Category Archives: Snikring av skottbenk

Skildring av byggjeprosess, kjekke triks og praktiske løysingar

Nytt medlem rykker rett opp som VIP medlem i Norsk Skottbenk Union

Verktøysmeden Jon Dahlmo har lang fartstid med smiing av høvelstål til bruk på skottbenk. No har han også laga seg sin eige skottbenk, okshøvel, skottokse og golvplogar. Sjølvsagt har han smidd stål til høvlane sine sjølv. Foto: Roald Renmælmo
Verktøysmeden Jon Dahlmo har lang fartstid med smiing av høvelstål til bruk på skottbenk. No har han også laga seg sin eige skottbenk, okshøvel, skottokse og golvplogar. Sjølvsagt har han smidd stål til høvlane sine sjølv. Skottbenken er kopi av den eine skottbenken i samlinga til Helgeland museum. Foto: Roald Renmælmo

Jon Dahlmo driv Verktøysmia i Drevja i Vefsn kommune på Helgeland. Han har spesialisert seg på å smi og levere handverktøy til forskjellig slags trearbeid og har fartstid på meir enn 25 år i denne verksemda. Han har vore med på å fremje bruken av skottbenk sidan han smidde dei fyrste høvelståla til golvplogar til meg for 14 år sidan. Eg har skrive om arbeidet med å finne fram til verktøy og arbeidsmåtar for høvling av golvbord i artikkelen Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken. Han har også biddrege til fleire seminar i smiing av høvelstål og høvelmaking for smedar tidlegare. Han har såleis laga seg ein del høvlar av ulike slag tidlegare. I samband med kurs i bygging av skottbenk i Mosjøen i oktober var Jon ein sentral person i å leite fram gamle skottbenkar og høvler. Han var også med på kurset og fekk byrja på sin eige skottbenk. Denne er no ferdig og kunne brukast på seminar i verktøymaking i Trondheim i førre veke. Frå tidlegare har smedane Odd Inge Holmberget og Torgeir Henriksen på Nidarosdomens restaureringsarbeider laga sin eige skottbenk. Jon er derfor ikkje den fyrste smeden som har laga eigen skottbenk. Derimot har Jon gjort ein stor og viktig innsats for å utvikle og produsere høvelstål til golvplogar slik at fleire kan få laga seg slike høvlar. Det gjer at han blir vårt fyrste VIP medlem. 🙂

I bakgrunnen er min fyrste golvplog med stål frå Jon Dahlmo. Denne er kring 14 år gamal og har vore mykje brukt. I framkant ligg det nye stålet som Jon har smidd i haust. Det består av tre smale stål som vert lagt saman og klemt fast med settskruvar på sida av høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
I bakgrunnen er min fyrste golvplog med stål frå Jon Dahlmo. Denne er kring 14 år gamal og har vore mykje brukt. I framkant ligg det nye stålet som Jon har smidd i haust. Det består av tre smale stål som vert lagt saman og klemt fast med settskruvar på sida av høvelstokken. Desse ståla fungerer på tilsvarande måte som ståla som Mattias Helje har smidd til golvplogane som eg har skrive mykje om her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo

Jon har også gjort ein stor innsats for å leite fram gamle høvlar av ulike slag frå Drevjaområdet. Eg reknar med at det vil kome fram mykje spennande frå dette området i tida som kjem. Dei nye ståla Jon har smidd til golvplogar gjer det lettare å lage sine eigne golvplogar. På kurset i Trondheim 2-5. desember fekk både Peter Brennvik, Einar Strand og Ole Jørgen Schreiner laga seg sine eigne sett med golvplogar med utgangspunkt i ståla frå Jon Dahlmo.

Kravet for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union er å ha snikra sin eigen skottbenk og at dette vert publisert her på bloggen. Vi har også fått utvikla eit eige arbeidsforkle for bruk med skottbenken. For å få bruke dette krev vi at ein også må ha snikra sin eigen okshøvel  og sin eiga skottokse. Jon Dahlmo har innfridd alle desse krava og har i tillegg smidd sine eigne stål til høvlane og utvikla og laga seg golvplogar. Dette bør vel kvalifisere til eit enda meir eksklusivt arbeidsforkle med logoen til Norsk Skottbenk Union? Kom gjerne med innspel på dette.

Nytt medlem i Norsk Skottbenk Union

Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk.
Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk. Vi ynskjer han velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Foto: Ivar Jørstad

Ivar Jørstad har gått det nye fagskoletilbodet Innføring i bygningsvern på Røros. Som ei oppgåve har han både registrert og målt opp ein gamal skottbenk og bygd seg sin eige skottbenk. Han har leita etter gamle skottbenkar i Buskerud der han held til. Så langt har det ikkje dukka opp nokon. Skottbenken han har målt opp er frå Bredalslien i Tolga. Denne vurderte han som så tung og kraftig at ein kopi av denne ville bli lite mobil og såleis ikkje så veleigna som arbeidsbenk i si verksemd. Valet fall på «Jarlebenken» som er ein konstruksjon av Jarle Hugstmyr basert på skottbenken til Per Volden i Os. Jarle har kopla på ein ekstra benk på sida for å drive med ymse snikkararbeid. Dette blir ein kombinasjon av skottbenk og høvelbenk, to benkar i eitt. Ved å byggje ein slik benk fekk Ivar ein benk som løyser dei fleste behov for arbeidsbenk på byggjeplassar. Han har basert seg på oppgåva til Thor-Aage Heiberg, «Produksjon av ny skottbenk – Jarlebenken» som du finn i oversikta over litteratur om skottbenk. Skottbenken er utstyrt med skruvar slik som er vanleg på «Jarlebenken». Ivar laga sjølv skruvane med lånt verktøy.

Gjengeutstyret er fra et gammelt snekkerverksted i Lier, utlånt av Lier bygdetun. Foto: Ivar Jørstad
Gjengeutstyret er fra et gammelt snekkerverksted i Lier, utlånt av Lier bygdetun. Foto: Ivar Jørstad

Skottbenken til Ivar er den fyrste vi har registrert i Buskerud. Eg kjenner ikkje til kjelder som kan seie noko om bruk av skottbenk i dette fylket. Det er mogleg det vil dukke opp slike kjelder no når Ivar har bygd seg benk og får vist fram fordelane med den for andre handverkarar i fylket? Ivar vil bruke benken i si verksemd som tømrar og restaureringshandverkar. Han har også starta på ei fireårig utdanning i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern på HiST i Trondheim. Eg reknar med at vi får sjå meir frå han i åra framover.

Vi ynskjer Ivar velkommen inn i Norsk Skottbenk Union og set stor pris på dei fine bileta han har sendt oss saman med ein rapport over arbeidet. Vi vil seinare poste bilete av og detaljar om den fine skottbenken Ivar har målt opp på Bredalslien. Vi håper innsatsen til Ivar vil inspirere fleire til å sende inn bilete av sin sjølvlaga skottbenk, rettbenk eller strykebenk. Vi veit det er store mørketal, mange som ikkje har sendt inn den nødvendige dokumentasjonen for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.

Ny skottbenk på Sør-Helgeland

Som den fyste frå Nordland kan vi ynskje Eirik Nicolaisen velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Han har snikra seg både skottbenk og langbenk og sendt inn dokumentasjon på dette for publisering. Han er student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim og bur i Sømna kommune på Helgeland i Nordland. Enn så lenge har det ikkje vore registrert gamle skottbenkar på Helgeland, men vi har fått tips om at det er lokalisert to skottbenkar som vi kjem til å sjå nærare på etterkvart. Her kjem tekst og bilete frå Eirik Nicolaisen:

Etter inspirasjon frå den eminente bloggen til Norsk skottbenkunion har eg laga meg ein skottbenk og ein langbenk.

Skottbenken og langbenken som Eirik har laga. Foto: Eirik Nicolaisen
Skottbenken og langbenken som Eirik har laga. Foto: Eirik Nicolaisen

Eg har snakka med fire mogelege informantar på Sør-Helgeland, men, med unnatak av ein, kjenner ingen til skottbenk, korkje som uttrykk eller ting. Den eine, Kåre Lande frå Tosbotn, hugsar far hans snakka om ein skottbenk som vart nytta på ein tynnefabrikk til å høvle kantane på tynnestavane. Denne skottbenken var innretta slik at tynnestavane kunne bøyast når ein høvla. Dette var nok ein nokså spesialisert variant. Eg har eit par namn til på lista, men har ikkje kontakta dei enno.

Skottbenken eg har laga meg er eit ”gjennomsnitt” av skottbenkane i bloggen og basert på kilar for å klamre fast bordet. Eg har nytta materialar eg hadde liggjande, så det er ikkje nokon voldsom tankeverksemd bak dimensjonane, anna enn at det skal vere sterkt nok. Føtene er 4” x 4”, oppstandarane er 3” x 6” og langborda er 2” x 8” (48 x 196). Oppstandarane er tappa ned i føtene og skruva i hop med M16 gjengestang. Det faste langbordet er grada inn i oppstandaren. Denne skottbenken kan maksimalt ta to tom tjukke bord, men det greier seg til min bruk. Hovudmåla på skottbenken er 76 cm høgd (langbordhøgd), 396 cm lang og føtene til bukkane er 95 cm lange. Eg har tenkt å lage meg fleire langbord i ulike lengder etter trong. Det er heller ikkje sikkert at dette vert den siste skottbenken min !?

Eg har enno ikkje fått prøvd skottebenken, men skal høvle om lag 30 m2 golvbord av ukanta gran til eit eige prosjekt, når eg får tid. Eg må og lage meg skotthøvlar før den tid. Eg tenkte eg kunne nytte høvlar som eg monterar meier på.

Den ferdige skottbenken er klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen
Den ferdige skottbenken er klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen

Langbenken har eg og laga med tilgjengeleg material etter inspirasjon frå langbenken i Sirbma i Tana. Benkbordet er eit ukanta 2” furubord med breidd 24-26 cm, midtbordet er ein gamal oppgangssaga 2” x 8”. Bukkane er av 2” x 6” og 2,5” x 4” furu der oppstandarane er tappa ned i føtene. Bukkane er slissa inn i midtbordet og benkbordet og benkbordet er skruva fast. Høgda er 50 cm og lengda er 489 cm, bukkane skrevar 50 cm.

Langbenken er ferdig og klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen
Langbenken er ferdig og klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen

Plata på langbenken er skruvd fast med forsenka skruvar. Foto: Eirik Nicolaisen
Plata på langbenken er skruvd fast med forsenka skruvar. Foto: Eirik Nicolaisen

Vi takkar Eirik for tilsendt materiale og reknar med at vi vil høyre meir frå han etterkvart som han går vidare og får brukt dei nye benkane sine.

The international launch of the Skottbenk

This is a typical situation with a "skottbenk" used with at "skottokse" (the handplane) for shooting the edgde of a long board. Photo: Roald Renmælmo
This is a typical situation with a «skottbenk» used with at «skottokse» (the handplane) for shooting the edgde of a long board. Photo: Roald Renmælmo

When I started this blog I wanted to get some focus on a type of workbench that where almost forgotten in Norway. I wanted to engage other craftsmen in Norway to search for old workbenches and to make their own and start to use them. I did not believe that this would gain interest among woodworkers in other parts of the world. About a year ago Dennis Laney wrote a post about the skottbenk on his blog: If you don’t know your hyvelbenk from a skottbenk – you should. It is not easy to explain the use of the bench and to translate Norwegian terms to English. Dennis wrote a new entry on his blog to explain how this skottbenk works: Skottbenk equals sticking board – Big sticking board. He has also made a later post: Murphy’s law, spring joints and skottbenks.

I have made a small Youtube video to show how I use the skottbenk to make floor boards with tongue and groove. It has some Norwegian text to explain the details but you will get the idea. I have also made a post in Norwegian that explains how to use and maintain the skottbenk. I have also an earlier entry in English on the blog: Jointing bench or shooting bench as English translation of skottbenk?

Some weeks ago I got an e-mail from James Groover, an American that where interested in the skottbenk and wanted to make a 3D model of one in Google SketchUp to help people to make their own skottbenk. We have been working on this model for some time and had some problems with the conversion from metric to inches and even from the Norwegian «tomme», a slightly longer inch. After some e-mails to solve theese problems, James has come up with a 3D model of a skottbenk. That might be the first in history? The model are based on the skottbenk I use in the YouTube video, that again are based on an original from Kverndal in Målselv. James has made his 3D model available for you all from 3D warehouse. You can download the file and use Google SketchUp to wiev the model in 3D.

Screenshot of the 3D model of the Skottbenk made by James Groover.
Screenshot of the 3D model of the Skottbenk made by James Groover.

I do hope that this will help you to make your own skottbenk even if you cant read Norwegian. There should be possible to find similar workbenches as the skottbenk in other parts of the world. Leonardo da Vinci did make a drawing of a skottbenk and I have found several American patents on workbenches that works like a skottbenk. That would indicate that it should be possible to discover a skottbenk outside of Norway. Thank you Dennis and James to help me to introduce the skottbenk in your part of the world.

Adress to the 3D model made by James Groover:

https://3dwarehouse.sketchup.com/model.html?id=uf7a04255-b823-4139-879d-d69d8cdfd2ed

Skottbenk i Rørvik i Nord-Trøndelag

Einar Strand i Nord-Trøndelag fylkeskommune har i lang tid hatt planar om å snikre ein skottbenk for å bli med i Norsk Skottbenk Union. Når eg skulle kome for å demonstrere høvling fekk han fart på saken og fekk ferdig sin skottbenk i dag. Foto: Roald Renmælmo
Einar Strand i Nord-Trøndelag fylkeskommune har i lang tid hatt planar om å snikre ein skottbenk for å bli med i Norsk Skottbenk Union. Når eg skulle kome for å demonstrere høvling fekk han fart på saken og fekk ferdig sin skottbenk i dag. Foto: Roald Renmælmo

I samband med festivalen Vrimmel i Namdalen i Nord-Trøndelag har vi eit par dagar der vi demonstrerer handverk eit par ulike stader. I dag var vi på Leka Skole i Leka kommune og handsaga, rydde stokkar og høvla bord på skottbenk. Høvlinga på skottbenk var eit populært innslag for elevane som var ivrige på å sikre seg høvelspon av ulike typar. For å vere rusta til demonstrasjonen har Einar Strand i Rørvik arbeidd til langt på natt dei siste dagane for å få ferdig sin skottbenk og langbenk til bruk i demonstrasjonsarbeidet. Benkane er prøvd ut i dag og er såleis godkjente. Vi ønskar dermed Einar velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Skottbenken til Einar er ikkje ein nøyaktig kopi av ein original. Han har henta inspirasjon frå både skottbenken frå Kverndal i Målselv og ein skottbenk frå Nordmøre. Skottbenken vert stramma med kilar på tilsvarande måte som min kopi av skottbenken frå Kverndal. Skottbenken  er ein benk som kan seiast å vere i eit maritimt miljø slik som benken frå Troms som vi presenterte i førre post.

Her har vi rigga oss til på skoleplassen med sagstilling, ryarbukkar, langbenk og skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Her har vi rigga oss til på skoleplassen med sagstilling, ryarbukkar, langbenk og skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Elevane på skulen var veldig ivrige på å prøve skottbenken, truleg mest for å få laga seg ei høvelspon som dei fekk med seg? I alle fall var det mange som fekk sitt første møte med skottbenken i dag. Det kan vere bra for framtidig rekruttering til Norsk Skottbenk Union? Dessverre var eg for oppteken med høvlinga når elevane var med oss til at eg fekk tatt særleg med foto av dette. Arrangementet er ein del av Den kulturelle skolesekken, som er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar. Vi håpar fleire kommunar og fylkeskommunar ser sitt snitt til å få med skottbenken og andre sentrale handverkstradisjonar med i opplegget til Den kulturelle skolesekken. Skottbenken er i alle fall godt egna til slike formidlingsopplegg.

Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo

Ny skottbenk i Tana og Karasjok

Norsk Skottbenk Union har ikkje veldig mange aktive medlemmer, så langt er det berre 7  som har skrive innlegg på bloggen. Det kan skuldast at det verkar for komplisert å sette seg inn i korleis ein skal poste sjølv? Eg oppfordrar då til å sende inn bilete og stoff til ein av oss som er aktive som forfattarar på bloggen slik at vi kan poste. Det er viktig å få ut slikt stoff slik at andre kan få ta del i det. Bloggen er åpen for alle, både medlemmar og andre interesserte. For å lage ei meir formalisert ordning for opptak som medlem i Norsk Skottbenk Union vil vi krevje at det blir posta bilete av den aktuelle skottbenken som er grunnlaget for opptaket. Slik vil vi og slå eit slag for at fleire er med på å dele aktuelt stoff på bloggen.

Førstemann ut i denne samanhengen er restaureringshandverkaren Arne Graven i Karasjok. Han har sendt bilete av sin nybygde skottbenk som har utgangspunkt i skottbenken som vi tidlegare har skrive om frå Karasjok. Benken er snikra for å brukast til å høvle golvbord til eit nyrestaurert hus i Sirbma i Tana. På garden fann Arne ein langbenk for høvling av bord på flasken. Saman med skottbenken og nokre høvlar så har Arne det han treng til å høvle golvborda.

Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven
Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven

Vi vil med dette få ynskje Arne Graven velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og takke han for å ha sendt over bilete til oss slik at vi kan dele dei med dykk andre. Vi er glade for å sjå at skottbenken er snikra i tråd med den lokale tradisjonen i Indre Finnmark. På denne jobben i Tana er benken den nordlegaste registrerte i Noreg. Til vanleg held Arne og benken til i Karasjok og der har vi ein gamal benk registrert frå før. Vi set stor pris på at Sametinget legg til rette for at handverkarar som Arne Graven får bruke skottbenken og høvle golvbord på den måten som ein bør i slike restaureringsprosjekt. Det er slett ikkje så sjølvsagt som det burde vore. Vi ynskjer Arne lukke til med resten av prosjektet og kjem gjerne tilbake med bilete av golvborda og seinare ferdig golv.

Skottbenken i bruk, verkemåte og justering

I min førre post, Skottbenk i praksis med videofilm av golvbordhøvling kjem det fram av filmen korleis eg spenner fast golvborda i skottbenken og skyt dei rette medan eg pløyer. Dette er enkelt og greitt og alle borda blir rette og pløyinga blir i vinkel til den retthøvla flasken på borda. Det demonstrerer det geniale med skottbenken på ein god måte. Dette er vel og bra heilt til du sjølv skal til å lage skottbenk og høvle golvbord. Då dukkar det opp spørsmål om korleis ein får justert skottbenken slik at langborda vert rette og i vinkel. Det spørsmålet fekk eg frå ein av våre amerikanske lesarar, Dennis Laney, som har alvorlege planar om å bygge seg skottbenk for eige bruk og samstundes blogge om dette og arbeide for å spreie skottbenken i USA. Eg svarar på spørsmålet hans på norsk i første omgang, men vil seinare arbeide med tilsvarande informasjon på engelsk. Omsetjing av slikt er ikkje så lett når skottbenken og bruken av han ikkje er etablert i det engelske språket.

Dette billedgalleriet med forklaringar skulle vere ein grei start for å forstå systemet med skottbenken. Dette er slikt eg sjølv har kome fram til gjennom bruken av mine skottbenkar. Eg har lært å bruke skottbenk av Konrad Stenvold som hadde ein del erfaring med bruken av slike. Då eg høvla saman med han så var eg dessverre ikkje så god til å spørje om alle slike detaljar som det med retting av langbord. Kor nøye var dei med slikt tidlegare? Det er det ikkje lett å få svar på i dag.

Når eg høvlar på skottbenken så merkar eg om borda blir beine og i vinkel. Det er enkelt å skyte bein to bord og så legge dei ved sida av kvarandre for å sjå om dei fell fint i hop i heile lengda. Avvik på dette blir fort synleg. Å skyte beint eit bord og så bruke det som rettbord for å sjekke overkanten av langborda er også ein god metode for å sjekke både vinkel og rett line. I denne samanhengen er det veldig bra om langborda på skottbenken ikkje er vinde sidan dei då vil endre vinkel når ein spenner fast bordet mellom dei. I tillegg bør bordet ein høvlar og prøvar vinkelen med ikkje vere vindt. Om du har rette bord tilgjengeleg så bruk dei til dette.

Å finne gode emne til langbord på skottbenken kan krevje litt innsats. Til dei skottbenkane eg har laga, eller vore med å lage, har eg som regel leita gjennom 30 -50 stk 2″ x 8″ i ein stabel for å finne to gode emne. Om ein sagar sjølv så kan det vere ein fordel å leite ei fin furu og så sage plankane litt på overmål i bredde og tjukne for å ha litt å justere på. Det er som regel nok å ha 8″ toppmål på plankane og så det målet ein får i rota, gjerne  9″- 10″ bredde. Solvinne emne er eit dårleg utgangspunkt, vrir dei seg kraftig under tørk så er det bare å kassere dei som langbord. Pass også på å unngå emne med stor kvist eller tørrkvist.

Kilar til skottbenken

Den nyaste skottbenken min er laga med skottbenken frå Kverndal i Målselv som førebilete. Eg tolkar det slik at skottbenken frå Kverndal har hatt kilar for å spenne fast borda. Det er få spor etter kilane og sjølve kilane er heller ikkje bevart. Korleis desse har sett ut er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Det er få av skottbenkane med kilestramming som har bevart kilar. Det er med andre ord lite å gå ut frå for å finne ei løysing på problemet med kilar. Eg laga meg nokre lange kilar for å prøve ut skottbenken. Desse stramma godt og fungerte men var store og uhandterlege. Det var også vanskeleg å bruke dei med  berre ei hand. Som regel må ein halde bordet som skal spennast fast med eine handa og stramme kilen med den andre. Det har vore tungvindt å bruke skottbenken på grunn av dette. Når eg skulle til å høvle eit litt større kvantum med golvbord bestemte eg meg for å modifisere kilen på skottbenken før eg byrja på golvbordhøvlinga.

Systemet fungerer fint så langt. Det er passe kon på kilen til at han er lett å stramme og lett å få laus. Det er ikkje gjort nokon tilpasningar i resten av skottbenken så denne løysinga kan vere i tråd med spor på den originale skottbenken frå Kverndal. Eg har hatt skottbenk med skruvar frå starten sjølv. Med det som utgangspunkt har eg opplevd at skottbenkane med kilestramming  har fungert riktig bra. Eg har endra syn på den saken. Kilane og denne skottbenken verkar å vere både funksjonell og effektiv i bruk, kanskje mellom dei fremste i landet?

«Kokebok» om snikring av skottbenk

Thor-Aage Heiberg, ein av våre faste bidragsytarar, har som student i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim skrive ein rapport om snikring av skottbenk. Rapporten har tittelen, Produksjon av ny skottbenk «Jarlebenken» og kan lastast ned på frå lenke på sida på bloggen vår med oversikt over litteratur. Litteratur om skottbenk. Rapporten dokumenterer arbeidsprosessen og kan også fungere som instruksjon (kokebok) for dei som vil bygge sin eigen skottbenk. Prinsippa for snikring av dei ulike typane av skottbenk har nok såpass mykje til felles at rapporten til Thor-Aage kan nyttast om ein skal bygge andre typar enn «Jarlebenken». Dette er eit særleg godt tilbod til alle som drøymar om å byggje sin eigen skottbenk for å bli teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.

I rapporten er det ein detalj som kan drøftast. Thor-Aage har laga tappane gjennom fotplata som heile tappar som er kilt. Det er i ein god tradisjon. Det er gjort på denne måten på dei aller fleste gamle skottbenkane. Det har som regel også gått bra. På «Jarlebenken» er føtene bunde saman av ein spennbolt og mellomstykker så belastninga blir ikkje så stor. Då er løysinga solid nok.

På nokre skottbenkar, slik som dei frå Karasjok og Kverndal i Målselv, har det vore store skadar i fotplata. Om det skuldast måten tappen er laga på, eller unødig stor belastning, er ikkje sikkert? Det er mogleg å dele opp i to mindre tappar og kile noko meir forsiktig på langs av veden for å minske problemet. Spesielt viktig blir dette på skottbenkar som ikkje har spennjarn og mellomstykker som stivar av konstruksjonen. Då vert belastninga på tappen i foten ganske stor.

Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo
Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenk som arbeidsbenk for dør-snikring

Ellev Steinsli er student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST og fast lesar av bloggen vår. Han er dør- og vindussnekker på Snekkeriet i Verdal og held på med eit prosjekt der han skal kopiere ein del dører med bruk av handverktøy. Han har tidlegare vore med på nokre av kursa som HiST har hatt på Sverresborg i snikring av dører og vindauge. Der har vi hatt tilgang på skottbenkar til arbeidet og dette saman med postane på bloggen har inspirert han til å lage ein variant av skottbenken til dør-snikring.

Skottbenken til Ellev Steinsli. Den eine delen av benken er ein vanleg skottbenk med kilestramming og er egna til skyting av kantar på ramtre og pløyge for fyllingane. Den andre delen er ein lågare benk som passar for å legge sidestykka av ramtreet på for å tappe ut tapphola. Då er det godt å kunne sitje på emna. Foto: Ellev Steinsli
Skottbenken til Ellev Steinsli. Den eine delen av benken er ein vanleg skottbenk med kilestramming og er egna til skyting av kantar på ramtre og pløyge for fyllingane. Den andre delen er ein lågare benk som passar for å legge sidestykka av ramtreet på for å tappe ut tapphola. Då er det godt å kunne sitje på emna. Foto: Ellev Steinsli.

Skottbenken er også høveleg for å sage ut lange tappar på ramtreet. Benken er 75 cm høg på skottbenkdelen og 2,1 meter lang. Det passar bra for høvling av falsar og profiler på dørsnikring sidan ein då kan høvle det meste på kanten av emnet. Benken er i slekt med den tidlegare omtalte «Jarlebenken» som er ein kombinasjon av høvelbenk og skottbenk. Denne nye «Ellevbenken» blir då ein kombinasjon av skottbenk og langbenk. Langbenk har vi så langt ikkje skrive så mykje om, men han er med på biletet på posten frå julaften i fjor. Langbenken passar veldig godt til emne ein sit på eller set eine kneet på når ein arbeider. Typisk arbeid på slike er saging av kantar med stikksag, kanting med øks, flaskhøvling med okshøvel og hogging av tappar.

Kilestramminga på "Ellevbenken". Eg reknar med at det i praktisk arbeid er greiast å ha kilane på langs slik at dei ikkje stikk opp og kjem i vegen. Foto: Ellev Steinsli
Kilestramminga på «Ellevbenken». Foto: Ellev Steinsli

Etter inspeksjon av skottbenken på verkstaden har vi i Norsk Skottbenk Union beslutta at Ellev kvalifiserer for opptak. Han er med dette erklært som fullverdig medlem.