Category Archives: Mariestad

Nybygde skottbenkar i Mariestad i Sverige

Min kollega Tomas Karlsson underviser i snikring på bygghantverksprogrammet på Göteborgs universitet. Vi to har i fellesskap utvikla og drive bloggen Høvelbenk der vi har leita fram eldre høvelbenkar i Norden og arbeidd for å spreie den glade bodskapen til våre nordiske snikkarvener og andre interesserte. Tomas har forsvart si licentiatavhandling på Göteborgs universitet om snikring av fyllingsdører; Ramverksdörr – en studie i bänksnickeri. Der har han eit spesielt fokus på tradisjonelle arbeidsmåtar og korleis ein brukar arbeidsbenken i arbeidet. Tomas er såleis av dei fremste i Norden når det gjeld fagkunnskap om arbeidsbenkar i snikkarhandverket. Det er difor ekstra gledeleg at Tomas har teke initiativ til at studentane på bygghantverksprogrammet i Mariestad har bygd nye skottbenkar som skal nyttast i undervisninga i tida framover.

Studentane på bygghantverksprogrammet i Mariestad snikrar skottbenk under leiing av Tomas Karlsson og Patrik Jarefjäll. Foto: Tomas Karlsson

Eg har ikkje opplysningar om kva dei har teke utgangspunkt i for utforminga av benkane. Det finnast noko dokumentasjon på skottbenkar i Sverige, men ikkje på langt nær så mykje som det vi har i Noreg. Ut frå biletet over kan det sjå ut som om det er henta inspirasjon frå skottbenkbukkane dei har hatt frå før i Mariestad og også henta inspirasjon frå ulike norske benkar?