Høvelmaking, forming av handtak og sluttføring

Som dei føregåande postane dei siste dagane så er denne også om framgangsmåten for å lage golvplog med utgangspunkt i eit sett med originale plogar frå fyste halvdel av 1800-talet. Høvelen er funksjonell men handtaka skal formast til og kantane på høvelen skal rundast som på den gamle høvelen. Klikk på bileta for å opne dei i visningsmodus og få fram teksten som høyrer med.

No gjenstår overflatebehandling av høvelstokken før denne er ferdig. Då er det berre å slipe høvelstålet og prøvekjøre høvelen. Som regel blir det litt småjustering av kile og slikt i samband med prøvekjøringa. Det er også sentralt at dei pløgde borda passar nøyaktig saman. Det blir også ein del av prøvekjøringa, å sjå om det må til justering på høvlane.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

3 thoughts on “Høvelmaking, forming av handtak og sluttføring

  1. Hei

    Flotte innlegg! Med mange informative bilete.
    For å svare på spørsmåla dine frå ein tidlegare post, så må vel ei oppskrift væra så detaljert. Mange bilete gjere at lesaren får studert arbeidet og emnet frå fleire sider, og lettare forstå prosessen. Nyttig for meg som nybegynner. Flott å få bileta med tekst på full skjerm.

    Likar

    1. Hei Sven
      Takk for kommentaren. Oppskrifta, eller instruksjonen, blir fort omfattande og detaljert. Det er likevel mogleg å kutte ned på bileta. Eg vel å vise korleis eg brukar verktøyet, og kva verktøy eg brukar for alle arbeidsoperasjonane, i alle fall nesten alle. Eg kunne velje å gå ut frå at lesaren kan snikre frå før og såleis kan bruke verktøyet. Då kunne eg sløyfa mange bilete og delar av forklaringa utan at det går for mykje ut over instruksjonen i høvelmaking.

      Når eg vel å vise arbeidet så detaljert så er det også for å få med korleis eg sjølv løyser oppgåva med å lage ein høvel ut frå spor på den originale høvelen eg har som modell. Det er også for å få med korleis eg kan gjere alt arbeidet på ein høvelbenk som er kopi av ein gamal original benk. Ein del av dette er kanskje på sida av det å lage ein enkel instruksjon i høvelmaking?

      Det er mogleg å stokke litt om på rekkefølgja på delar av arbeidet. For andre typar høvlar kan det vere ei anna rekkefølgje som er betre egna. For ein typisk profilhøvel med sideutkast er det som regel enklare å lage profilen i høvelstokken først og så slipe høveltanna for å passe med denne. Ein slik framgangsmåte valde eg å ikkje bruke på denne høvelen sidan tanna er samansett av to delar og såleis låst for justering sidevegs.

      Eg håper postane kan vere til hjelp for dei som vil lage seg høvel. Eg trur det skal gå an å kommentere, eller stille spørsmål, i kommentarfeltet under kvart bilete? Det ser i alle fall slik ut for meg. Enn så lenge er det ingen som har prøvd dette.

      Mvh Roald

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s