mest mulig rett og stødig. Det har ikke vært nødvendig å montere skråband for å stive den av. Arbeidshøyden er 85 cm.

Jeg har en del gamle høvler etter min oldefar, de må være fra rundt 1860-80. Det er et par golvploger, som du har avbildet og kommentert tidligere. De er ganske slitt, så jeg laget en kopi av den ene, nothøvlen. Jeg tenker å bruke løs fjør, for å utnytte bordbredden maksimalt.

Jeg har nå høvlet ca. 30 kvm av de vel 4o som jeg trenger, så jeg begynner å finne teknikken. Benken fungerer fint, høvlen likeså. Det største problemet er kvist i kanten, på enkelte bord finnes dessverre det. Jeg legger ved noen bilder som viser hvordan det hele ser ut. Det blir spennende å se hvordan de brede golvbordene vil te seg, noen er opp til 35 cm brede i rota. Jeg bor på Skirstad i Gran på Hadeland. Jeg har drevet som bonde i mer enn 40 år, så da er det ikke til å unngå at en også må fuske litt i snekkerfaget. Noen fagutdannelse som snekker har jeg ellers ikke.

Ellers er det flere hus her på garden med handhøvlede bord og planker, og min respekt for tidligere tiders handverkere øker i takt med den flishaugen jeg sjøl produserer.»

Skøttbenk med tre bukkar
Skøttbenk bygd av Lars Velsand. Foto: Lars Velsand

Med dette ynskjer vi Lars Velsand velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Sjølvsnikra skøttbenk, golvplog og 30 kvadratmeter golvbord er ein utmerka søknad om medlemsskap. Det er ikkje mange fagutdanna snikkarar som kan skilte med slike bragder. Vi håpar dette kan inspirere fleire i denne regionen til å snikre seg skottbenk (eller skøttbenk) og ta opp tradisjonen med å høvle seg golvbord. Det er ein god måte for å vise respekt for handverkarane før oss, som Lars skriv.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 2

Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.

Sør – Trøndelag

Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord. 

S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.

Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.

Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse. 

Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.

Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?

Hedmark

Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.

Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer. 

S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.

Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.

Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.

Møre og Romsdal

Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a. 

J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.

Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.

Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.

Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.

Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.

Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 5 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.

Oppland

G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.

S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.

Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg

Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.

A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.

Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk,  og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.

Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord

Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.  Det er heilt klart ein skottbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?

I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.

Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.

Kjelder:

Buggeland, Tord. «Maihaugens bok om handverk«. Maihaugen 2000

Svarmateriale frå spørjeliste nr 2. Snikkarhandverket, Ord og Sed, Norsk Folkeminnesamling, 1934.

Golvplogar frå Hadeland

På kurset i golvbordhøvling på Håndverksdagane på Røros var det med ein deltakar frå Hadeland. Han hadde med seg eit sett med golvplogar som verka gjennomtenkte og solide. Dei har nok vore enormt mykje brukt etter slitasjen å dømme. Dei har sikkert høvla mange tusen kvadratmeter med golvbord? I dag er dei så slitt at fjøra blir litt for tjukk til å passe i nota. Det kjem av slitasje på sida av ståla i både nothøvelen og fjørhøvelen. Vi har tidlegare skrive om skøttbenk på Hadeland og desse golvplogane  er med på å gi eit meir heilskapleg bilete av den lokale tradisjonen. Golvplogane er heilt klart av ein type som høyrer saman med skottbenken sidan dei samansette høvelståla skyt kant og høvlar pløyinga i same operasjon. Slike kan ikkje brukast utan skottbenk.

Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Meir skøttbenk på Hadeland

Etter posten om skottbenken i «Vår gamle bondekultur» med bilete av to karar som poserer med skottbenk på Hadeland har vi fått nokre gode innspel. Det same fotografiet er også brukt i Hadeland bygdebok bind 4, som kom ut i 1953, 2 år etter «Vår gamle bondekultur. I bygdeboka står også namnet på fotografen oppført under biletet, K. Teigen. Biletet er brukt for å illustrere kapitlet om husbygging. Det som står skrive om snikring og skottbenk er såpass interessant at det fortener å siterast her på bloggen.

«Glasrammer og dører var gjerne gjort vinteren i førvegen. Tømmermennene var også «snikkerer», og da var sliktno vinterarbeid, når det ikke var tømring. Innreiningen var først og fremst golv og tak og delvis paneling; men den vart ofte laga mer over en lang. Planker og bord hadde de skåret på vassag, og slike hadde vi i 1743 5 på Hadeland. Mer sjelden vart det skåret på handsag. De la da tømmerstokken på to bukker, som var så høge at en mann kunne stå oppreist under og dra saga, og en stod ovenpå og drog den opp igjen. Planker og bord vart aldri kantskåret på saga, men kantet inn med øksa så hele den opprinnelige breidda i rot og topp vart utnyttet. Det vart alltid handhøvlet, først med skrubb-uksen og så med sletthøvelen. Det var store, tunge høvler med handtak i begge ender, en stod framme og drog, og en bak og skauv på. Bord og planker vart lagt med skiftesvis rot og topp. Not og fjør vart høvlet med ploggonga, og borda passe inn til enannen etter hvert. 

Først da slottet i Oslo vart bygd i 1849, vart skøttbenken oppfunnet av en snikker Deramb. Sønnen hans slo seg seinere ned på Hadeland, han var en førsteklasses møbelsnikker, og hadde gått læretida i Kjøbenhavn. Skøttbenken var en viktig oppfinnels; ved hjelp av den vart alle bord nøyaktig like i kantene og høvde alltid til enannen, snå nå slapp de å måte til hvert bord.» (Hadeland bygdebok, 1953)

Vi er sjølvsagt med på at skottbenken er ein viktig oppfinnelse, men er litt usikre på kva som ligg i dette? Kjende dei ikkje skottbenken på Hadeland før 1849? Det er vanskeleg å tenkje seg noko slikt? Samtidig er det snakk om ploggonga som ble brukt til å høvle golvborda som var passa til kvarandre. Ploggong, eller også ploggang, er kjend frå andre kjelder men utan detaljert forklaring.  I Valdres bygdebok er det forklart som høvlane til å høvle not og fjør («tunge og gått»). Korleis ein held fast borda under høvling og korleis ein får høvla dei rette er ikkje forklart. Kan ploggong vere ein variant av skottbenken og at han er brukt saman med høvlane for å høvle not og fjør? Om andre delen av ordet -gong så kan vi forstå ordet på ulike måtar. Den eine at det har å gjere med å gå, som i gressgang, svalgang. Den andre som i gjenger, noko som styrer. Den tredje har skrivemåten -gogn, som betyr reiskap, gjerne eit sett av reiskapar til eit bestemt arbeid. I lokalhistoriewiki har dei forklaringa på ordet ploggang, at det er pløyeredskap.

Kan vi tenkje oss at Deramb utvikla ein skottbenk for å høvle parallelle bord slik som på dei amerikanske patenterte skottbenkane? Kanskje vi kan sjå om borda på slottet i Oslo er parallelle eller smalnar frå rot til topp? Det kan underbygge teorien, eller svekke den, alt etter kva vi finn der.

Det at borda vart tilpassa til kvarandre kan tolkast på to måtar. Den eine at borda har høvla heilt rett kant men smalnar frå rot til topp og såleis må leggast annakvar med rot og topp for at det skal gå opp. Det andre, som er meir utenkjeleg, at borda ikkje er høvla rette, men medderge til kvarandre. Utan skottbenk eller ein metode for å skyte kantane kan det ha vore aktuelt med det siste. Eg har aldri sett eller høyrt om slike golvbord som er høvla med not og fjør utan at dei har rett kant.

Elles kan det vere verdt å merke seg at dei brukar  to høvlar, først «skrubb-uksen» og så «sletthøvelen». Då er sletthøvelen også forklart som ein okshøvel. Det er i tråd med andre stader der ein enten snakkar om ein grov- og ein litt finare stilt okshøvel, eller gjerne skrubbokse og slettokse. Sjølve benken er skrive «skøttbenk». Det er ein nokså uvanleg skriveform. Variantane «skotbenk», «skåtbenk» og «skaatbenk» finnast det ein del av rundt om i landet. Det er tydeleg ulike måtar å tenkje om ein skal bruke ein -t eller -tt i skrivemåten. På same måten er det ulike måtar å skrive -o, -å, -aa eller -ø om tredje bokstav. Det kan nok skrivast tilbake på dialektane i dei ulike områda på tida for nedskrivinga. Som vi tidlegare har vore inne på, var ikkje ordet skottbenk med i dei tidlege ordbøkene og difor har vi ikkje fått ei rettskrivingsnorm for dette ordet.

Kjelder:

Hadeland: bygdens historie. 4, Aksel Helmen, Oslo, 1953. (finnast digitalt tilgjengeleg: Hadeland : bygdenes historie. 4 )

Valdres bygdebok 5 – Næringsvegane, fyste del, Knut Hermundstad (red.), Leira, 1964 (side 375)

Skottbenken i «Vår gamle bondekultur»

I 1908 kom Kristofer Visted ut med boka » Vor gamle Bondekultur».  Boka kom ut i ei tid då det var viktig for Noreg å bli trygg på sin kultur og sine tradisjonar. Boka presenterer norsk bondekultur i eit historisk perspektiv i stor bredde og i ei moderne form med rikelig bruk av illustrasjonar. Visted arbeidde med ei ny og oppdatert utgåve då han døydde i 1949. Hilmar Stigum tok over arbeidet og fullførte utgjevinga som kom ut i 1951. Stigum supplerte mellom anna med eit nytt kapittel, «Hjemmesysler, Håndverk, Bygdekunst». Her er det skrive om ulike handverk og skottbenken har fått sin  plass i bondekulturen, i alle fall i form av eit bilete. Likevel er det nok lagt mest vekt på bygdekunsten i kapitlet, treskjering og rosemåling  var nok vurdert som viktigare for bondekulturen enn skottbenken? Hilmar Stigum hadde stor interesse for handverk og verktøy. Han hadde sjølv opplæring som både skreddar og fotograf. Han bygde opp eit eige magasin med fokus på verktøy og jordbruksreiskapar på Norsk folkemuseum. 

Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes grulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka " Vår gamle bondekultur", Visted og Stigum, 951
Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes gulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka » Vår gamle bondekultur», Visted og Stigum, 1951

Skottbenken er truleg ein benk i samlinga til museet? Det verkar som om biletet er arrangert for bruk til illustrasjonen sidan det ikkje er spor etter høvelspon og eit eventuelt golvbord manglar. Det er ikkje heilt lett å sjå om benken har skruvar eller kilestramming. Bildeteksten er også litt mangelfull sidan det berre står at borda ble festa for høvling. Finessen med meiar på skottoksen for å sikre seg at golvborda får heilt rette kantar er ikkje forklart. Det ser heller ikkje ut som høvelen på biletet har slike meiar? Vi får sjå om vi får mobilisert lokale skottbenkentusiastar på Hadeland til å sjekke ut saken nærare?

Kjelder: 

Vår gamle bondekultur, Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Oslo, 1951