Nye oppdagingar i Norsk folkeminnesamling

Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive ein del om dei funna eg gjort om skottbenken i spørjelistene om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk folkeminnesamling. Eg rekna med at eg hadde gått gjennom alt av relevante svar i dette materialet i samband med min store gjennomgang og analyse. I førre veke var eg tilbake på Blindern saman med studentar i tradisjonelt bygghandverk, Terje Planke og smedstipendiat Øystein Myhre. Føremålet vårt var å gå gjennom andre spørjelister om smedhandverket, timbremannsyrket og husbygging. Også desse spørjelistene vart sendt ut på 1930-talet og inneheld mykje spennande materiale. Særleg for oss handverkarar er det veldig spennande å sjølv få lese gjennom kva våre forgjengarar har skrive og forklart om sitt handverk i for kring 80 år sidan. I gjennomgangen av dette materialet dukka det faktisk opp eit svar på spørjelista om snikkarhandverket mellom svara om timbremannsyrket. Det var svar frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Det har kome inn i 1946 og Olav skriv at han har samla inn stoffet i Bjølsetgrenda ved Jømna stasjon. Det tyder på at han skrive ned etter handverkarar som ikkje er namngjevne i svaret hans, men som han har vurdert som kunnskapsrike innan dette fagområdet.

Olav Furuset skriv dette som svar på spørsmålet om høvelbenken:

«Når dei arbeidte bord brukte dei plogbenk. Det var to stabber med eit skår i. I dette sette ein 2 plankar. Den eine feste dei i skårsida i stabben. Den andre var laus. Millom desse to plankane la dei bordet dei skulle arbeide. Så slo dei kilen mellom det lause bordet og sida på skåret i stabben. Fyrst teljet dei tå med øks det grøvste. Fyrst risse dei sjølvsagt op så dei hadde noko å halde seg ette. Etter teljinga skjøt dei tå resten med skjøtoksen. Skulde dei så laga pløyde bord brukte dei not og fjørplog. Etterpå strøk dei av kvasskantane med semshøvel. Nå dei så hadde laga staffen var dei ferdige med bordet.»

Det han nemner som plogbenk verkar å ha sett ut og verka noko tilsvarande som benken som eg har skrive om frå Lima i Sverige. Etter beskrivelsen var nok stabbane av noko liknande utforming. Beskrivelsen frå Jømna er nok den som geografisk ligg nærast Lima av alle spørjelistesvara i Norsk Folkeminnesamling. Det er ca 16 mil å kjøre mellom Lima og Jømna, men det har vore ein del kontakt og handel mellom folk i desse områda tidlegare. Det er derfor ikkje spesielt merkeleg at det er slektskap mellom skottbenkane (plogbenkane) i dette området. Artig er det også at Olav har med mange ord i forklaringa si om korleis benken vart brukt. Han får også med at dei brukte semshøvel til å stryke av kvasskantane. Dette er noko som eg har sett spor etter på gamle golvbord i Målselv og andre stader så det var artig å sjå at det også er beskrive i tekst.

Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, "telje tå det grøvste med øks". Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo
Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, «telje tå det grøvste med øks». Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo

 

 

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

3 tankar på “Nye oppdagingar i Norsk folkeminnesamling”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: