Digitalisering av vår nasjonale bokskatt er det store arbeidet som Nasjonalbiblioteket held på med for tida. No har dei kome opp i meir enn 185 000 norske bøker som er skanna og tilgjengelege i den «Digitale bokhylla«. Desse bøkene er saman med mykje anna materiale tilgjengeleg gjennom ein kraftig søkjemotor der ein søkjer på alt innhald i fri tekst. Etterkvart som behaldninga av digitaliserte bøker aukar er det spanande å gjere gamle søk i fritekst på nytt. Søk som skottbenk, skotbenk, rettbenk og strykebenk er det sjølvsagt å foreta med jamne mellomrom. Då eg søkte i dag kom det opp nokre nye treff på skotbenk. Eit av desse var boka «Jølstramålet«, Daniel Dvergsdal, Jølster Mållag, 1996. Her står oppslaget:
Skót`bænke m Skotbenk. Når dei skulle høvle golvbord, laga dei seg ein slags rettholt som var heilt bein, og så høvla dei kvart bord etter denne, dvs. skotbenken.
Også boka «Målføret i Gloppen«, Audun Fitje, Sandane 1995 dukka opp. Her står oppslaget:
Skotbenk, benk der ein skyt saman, set saman bord til breidare bordflater.
Vi kjenner ikkje til eit særleg aktivt miljø som driv med skottbenk i Sogn og Fjordane i dag. Her er det rom for å skape meir aktivitet og undersøkje om det finnast mange gamle og spennande skottbenkar rundt om i fylket. Eg har fått tips om at det er ting på gang.