Nok ein skottbenk i Evjengrenda i Melhus

For nokre veker sidan la eg inn ein funksjon på bloggen for å ta i mot tips av lesarar som veit av gamle skottbenkar. Det gjekk ikkje mange dagane før eg fekk inn eit tips frå Oddbjørn Syrstad som hadde lese det eg skreiv om ein skottbenk i grenda hans, Evjengrenda ved Lundamo i Melhus. Oddbjørn skreiv at han og har ein skottbenk og lurte om om den var av interesse for oss. Sjølvsagt var det interessant, og i førre veke fekk eg høve til å undersøkje skottbenken saman med Thor Aage Heiberg og Ellev Steinsli. Oddbjørn har kjøpt garden Oppigard Evjen, busett seg der og overtok samstundes mykje av det som var på garden av verktøy og utstyr. Han har teke godt vare på Skottbenken han kunne syne fram til oss.

Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo
Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken er knapt 30″ høg og bukkane er festa til langborda med drevspon. Langborda og bukkane hadde merking omlag på same vis som den eine skottbenken på Skaun Bygdatun.  Det er to bukkar  som vert stramma med skruvar. Fotplata er kring 7″ brei og kring 29″ – 30″ lang. Skruvane er drygt 2″ i diameter. Det faste langbordet er skorda av med eit skråband som er spikra fast ned i fotplatene. Eg merka meg ikkje kor lang langborda var men trur det var kring 4,5 meter? Det kan vi få sjekka ut nærare. Langborda er knapt 1 ¾» tjukke og 5 ½» breie.

Skottbenken har stått på loftet i ei snikkarstue på garden. Rommet der den stod er bevart og har framleis høvelbenken og dreibenken ståande på plass. Her kan vi studere korleis høvelbenk og skottbenk har vore plassert i ein verkstad som har vore i bruk. Det er også ein del verktøy som kan knytast til skottbenken. I alle fall er 3 av høvlane på garden knytt til høvling av golvbord på skottbenk. I tillegg er det vanlege okshøvlar og sletthøvlar til flaskhøvlinga.

Dei siste som budde på Oppigard Evjen, før Oddbjørn overtok, var brørne Anders Evjen (1893-1966) og John Evjen (1906-1985). Faren deira heitte Lars Anderssen (1860-1937).  I folketeljinga for år 1900 står han oppført som gardbrukar, hustømmermann og snikkar. Yrkestitlane hustømmermann og snekker vart skrive «hustømmermd og snedker» som var den vanlege skrivemåten i folketeljingane for desse yrka. Det er tydeleg at Lars var ein som dreiv med byggjearbeid av ulike slag både innan snikring og tømring. Både høvelbenken og skottbenken ber preg av at det er ein, meir enn normalt, dyktig snikkar som har arbeidd dei og brukt dei. Også høvlane som høyrer til på garden ser ut til å ha vore laga av ein dyktig snikkar. Dette gjer det ekstra spennande å gjere vidare undersøkingar av både skottbenk, høvelbenkar og verktøy.

Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Dette er mannen som var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå  "Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend", Melhus kommune 1992.
Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Lars (1860-1937) var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå «Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend», Melhus kommune, 1992. Lars var son av Anders Larsen Sørtømme (1823-1898) frå Løvåsdalen under Valdum. Han var kjent for å bygge hestevandringar og var nok også ein flink snikkar.

Saman med skottbenken og spondungen på nabogarden vert dette ei veldig god kjelde til å forstå korleis skottbenken, verktøyet og verkstaden har fungert i den tida det var i bruk. Dette er slikt vi skal prøve å sjå nærare på, og dokumentere på ein god måte. Vi vil rette ei stor takk til Oddbjørn Syrstad som tipsa oss om skottbenken, tok i mot oss og viste oss skottbenk og verktøy. Med dette vil vi og oppmode andre som har  skottbenk eller interessant verktøy om å bruke tipsfunksjonen på bloggen og sende oss tips.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 2

Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.

Sør – Trøndelag

Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord. 

S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.

Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.

Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse. 

Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.

Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?

Hedmark

Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.

Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer. 

S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.

Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.

Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.

Møre og Romsdal

Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a. 

N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.

J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.

Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.

Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.

Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.

Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.

Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.

Oppland

G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.

S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.

Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg

Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.

A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.

Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk,  og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.

Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord

Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.  Det er heilt klart ein skottbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?

I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.

Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.

Kjelder:

Buggeland, Tord. «Maihaugens bok om handverk«. Maihaugen 2000

Svarmateriale frå spørjeliste nr 2. Snikkarhandverket, Ord og Sed, Norsk Folkeminnesamling, 1934.

Skottbenk, høvelspon og tradisjonsberarar i Melhus

Turen i Sør-Trøndelag som eg skreiv om i posten om skottbenkane på Skaun Bygdamuseum hadde fleire stopp. Den fyste stoppen var i Evjengrenda i Melhus kommune. Her var det dei to stabbura på garden eg og Anders Gimse skulle undersøkje. Anders vurderer å tømre stabbur som studentoppgåve og sidan eg skal vere rettleiar bør eg sjølv setje meg inn korleis dei lokale stabbura er bygd i heimtraktene til Anders. Båe stabbura har golvbord og loftbord som er høvla på skottbenk. Det i seg sjølv var interessant for oss som driv med slikt.

Dei to stabbura på Evjen i Melhus. Peder Evjen står på trappa på det største stabburet. Foto: Roald Renmælmo
Dei to stabbura på Evjen i Melhus. Peder Evjen står på trappa på det største stabburet. Foto: Roald Renmælmo

Anders hadde vore på garden tidlegare og kunne avsløre at han hadde sett ein skottbenk. Sjølvsagt måtte vi undersøkje skottbenken før vi gjorde grundige undersøkingar av stabbura. Skottbenken stod oppstilt i same rommet der han hadde vore brukt sist. Peder og Elias som var oppvakse på garden kunne begge fortelje at dei hadde vore med å brukt benken som dei kalla for høvelbenk. Eg spurde spesielt etter namna skotbenk, rettbenk og strykbenk men ingen verka kjende. Dei kalla det berre for høvelbenk. Det var den einaste skottbenken dei visste om i grenda. Dei kunne fortelje at det hadde vore folk som hadde med seg bord som dei høvla på benken. Det var bord som skulle brukast til labord, bord til å kle inn novene på tømmerhus. Det var til slike bord benken var bruk til den tida dei hugsa etter.

Peder Evjen ved sida av skottbenken og med høvelspona frå sist benken var i bruk. Foto: Roald Renmælmo
Peder Evjen ved sida av skottbenken og med høvelspona frå sist benken var i bruk!! Peder har vore med og høvla på denne benken. Gamal original høvelspon frå høvling på skottbenk må vere eit særsyn å finne tak i? Foto: Roald Renmælmo

Ein skottbenk saman med tradisjonsberarar og høvelspona frå arbeidet på skottbenken er ei ganske unik kjelde til å forstå skottbenken. Frå ein tidlegare tur i Melhus kommune har eg nokre bilete av bevart høvelspon som truleg er frå fyrste halvdel av 1800-talet. Spona vart funne i Prestegårdslåna i Melhus i samband med restaureringsarbeid. Spona var brukt som isolasjon i veggen i ei eldre døropning som hadde vore snikra att. Då døropninga skulle opnast igjen dukka høvelspona opp. Heldigvis var dei ansvarlege for restaureringa så framsynte at dei tok vare på høvelspona og pakka ho godt inn i laken. Slik kan vi få tilgang til å undersøkje høvelspona og hente ut kunnskap om snikkaren sitt arbeid. Spona kan fortelje om kva slags høvlar snikkaren har brukt. Vi kan sjå kor tjukke høvelspona er. Det kan seie noko om kor effektivt snikkaren har høvla.

Høvelspon som vart funne brukt som isolasjon i ei attsnikra døropning på Prestegårdslåna på Melhus. Foto: Roald Renmælmo
Høvelspon som vart funne brukt som isolasjon i ei attsnikra døropning på Prestegårdslåna på Melhus. Foto: Roald Renmælmo
Det er ulike typar høvelspon som er brukt. Her kan ein sjå spon både etter gropoksen og slettoksen, tjukke og tynne spon. Her er også spon etter skottokse og etter pløying av golvbord med ploghøvlar. Tjukna på spona er eit resultat av kor grovt snikkaren har justert tanna på høvelen. Her kan vi få inntrykk av korleis arbeidet med høvlinga har vore. Kor tungt har det vore å dra høvelen?  Kor mange drag måtte snikkaren høvle for å pløye borda. Foto: Roald Renmælmo
Det er ulike typar høvelspon som er brukt. Her kan ein sjå spon både etter gropoksen og slettoksen, tjukke og tynne spon. Her er også spon etter skottokse og etter pløying av golvbord med ploghøvlar. Tjukna på spona er eit resultat av kor grovt snikkaren har justert tanna på høvelen. Her kan vi få inntrykk av korleis arbeidet med høvlinga har vore. Kor tungt har det vore å dra høvelen? Kor mange drag måtte snikkaren høvle for å pløye borda. Foto: Roald Renmælmo

 

Norsk Skottbenk Union i 2014

Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Den nylaga skottbenken til Einar Strand er rigga klar til å brukast til eit opplegg i den kulturelle skolesekken på Leka skole i 2014. Det er fyste gong det har vore eit tilsvarande opplegg og det viste seg at innslaget var særs populært blant elevane.  Foto: Roald Renmælmo

Vi er snart inne i eit nytt år og då kan det høve å sjå kva som har skjedd i året som har vore. På bloggen har vi hatt 37 000 visningar med den travlaste dagen med 1157 visninger. Dei fleste lesarane har vore norske, men USA og Sverige er like bak. Vi har hatt lesarar frå totalt 70 ulike land. Den mest populære posten har vore Høvelmaking, oppmerking. Vi har publisert 56 nye postar i året som gjekk. Mange av lesarane har vorte tipsa om bloggen frå andre bloggar rundt om i verda. Lost Art Press toppar lista av slike bloggar, Dennis Laney er på ein god andreplass, og systerbloggen Høvelbenk er ein god nummer 3. Vi har delteke på ei rekke arrangement i året som har gått. På Håndverksdagane på Røros hadde vi eit eige kurs i høvling og legging av golvbord. På Bygningsvernkongressen på Norsk Folkemuseum hadde vi ikkje berre vår eige sesjon men var og ein sentral del av opningsseremonien.

Det er framleis mykje som står ugjort når vi går inn i det nye året. Det er ei rekke skottbenkar og rettbenkar som vi veit om, men som ikkje er presentert på ein riktig måte på bloggen og såleis ikkje kvalifiserer for fullverdig medlemskap. For å vere heilt konkret så dreier det seg om 2 rettbenkar på Norsk Folkemuseum, 3 skottbenkar i Bergen, ein skottbenk på Maihaugen, 2 skottbenkar på Røros og nokre under produksjon på Røros, i Verdal m.m. I tillegg er det mange gamle skottbenkar rundt om i landet som vi har fått tips om, men som vi ikkje har fått registrert på ein god måte. Også ein skottbenk i Lima i Sverige er lokalisert. Rørosmuseet har to skottbenkar i samlinga si som skulle vore registrert og presentert på bloggen. Husasnotra i Valsøybotn har fleire skottbenkar som ikkje har vore presentert på bloggen. I tillegg er dei ei rekke skottbenkar som våre ivrige støttespelarar rundt om i landet har tipsa om og sendt meg bilete av. Eg presenterer eit utval av slike tips i billedgalleriet under. Dette som ei påminning til meg og andre om at det er mykje ugjort og at vi gjerne vil ha meir detaljerte foto og oppmålingar av alle desse benkane og presentere dette på bloggen for at vi alle kan få tilgang til dokumentasjonen.

 Med ynskje om eit godt nytt år der skottbenken vert ein sentral medspelar.

%d bloggarar likar dette: