Som den fyste frå Nordland kan vi ynskje Eirik Nicolaisen velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Han har snikra seg både skottbenk og langbenk og sendt inn dokumentasjon på dette for publisering. Han er student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim og bur i Sømna kommune på Helgeland i Nordland. Enn så lenge har det ikkje vore registrert gamle skottbenkar på Helgeland, men vi har fått tips om at det er lokalisert to skottbenkar som vi kjem til å sjå nærare på etterkvart. Her kjem tekst og bilete frå Eirik Nicolaisen:
Etter inspirasjon frå den eminente bloggen til Norsk skottbenkunion har eg laga meg ein skottbenk og ein langbenk.

Eg har snakka med fire mogelege informantar på Sør-Helgeland, men, med unnatak av ein, kjenner ingen til skottbenk, korkje som uttrykk eller ting. Den eine, Kåre Lande frå Tosbotn, hugsar far hans snakka om ein skottbenk som vart nytta på ein tynnefabrikk til å høvle kantane på tynnestavane. Denne skottbenken var innretta slik at tynnestavane kunne bøyast når ein høvla. Dette var nok ein nokså spesialisert variant. Eg har eit par namn til på lista, men har ikkje kontakta dei enno.
Skottbenken eg har laga meg er eit ”gjennomsnitt” av skottbenkane i bloggen og basert på kilar for å klamre fast bordet. Eg har nytta materialar eg hadde liggjande, så det er ikkje nokon voldsom tankeverksemd bak dimensjonane, anna enn at det skal vere sterkt nok. Føtene er 4” x 4”, oppstandarane er 3” x 6” og langborda er 2” x 8” (48 x 196). Oppstandarane er tappa ned i føtene og skruva i hop med M16 gjengestang. Det faste langbordet er grada inn i oppstandaren. Denne skottbenken kan maksimalt ta to tom tjukke bord, men det greier seg til min bruk. Hovudmåla på skottbenken er 76 cm høgd (langbordhøgd), 396 cm lang og føtene til bukkane er 95 cm lange. Eg har tenkt å lage meg fleire langbord i ulike lengder etter trong. Det er heller ikkje sikkert at dette vert den siste skottbenken min !?
Eg har enno ikkje fått prøvd skottebenken, men skal høvle om lag 30 m2 golvbord av ukanta gran til eit eige prosjekt, når eg får tid. Eg må og lage meg skotthøvlar før den tid. Eg tenkte eg kunne nytte høvlar som eg monterar meier på.

Langbenken har eg og laga med tilgjengeleg material etter inspirasjon frå langbenken i Sirbma i Tana. Benkbordet er eit ukanta 2” furubord med breidd 24-26 cm, midtbordet er ein gamal oppgangssaga 2” x 8”. Bukkane er av 2” x 6” og 2,5” x 4” furu der oppstandarane er tappa ned i føtene. Bukkane er slissa inn i midtbordet og benkbordet og benkbordet er skruva fast. Høgda er 50 cm og lengda er 489 cm, bukkane skrevar 50 cm.
Vi takkar Eirik for tilsendt materiale og reknar med at vi vil høyre meir frå han etterkvart som han går vidare og får brukt dei nye benkane sine.